Historia om denne læreboka fortel svært mye om norsk historie, både samepolitisk og også i andre samanhengar. Like før forfattaren døydde, blei det laga ein film med intervju med henne og film frå miljøet der boka oppsto. Og etter at forfattaren var død kom det fram noe svært interessant og avslørande som hadde vore holdt hemmelig i omlag 50 år. Dette blei gjort kjent i ein artikkel i den samiske avisa Min Áigi. Men historia har aldri vore gjort kjent på norsk, og eg vil her gi eit kort utdrag.
Eg siterer frå mi eiga omsetjing av artikkelen:
"Allereie før krigen hadde Margarethe Wiig byrja arbeidet med samisk ABC, mens ho budde i Karasjok. Og dei norske styresmaktene godtok det innleiande arbeidet. Under krigen blei kontakten med styresmaktene brote, men det blei tatt opp igjen etter krigen. Da var både tekst og teikningar så å seie prenteferdige. Men det gikk nesten fem år før boka blei prenta, og det skjedde ikkje utan konfliktar.
Eit par år før Margarethe Wiig døydde, besøkte historieprofessor Einar Niemi henne i Tromsø og spurte blant anna om kartet som var prenta i boka. Budde det ikkje samar i Finland, undra han, ettersom bare det norske og svenske flagget var prenta i boka. Da innrømte Margarethe Wiig følgjande: Ho hadde etter eiga oppfatning avslutta arbeidet, gjort ferdig teksten, teikningane og karta, og venta på den prenta boka. Men da ringte telefonen frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet at ho måtte komme på eit møte i Oslo før boka kunne bli prenta.
Ho forklarte funksjonæren at ho hadde avslutta arbeidet og hadde trudd at departementet hadde godtatt alt. Ho hadde derfor ikkje noko å endre eller legge til. Det var ikkje naudsynt å reise frå Tromsø og heilt til Oslo, som var fire dagars reise kvar veg. Var det virkelig naudsynt å kaste bort pengar på ei slik unyttig reise? Men departementsfunksjonæren sa rett ut at han ikkje ville forklare saka i telefonen. Dersom ho ikkje kom til Oslo ville departementet stanse prentinga. Da visste ho ikkje anna å gjøre enn å dra slik at boka skulle komme ut.
Til møtet var det kome ein morsk funksjonær frå Kyrkje og undervisningsdepartementet og også ein frå Forsvarsdepartementet. Og einaste emnet var kartet som ho hadde laga over dei nordiske landa.
På kartet hadde ho teikna kjørerein som dekka delar av Noreg, Sverige og Finland, og i tillegg teikna flagga til dei tre landa. Kartet skulle illustrere at samane budde i alle fall i desse tre landa. Av merkelige årsaker, som ho dengang ikkje forsto, ville styresmaktene fjerne kjørereinen som dekka Nord-Finland og som nådde til Rovaniemi med nesa.
Og kva kunne ho gjøre anna enn å godta det, sjølv om det var med tungt hjerte. Først seinare, da ho hadde lest boka "Den finske fare", forsto ho kva som var bakgrunnen og årsaka til det som da skjedde.
Rett etter krigen rådde den såkalla "kalde krigen" og Noreg ville ikkje ha så fast samarbeid med Finland, som måtte ta omsyn til russiske interesser på grunn av den lange felles riksgrensa."
Dette er eit av mange eksempel på korleis norske styresmakter har lagt hindringar i vegen for utviklinga av samiske lærebøker. Ei anna historie om den samme boka er at forfattaren ville ha boka bare på samisk, departementet ville først ha henne bare på norsk, og tilslutt blei det tospråklig som eit kompromiss. Fram til og med den omtalte sida kjem samisk tekst først, deretter kjem norsk tekst først. Det fortel om ei linje som var rådande fram til 1980-talet: I den grad det var tillatt å bruke samisk i skolen, var det først og fremst som eit hjelpemiddel til å lære norsk, ikkje som eit mål i seg sjølv.
Lærebokhistoria er jo ein sentral del av skolehistoria, også av den samiske skolehistoria. Men i arbeidet med Samisk skolehistorie er dette eit av dei områda der vi har kome kortast. Vi har faktisk kome så kort at vi veit ikkje heilt korleis vi skal legge det opp, særlig fordi jo meir vi jobbar med saka jo større og mindre oversiktlig blir ho og jo klarare ser vi kor mye vi ikkje veit.
