Kronikk i Klassekampen 18.06.2004.

Svein Lund:

Leve skolen! - Ei bok for forståing og handling!

Nokre sjeldne gonger kjem det bøker som er så viktige at dei bør lesast fleire gongar, meldast fleire gongar, diskuterast både lenge og vel og ikkje minst brukast som ei inspirasjon til handling. Ei slik bok er artikkelsamlinga "Leve skolen!", redigert av Per Østerud og Jan Johnsen. Denne boka, eller i alle fall delar av ho, er eit av dei beste utgangspunkta ein kan ha for ein diskusjon om kva for alternativ som ein kan stille opp mot den skolen som Kristin Clemet & Co er i ferd med å skape - ein skole der dei einaste verdiane er dei som kan målast i kroner, for ikkje å seie euro og dollar. Derfor har eg etter å ha lese boka funne ut at dei bokmeldingane som har vore ikkje bør vere ei avslutning, men ein start på ein diskusjon. Derfor ber eg om spalteplass for å få fram andre sider ved boka, og for å kommentere nokre saker som bokmeldingane har oversett eller avvist.

Boka er omtalt i Klassekampen 3. mars, ein omtale som bar tydelig preg av at journalisten ikkje hadde lese boka og knapt kunne ha opna ho. Så rykka da også redaktørane av boka veka etter ut med ei korrigering av dei verste misforståingane.

Omtalen fikk meg til å skaffe meg boka, men det tok si tid å få lest heile. Deretter kom eg over også Alfred Oftedal Telhaug si bokmelding i magasinet Utdanning, og min konklusjon er at denne boka er alt for god til å bli omtalt så negativt som i Utdanning og så overflatisk som i Klassekampen.

Med tittelen "Leve skolen!" leverer forfattarane eit forsvar for dei positive sidene i dagens skole, alt det gode arbeidet som dei som har sitt daglige arbeid i skolen gjør, trass i problem med manglande pengar og utstyr, dårlige skolebygg og stadig nye reformer. Dei viser kva for positive verdiar som trass alt har fotfeste i den norske skolen og forsvarer einskapsskolen mot privatisering og konkurranseutsetting og mot kritikken frå dei som vil gjenreise den gamle puggeskolen. Dei viser at det i dag ikkje er progressive pedagogar, men i første rekke marknadsliberalistane som er opptatt av å svartmale alt i den norske skolen. Denne svartmalinga er eit middel for å opne for nettopp regjeringa sine framstøt: Friskolelova og Stortingsmeldinga om skolen med nasjonale prøver og einsidig vekt på styrking av teoretiske kjernefag.

Av 18 artiklar kan ein ha lyst til å trekke fram mange fleire enn det er plass til. Blant dei som eg har lært mest av er Jon Sæverud si analyse av korleis den marknadsliberalistiske politikken i dag grip inn i skolen og styrer skolereformene, eller som han spissformulerer det: "Clemets varehandeltenking gjør skolen til Tema 1000." Han viser det ideologiske grunnlaget for den systematiske nedbygginga av praktiske, estetiske og kulturelle fag, til fordel for realfag og språk. Slike motforestillingar kan vi trenge i dei tid der dei fleste synest å svelge satsinga på matematikk og framandspråk.

Ein annan artikkel som virkelig er til å bli klok på er Sylvi Stenersen Hovdenak sin "Den mangfoldige enhetsskolen og elevenes stemmer", der ho viser at elevane og lærarane sin kritikk av skolen i svært stor grad er samanfallande. Med andre ord: Dei viktigaste aktørane i skolen er alle overkjørte av departementet, og tvunge til å gjennomføre ein skole som ingen av dei vil ha. Og som denne boka viser, er fagpedagogane her i stor grad på elevane si side.

Med den kunnskapen vi får gjennom denne boka, blir det enno klarare kor rett Egil Børre Johnsen har i det sitatet som blir referert i boka: "En alminnelig begavet og alminnelig følsom lærer må før eller siden reagere med personlig schizofreni i en eller annen form. Hvis denne sykdommen får fortsette å hente næring fra stormannsgale reformplaner og tusenvis av daglig feilstavede, hjelpeløst formulerte skriv fra sentrale og lokale skolemyndigheter, da finnes det snart bare en tenkelig rolle igjen som vi kan forsvare. Det er opprørerens."

"Leve skolen!" er eit ambisiøst prosjekt og eit viktig bidrag til å reise ein debatt både blant fagpedagogar, lærarar og andre. Likevel hadde det vore ein fordel om ein hadde klargjort avgrensingane med boka. Boka tar på seg å diskutere einskapsskolen / enhetsskolen, men klargjør ikkje kva denne omfattar. Vidaregåande skole må i dag reknast som ein del av den norske einskapsskolen, men her er ingen artiklar som behandlar vidaregåande opplæring spesielt.

Boka er prega av å ha utspring i Høgskolen i Oslo, men utan at det er problematisert kva for forskings- og skolemiljø ein ser og ikkje ser derifrå. Telhaug viser at det er overvekt av professorar og forskarar. Like viktig er kva for høgskole- og forskningsmiljø som ikkje blir sett. Yrkespedagogikk er ikkje nemnd med eit ord, og det yrkespedagogiske forskingsmiljøet ved Høgskolen i Akershus er ikkje med blant bidragsytarane. Yrkespedagogikk er på eine sida pedagogikk for over halvparten av vidaregåande opplæring, på andre sida kan denne og ha mye å bidra med til resten av grunnopplæringa.

Boka har to svært interessante artiklar om fleirkulturelle forhold, men ein har bare minimale tilvisingar til den fleirkulturelle opplæringa med lengst tradisjonar i landet, nemlig den samiske. Forskingsmiljøet ved Samisk høgskole ville sikkert kunna ha gitt eit verdfullt bidrag her.

Ut frå dette er det bare å vone at utgivarane eller andre vil ta på seg å lage eit framhald, som "Leve skolen - bind 2" eller med ein annan tittel, der dei nemnde manglane blir retta opp og der ein og får plass til meir direkte å gi uttrykk for røystene til elevane, foreldra og heilt vanlige lærarar utan posisjonar eller hovudfag i pedagogikk.

I mellomtida - alle de som bryr dykk om korleis den norske skolen utviklar seg - les boka og reis kampen mot regjeringa si nedriving av alt som er verdt å forsvare i skolen!


Til startsida

sveilund@online.no