Svein Lund:
Derfor har eg etter å ha lese heile boka funne ut at dei bokmeldingane som har vore ikkje bør vere ei avslutning, men ein start på ein diskusjon. Derfor ber eg om spalteplass for å få fram andre sider ved boka, og for å kommentere nokre viktige sider ved boka som bokmeldingane har oversett eller avvist.
Boka er meldt i Utdanning nr. 10-2004 av Alfred Oftedal Telhaug. Han har irritert seg over nokre påstandar i boka. Eg for min del har irritert meg vel så mye over Telhaug sin arrogante måte å avvise dei på.
"Og så denne håpløse påstanden om at lærerne ikke er blitt hørt under reformarbeidet ...", skriv Telhaug. Kven vil etter denne drepande karakteristikken frå ein av Noregs fremste skolehistorikarar framleis kunne hevde dette? Eg hadde faktisk venta ein litt meir saklig argumentasjon enn at påstanden blir stempla som håplaus. Så hører eg vel til dei håplause, men mine røynsler som lærar og frå arbeid med skolespørsmål i andre samanhengar er at det er nettopp det som har skjedd, i heile perioden frå slutten av 1980-talet og fram til idag.
Dei utdanningsministrane i denne perioden som har gjort mest for å reformere skolen har og til felles at dei erklærte krig mot lærarane. Gudmund Hernes sørga i oppnemninga av alle viktige utval, komitear og læreplangrupper systematisk for å unngå eller minimalisere representasjonen til to grupper: valgte lærarrepresentantar og fagpedagogar. Høringsrunder blei ein rein formalitet. Eg var sjølv som lærar under Reform 94 med på å sende kritikk av fleire læreplanforslag. Trass i at mange andre skolar sendte liknande kritikk, er det ikkje spor av kritikken i dei vedtatte læreplanane. Seinare fikk eg høve til å delta i ei av evalueringane av Reform 94, der vi møtte lærarar med liknande røynsler. Lærarar som satt i læreplangrupper kjente seg overkjørte av departementet, som skulle presse alt inn i sitt eige mønster. Theo Koritzinsky dokumenterer godt i boka si om Reform 97 at det samme skjedde der og også med den generelle læreplanen.
Etter Hernes kom det riktignok nokre ministrar som var noko meir lydhøre for lærarane, men dei gjennomførte ingen reformer av betydning. Det gjorde først Kristin Clemet som starta sitt virke med å skjelle ut lærarane som udugelige. Det er derfor absolutt grunnlag for å slå fast at lærarane ikkje er hørt under reformarbeidet, og ingen grunn til å stemple det som ein håplaus påstand. For Telhaug er det visst bevis nok på lærarane sin innverknad at Clemet slår om seg med frasa "Skolen vet best", sjølv om praksis frå UFD er at UFD / Clemet / NHO veit best.
Forfattarane kjem frå den politiske venstresida, skriv Telhaug. No er eg ikkje sikker på at alle forfattarane sjølve vil definere seg slik, eg veit ikkje kor nokon av dei står politisk utover det dei skriv i artiklane. Det forfattarane synest å ha til felles er at dei meiner skolen i dag skal drivast ut frå andre verdiar enn dei som målast i pengar, at skolen skal vere for alle og at elevane skal lære samarbeid, hjelpsomheit og solidaritet. Dette var tidligare allment aksepterte prinsipp i norsk skole, i dag har det gått så langt at det å forsvare dette blir rekna som venstreradikalt, nesten ekstremistisk. Eg ser ikkje noko gale i å vere på venstresida, og reknar meg dit sjølv, men trur det er gale å sette eit allment venstrestempel på den opposisjonen som "Leve skolen" er uttrykk for. Denne er heller ein frustrasjon over at dagens skole ikkje gjør dei mogleg å undervise etter dei pedagogiske prinsippa som dei fleste er samde om og som vi lærer i lærarutdanninga.
Kva som er venstre og kva som er høgre i skolepolitikken er elles ikkje noko enkel sak i dag. Den trulig mest reaksjonære boka om norsk skole som er skreve dei siste ti åra; "Skolen som forsvann", var skreve av ein journalist i Klassekampen, der redaktøren etterpå forsvarte synet i denne boka på leiarplass. På andre sida trur eg den kritikken som kjem fram i "Leve skolen" har oppslutning frå folk langt inn i regjeringspartia.
