Innlegg i Finnmark Dagblad, 08.10.1997 og Klassekampen 10.10.1997
Av Svein Lund, lærar ved Samisk vidaregående skole og reindriftsskole, tidligare leiar for utval for samiske skolespørsmål i Lærarforbundet Finnmark.

Lærarforbundet motarbeider samisk skole

NRK meldte søndag at leiaren i Lærarforbundet krev at Det samiske lærarplanverket blir trukke tilbake. Med dette kravet har Lærarforbundet for alvor steget inn i rekka av krefter som motarbeider retten til samisk opplæring i Noreg. Innafor Lærarforbundet har det siste halvåret gått ein hard kamp om forbundet sitt syn på samiske skolespørsmål. I fjor vedtok landsstyret i Lærarforbundet eit program for samiske skolespørsmål som bl.a. går inn for samiske lærarplanar i grunnskole og videregående skole, og for at Sametinget skal ha det avgjørende ordet i utforminga av samisk opplæring.

Etter dette har sterke krefter i Lærarforbundet Finnmark og Lærarforbundet sentralt forsøkt å endre denne politikken. Dei har gått bort frå kravet om at dei samiske vidaregåande skolane skal leggas under Sametinget, slik bl.a. Opplæringslovutvalet gikk inn for. Dei har gitt ein uttalelse om Opplæringsloven som skamrosar eit forslag som vil beholde styringa over samisk opplæring i Utdanningsdepartementet i Oslo.

Underteikna har innafor Lærarforbundet kritisert denne utviklinga, og blei derfor avsett som leiar for Lærarforbundet Finnmark sitt utval for samisk skolespørsmål og bede om å trekke meg frå alle verv i forbundet. Eg har så langt holdt denne saka internt, men når no Lærarforbundet sin øverste leiar går offentlig ut mot dei samiske læreplanane har eg ikkje lenger samvit til å teie stille.

Dei samiske læreplanane i grunnskolen er eit stort framsteg for samiske skolar og samiske område, der skolar og lærarar i mange år har kjempa for retten til ein skole bygd på samisk språk og kultur. I staden for å støtte dette og kreve at det neste steget må bli samiske læreplanar også i vidaregåande skole, opplever vi no at fagorganisasjonen vår fell oss i ryggen og stiller seg som støttespelarar for antisamiske krefter som aksjonen «Nei til Sameland» og Fremskrittspartiet. Eg vil oppmode alle krefter i og utafor Lærarforbundet som ønsker ein endelig slutt på fornorskingspolitikken og rettferd og likestilling for det samiske folket til å stå vakt om dei samiske læreplanane og kjempe vidare for retten til ein samisk skole.


Til hovudsida.

sveilund@online.no