Så da eg såg at det var starta noko som heitte "Norsk lærebokhistorie" så fann eg ut at det kunne sikkert vere noko å lære der. Blant anna tenker eg at ein nærare kontakt mellom Norsk lærebokhistorie og Samisk skolehistorie kan bidra til å avklare for begge partar kva som er likskap og kva som er forskjell på norsk og samisk lærebokhistorie. Og kanskje vi kan utvikle ein eller annan form for samarbeid om å få fram den samiske lærebokhistoria.
I det bibliografiske arbeidet? På internett er ei oversikt over ABC-bøker, denne inneheld verken bøker på samisk eller kvensk eller bøker spesielt innretta på at samar og kvenar skal lære norsk. Derimot inneheld oversikten over bøker om lærebokhistorie 6 titlar som behandlar samiske forhold, anten bøker på samisk eller samisk innhald i bøker på andre språk. Men denne oversikten inneheld også bøker på og om fleire utanlandske språk, slik at dette ikkje kan takast til inntekt for at det samiske er integrert i det norske. Ut frå dette, og inntil det motsette er bevist, er ideen om å integrere det samiske i Norsk lærebokhistorie så langt bare eit fromt ønske.
1.Norsk-språklig
Da handlar Norsk lærebokhistorie om lærebøker på norsk, evt i norsk med eit anna språk som hjelpespråk, uansett etnisiteten og språkbakgrunnen til dei som brukar desse bøkene.
2.Norsk-etnisk
Da handlar Norsk lærebokhistorie om lærebøker for den norsk-etniske befolkninga, men ikkje for andre etniske grupper i Noreg og ikkje for utlendingar som lærer seg norsk.
3.Norsk-statlig
Da handlar Norsk lærebokhistorie om lærebøker som er laga og blir brukt innafor staten Noreg, uansett kva etniske grupper som har brukt desse og uansett kva språk dei har vore skreve på.
Eg har ikkje noko svar på kva for definisjon som er den rette her. Det er fullt legalt å bruke kva som helst av desse definisjonane, men det vil vere ein stor fordel om ein klargjør kva definisjon ein bygger på. Dette vil vere heilt avgjørande for i kva grad lærebøker for samiske elever, både bøker i eller på samisk og lærebøker i norsk for samar, vil vere ein del av dette prosjektet.
Eg ser ikkje at ein eksplisitt har avklart det, men ut frå det nemnde svaret oppfattar eg det som ein meiner alternativ 3: Historia om lærebøker utgitt og brukt i staten Noreg.
Da vil Norsk lærebokhistorie også omfatte lærebøker som er laga spesielt for samiske elevar, anten som lærebøker i eller på samisk eller som middel til å lære samiske elevar norsk. Det er likevel ikkje sjølvsagt at alt dette er inkludert i Norsk lærebokhistorie. Ordet "samisk" kan nemlig ha minst like mange forskjellige tydingar som ordet "norsk", og kva tyding ein vel definerer og omfanget av samisk lærebokhistorie.
1.Samisk-språklig - Noreg
Da blir Samisk læremiddelhistorie historia om læremiddel i samiskfaget og på samisk i andre fag. I norsk samanheng vil det gjelde nord-, lule- og sørsamisk.
2.Samisk-etnisk/geografisk - Noreg
Da blir Samisk læremiddelhistorie historia om læremiddel for samar, eller for samiske område / etter samiske læreplanar, uavhengig av kva språk dei er skreve på. Det vil og omfatte lærebøker i norsk for samar, og lærebøker på norsk etter samisk læreplan.
3.Samisk-tema
Ei analyse av samiske tema i lærebøker vil omfatte innholdet i lærebøker både for samiske og ikkje-samiske elever, i kva grad og på kva måte er samane og samiske forhold behandla i bøkene.
Men kanskje det viktigaste er at samisk område og det samiske folket er delt på fire land. I alle desse landa er det i større eller mindre grad gitt ut samiske lærebøker. Men bare det som er gitt ut i Noreg kan i ei viss forstand reknast til Norsk lærebokhistorie. Ser vi det derimot frå Samisk lærebokhistorie, må vi spørre om det er denne delen vi skal skrive eller ei allsamisk læremiddelhistorie, som da omfattar læreboksituasjonen for samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. (Eg vil her vise til bl.a. at katalogar over samiske læremiddel ofte omfattar i alle fall tre av desse landa.)