Av 18 artiklar kan ein ha lyst til å trekke fram mange fleire enn det er plass til. Blant dei som eg har lært mest av er Jon Sæverud si analyse av korleis den marknadsliberalistiske politikken i dag grip inn i skolen og styrer skolereformene, eller som han spissformulerer det: "Clemets varehandeltenking gjør skolen til Tema 1000." Han viser det ideologiske grunnlaget for den systematiske nedbygginga av praktiske, estetiske og kulturelle fag, til fordel for realfag og språk. Det er nettopp slike motforestillingar som trengst i dei tid der dei fleste synest å svelge Clemet si satsing på matematikk og framandspråk.
Ein annan artikkel som virkelig er til å bli klok på er Sylvi Stenersen Hovdenak sin "Den mangfoldige enhetsskolen og elevenes stemmer", der ho viser at elevane sin kritikk av skolen og lærarane sin kritikk i svært stor grad er samanfallande. Med andre ord: Dei viktigaste aktørane i skolen er alle overkjørte av departementet, og tvungen til å gjennomføre ein skole som ingen av dei vil ha. Og som denne boka viser, er fagpedagogane her i stor grad på elevane si side.
Med den kunnskapen vi får gjennom denne boka, blir det enno klarare kor rett Egil Børre Johnsen har i det sitatet som blir referert i boka:
"En alminnelig begavet og alminnelig følsom lærer må før eller siden reagere med personlig schizofreni i en eller annen form. Hvis denne sykdommen får fortsatt å hente næring fra stormannsgale reformplaner og tusenvis av daglig feilstavede, hjelpeløst formulerte skriv fra sentrale og lokale skolemyndigheter, da finnes det snart bare en tenkelig rolle igjen som vi kan forsvare. Det er opprørerens."
Men når vi så snart går inn i den einaste rolla som kan forsvarast - har vi da med oss Alfred Oftedal Telhaug? Eg tviler på det.
"Leve skolen!" er eit ambisiøst prosjekt og eit viktig bidrag til å reise ein debatt både blant fagpedagogar, lærarar og andre. Likevel hadde det vore ein fordel om ein hadde klargjort avgrensingane med boka. Boka tar på seg å diskutere einskapsskolen / enhetsskolen, men klargjør ikkje kva ein meiner med dette. Etter at vidaregåande skole blei samla under eitt tak og særlig med den nye tenkinga om 13-årig grunnopplæring, må vidaregåande skole reknast som ein del av den norske einskapsskolen. Men her er ingen artiklar som behandlar vidaregåande opplæring spesielt. Boka er prega av å ha utspring i Høgskolen i Oslo, men utan at det er problematisert kva for forskings- og skolemiljø ein ser og ikkje ser frå Høgskolen i Oslo. Telhaug viser at det er overvekt av professorar og forskarar. Like viktig er kva for høgskole- og forskningsmiljø som ikkje blir sett. Yrkespedagogikk er ikkje nemnt med eit ord, og det yrkespedagogiske forskningsmiljøet ved Høgskolen i Akershus er ikkje med blant bidragsytarane. Dette er på eine sida snakk om den utdanninga som no utgjør over halvparten av vidaregåande opplæring, på andre sida ein pedagogikk som også kan ha mye å bidra med til resten av grunnopplæringa. Boka har to svært interessante artiklar om fleirkulturelle forhold, men ein har bare minimale tilvisingar til den fleirkulturelle opplæringa med lengst tradisjonar i landet, nemlig den samiske. Forskingsmiljøet ved Samisk høgskole ville sikkert kunna ha gitt eit verdfullt bidrag her.
Ut frå dette er det bare å vone at utgivarane eller andre vil ta på seg å lage eit framhald, som Leve skolen - bind 2 eller med ein annan tittel, der dei nemnde manglane blir retta opp og der ein og får plass til meir direkte å gi uttrykk for røystene til elevane, foreldra og heilt vanlige lærarar utan posisjonar eller hovudfag i pedagogikk.
Til startsida