Svein Lund

Lesevanskar og morsmål

Innlegg sendt Klassekampen 10.09.2002, ikkje prenta

Skoleetaten i Oslo har offentliggjort kor stor del av andreklassingane som har problem med å lese norsk. Klassekampen har den siste veka retta søkelyset mot dette og peika på at lesevanskane er tilnærma proporsjonale med andelen av elevar med andre morsmål enn norsk. Kvifor lærer ikkje ungane med norsk som andrespråk å lese? Blant ekspertar på språkopplæring i fleirspråklige miljø er det brei semje om at ungar lærer best når dei får den første leseopplæringa på morsmålet. For 10-15 år sidan var dette og i prinsippet anerkjent av norske skolestyresmakter. I mønsterplanen for grunnskolen av 1987 var aktiv tospråkligheit eit mål for opplæringa av barn frå innvandrarmiljø. Politikken var at så sant moglig skulle alle elevar få morsmålsopplæring. Denne politikken blei konsekvent motarbeida av skolestyresmakter og politikarar i Oslo kommune. Resultatet var at det ikkje blei gitt morsmålsopplæring der vi finn dei største konsentrasjonane av framandspråklige. Når Oslo kommune ikkje ville ha morsmålsundervisning, var det eit reint politisk vedtak, utan faglig grunnlag. Innvandrarar skulle assimilerast gjennom å måtte gi avkall på eige språk og kultur. I 1995 kom det ei offentlig utgreiing om opplæring for språklige minoritetar. Denne konkluderte med at retten til morsmålsopplæring burde lovfestast. Dessverre blei denne utgreiinga aldri følgt opp. Dei politiske trendene svinga no så sterkt i innvandrarfientlig retning at politikken til Oslo kommune fikk gjennomslag på landsplan. I grunnskolereforma av 1997 blei målet om tospråkligheit forlatt. No blei ikkje lenger framandspråklige elevar sitt morsmål sett på som ein verdi. Morsmålsundervisning skulle bare brukast i nødsfall, inntil elevane kunne forstå norsk.

Det er tragisk å sjå kor lite vi har lært av historia. For hundre år sidan gjorde norske styresmakter den same feilen overfor den samiske og kvenske befolkninga. I språkinstruksen av 1898 heiter det at undervisningen foregår i det norske språk og at samisk og kvænsk bare må brukast når det er "uomgjængelig fornødent." Resultatet av denne politikken var at mange samiske og kvenske elevar gikk ut av folkeskolen med minimale kunnskapar. På 1960-talet, da all undervisning av samar framleis gikk føre seg på norsk, blei det gjort undersøkingar i samiskspråklige område som synte at karakter- og skolekunnskapsnivået der låg langt tilbake for landsgjennomsnittet. Denne forskinga bidro til innføring av samisk begynnaropplæring og seinare samisk som hovudspråk i heile grunnskolen. Resultatet av omlegginga er at samisk ungdom i dag har eit langt betre grunnlag for å møte det norske storsamfunnet, dei er både tryggare i eige språk og kultur og beherskar norsk språk slik at dei kan delta i det norske storsamfunnet. Desse lærdomane burde no vere allment kjent, men styresmaktene, både i Oslo og på landsplan, har nekta å lære av historiske røynsler og nekta å høre på faglige råd. Undersøkinga til skoleetaten i Oslo syner at politikken med einspråklig undervisning i / på norsk har spela fallitt. Det bør ikkje vere noko overrasking at elevar som kan lite norsk når dei er 5-6 år ikkje les godt norsk når dei er 7-8. Så lenge skolen sin einaste målestokk og målsetting er leseferdigheit på norsk, må desse elevane komme dårlig ut. Hadde dei derimot fått si første undervisning i og på morsmålet, ville ein langt større del av dei kunne lese i slutten av andre klasse. Så kunne ein målt alle elevar si evne til å lese sitt eige morsmål. Når vi samanliknar elevar med forskjellig språkbakgrunn, er det først etter ein del år i skolen at det gir noko meining å samanlikne norskferdigheitene. Og da vil trulig elevar som først har fått morsmålsundervisning komme sterkare ut enn dei som ikkje har fått det, også på norsk.
Dei viktigaste konklusjonane ein kan trekke av leseundersøkinga i Oslo er derfor:
1. Innfør rett til morsmålsundervisning i grunnskolen.
2. Vurder deretter elevane ut frå deira eige grunnlag, ikkje bare ut frå "Norsk Standard".

______________________________________________________________

Fleire artiklar om skolespørsmål
Til startsida

sveilund@online.no