Likevel har grensene for kva ei lærebok aldri vore heilt klare, og meir og meir uklare har dei blitt, med opphevinga av godkjenningsordninga, med større bruk av emnehefte, med lokale læremiddel, med lære"bøker" på internett, CD osv. Er f.eks. ei ordbok ei lærebok? I gamle dagar var Bibelen, Luthers katekisme og Salmeboka sentrale bøker i skolen, sjølv om ingen av dei var skrivne for å vere lærebøker. Oversikten over undervisningsplansjer viser at Norsk lærebokhistorie går utover det snevraste lærebokomgrepet, men eg saknar ein definisjon av kva som skal med og kva som ikkje skal med.
Men om vi no koplar "lærebok" med "historie"? Kva handlar denne om? Det mest opplagte er det faglige og pedagogiske innhaldet i bøkene. Men det er mye meir. Kva med produksjonen av lærebøkene (forfattarar og kunstnarar, deira bakgrunn og vilkår, om godkjenning og sensur, om forlag, prenting osv.) Eller handlar det og om bruken av lærebøkene? I kva grad dei blei innkjøpt og kven som betalte. Om den pedagogiske bruken, som bruk av teoretiske og praktiske arbeidsoppgåver, slavisk eller kritisk bruk, kopling mellom lærebøkene og undersøkingar og praksis i lokalsamfunnet, osv.
Fra 1967 har samisk vore offisielt fag i norsk skole. I løpet av 1980-talet blei det og offisiell politikk at samiskspråklige grunnskoleelevar skulle få undervisning i alle fag på samisk. Det er oppretta to samiske vidaregåande skolar og ein samisk høgskole som alle i prinsippet skal gi undervisning på samisk. For flesteparten av elevane og lærarane som har vore i desse skolane, er lærebokhistoria skilt seg kraftig ut frå det norskspråklige elevar er vant med. Nokre av dei har vore så heldige å ha fullverdige samiskspråklige lærebøker i alle fall i nokre fag. Men ein stor del av denne historia er historia om heimelaga undervisningsopplegg i form av stensilar, kopiar og stifta "lefser" til erstatning for lærebøker. Og ikkje minst; mange har måtta ta til takke med lærebøker på eit anna språk enn det språket den munnlige undervisninga gikk på eller i prinsippet skulle gå på.
- Oversikt over norsk, nordisk og internasjonal forsking på lærebokhistorie
Det er gjort ei svært avgrensa forsking på samisk lærebokhistorie. Det meste av dette er allereie tatt med i lista til Norsk lærebokhistorie. For norsk side kan eg ikkje sjå at det er laga noka samla oversikt sidan 1955, med magistergradsoppgåva Skolebøker for samebarn i Norge fra Thomas von Westen til idag. Det er laga forteikningar over aktuelle læremiddel, først ei som er utgitt i Sverige, men og omfattar læremiddel utgitt i Noreg og Finland. Seinare har dei ansvarlige organa for samisk opplæring i Sverige, Noreg og Finland gitt ut felles læremiddelkatalogar i 1998 og 2001. Dette er reine katalogar utan noko analyse av verken læremidla eller læremiddelstoda.
I nokre få tilfelle er det gjort innhaldsanalyser av bestemte læremiddel, men da i første rekke av omtalen av samar i norske / svenske lærebøker. Eg har ikkje funne noko innhaldsanalyse av samiske læremiddel.
- Oversikt over hva som er kommet ut av lærebøker i ulike fag
I samband med Samisk skolehistorie har vi begynt å lage liste over kva slags læremiddel som har blitt laga til forskjellige tider, i forskjellige fag, for forskjellige klassetrinn og på forskjellige språkformer og legge dette inn i ein tabell. Dette er lettare sagt enn gjort, fordi ein først må forsøke å finne nokolunde eintydige kategoriar. Så må kvar bok plasserast i fag og klassetrinn. Men ofte er det alt anna enn enkelt. Den lille marknaden gjør at ein ofte har forsøkt å skrive samiske lærebøker slik at dei har kunna dekke eit breiare utval av klassetrinn, linjer og fag enn det som har vore vanlig i norsk skole. Og svært ofte er det ikkje oppgitt verken i bøkene eller i læremiddelkatalogar akkurat kva fag og klasse ei bok er berekna på. I enno større grad enn for norske bøker er det vanskelig å skilje mellom lærebøker og andre bøker, fordi ein i stor grad har vore nøydd å nytte bøker skrive for andre enn elevar, f.eks. i samiskfaget. Eg kjem derfor stadig i tvil om kva som skal vere med.
(Den førebels lista ligg på http://skuvla.info/ssh-middel4.doc.)
- Digitalisering av eldre lærebøker i samarbeid med Nasjonalbiblioteket
Ein utmerka ide, men har nokon tenkt på samiske lærebøker her? Det ville vere eit svært viktig grunnlag for å få igang forsking på dette området, fordi slike bøker er omtrent umogleg å få tak i.
Ein del av dei lærebokanalysene som er aktuelle for norsk lærebokhistorie er også aktuelle for samisk lærebokhistorie, sjølv om talet på bøker å analysere oftast er langt mindre.
I tillegg kjem ein del område som er særeigne for samiske bøker eller viktigare der. Eg kan nemne slik som om bøkene gir eit all-samisk perspektiv eller om dei er prega av forfattarane sin ståstad, som oftast har vore i Indre Finnmark.
Ei analyse av samiske læremiddel må ta utgangspunkt at desse er laga i heilt forskjellige epokar;
da målet var å bruke samisk språk som middel til misjon
da målet var fornorsking
da samisk blei anerkjent som pedagogisk grep for norsklæring
da samisk språk blei både middel og mål for opplæringa
Samisk lærebokproduksjon har og skilt seg mye ut frå tilsvarande norsk både i kven som har vore forfattarar, korleis bøkene er finansiert og korleis avgjerda har blitt tatt om kva for bøker som skal prioriterast for utgiving. Her kunne vore interessant med ei samanlikning norsk/samisk.
No meiner prosjektleiinga at samiske lærebøker og er ein del av prosjektet. Men eg undrar framleis på korleis dei har tenkt å gjennomføre det. Prosjektet varar i perioden 2006-09. Vi er no på hausten 2008, og det samiske synest minimalt både i det som så langt er produsert og i det som er planlagt. Eg vil understreke at verken eg eller nokon av dei andre i redaksjonen for Samisk skolehistorie har gjennomført noka forsking på samisk lærebokhistorie så langt. Dette arbeidet startar nesten på botn. Det er eit stort område, det krev god planlegging, kvalifiserte forskarar og ikkje minst pengar.
Innafor dei noverande rammene til Norsk lærebokhistorie har eg sterk tvil om det er mogleg å gjennomføre dette. Det som kan vere mogleg er å få oppsummert forskingssituasjonen og antyde ein del aktuelle problemstillingar, samt planlegge eit større forskingsprosjekt på samisk lærebokhistorie i samarbeid med aktuelle miljø og institusjonar.
I samband med samisk læremiddelutvikling er det to institusjonar som står sentralt. Den eine er tidligare Samisk utdanningsråd (1976-2000), no Sametingets opplæringsavdeling. Den andre er Samisk høgskole (1989-), som frå 2001 har hatt læremiddelpedagogikk som fag. Det er gjort noko for å oppsummere læremiddelarbeidet, bl.a. har Sametinget fått utført ei evaluering av tilskotsordninga for læremiddelproduksjon, og Samisk høgskole har gjort ei undersøking blant tidligare studentar i læremiddelpedagogikk. Det er likevel mye som gjenstår når det gjeld å oppsummere den rollen desse institusjonane har spela i læremiddelutviklinga. Den viktigaste kompetansen på området finn vi innafor desse to institusjonane og for å kunne gjennomføre ei verkelig samisk lærebokhistorieforsking bør dei begge vere med i planlegging og styring. Eg har oppsøkt dei begge i førre veka og fortalt at eg skulle hit og lova dei ein rapport i ettertid.
Redaksjonskomiteen for Samisk skolehistorie har som sagt satt seg som mål å gjøre noko med dette, men det kan vi ikkje gjøre aleine. Vi har ingen formelle bindingar til nokon forskingsinstitusjon, alt vi har er samband med eit forlag, og ingen verken i komiteen eller forlaget har den formelle forskingskompetansen som krevjast for å få ut pengar av Norges Forskningsråd. Vi kan derfor ikkje eingong sende søknader om forskingsmiddel på eiga hand. Og forsøka våre på å få engasjert forskings- og utdanningsinstitusjonar i samiske område i samisk skolehistorieforsking har i beste fall ført til generell velvilje, men så langt ikkje til at nokon har tatt konkret ansvar.
Der står vi i dag. Vi ser behovet, vi har idear, men vi treng folk, vi treng pengar og vi treng faglig leiing og samarbeidspartnarar. Og vi tar med glede mot alle tips som kan hjelpe oss å komme vidare.