Innlegg i Finnmark Dagblad 07.07.2009.

Late studentar ved Samisk høgskole?

I Finnmark Dagblad 02.07.2009 kan vi lese at det er "Småskalaproduksjon i sameakademia" og at studentane ved Samisk høgskole produserer færrast studiepoeng i landet. Bakgrunnen er at studentane som er registrerte ved høgskolen gjennomsnittlig har produsert 22,4 studiepoeng siste studieåret, mens ein fulltidsstudent i følge normal studieprogresjon skal oppnå 60 studiepoeng. Sjølv om det ikkje seiast rett ut, må lesarane sitte igjen med inntrykket at studentane ved denne høgskolen er late og/eller udugelige.

Lenger ut i artikkelen kjem det fram at høgskolen i stor grad er basert på halvtidsstudier, og at dette er mye av forklaringa. Likevel tar ikkje journalisten dette inn over seg, da det kan ødelegge eit "godt poeng". Kva betyr det at begge høgskolane i Finnmark har mye halvtidsstudier? Jo, det betyr at vaksne folk har ein sjanse til å studere og utvide kompetansen sin samtidig som dei er i jobb og bur heime, ei løysing som er bedre og billigare både for studentane og for samfunnet. Slike studier har vore ekstra viktige i Finnmark, fordi fylket tradisjonelt har eit lågt utdanningsnivå.

Underteikna har sjølv vore student ved Samisk høgskole, til saman 5 år, alt i form av halvtidsstudier mens eg har vore i arbeid. Eitt av åra var eit nytt studium som høgskolen sjølv hadde utvikla, det var eit forsøk som derfor ikkje ga studiepoeng, men som var like nyttig likevel. Eg har altså fått 4x30=120 studiepoeng for desse åra, om ein reknar det om til dagens reknemåte. Det gir 120:5=24 studiepoeng pr. år eg har vore registrert som student, altså ganske nært gjennomsnittet. Og eg vil hevde at både eg og medstudentane mine hadde ein rimelig studieinnsats, når ein ser på at dei fleste av oss gjorde dette ved sida av fullt arbeid.

Det er ikkje lenge sidan media i Finnmark slo stort opp at lærarane ved Samisk høgskole nesten ikkje produserte forsking, ein påstand som viste seg å vere fullstendig feil, dei produserte faktisk godt over gjennomsnittet. Det er bra at media bryr seg om kva som skjer i skoleverket, men det er ein stor fordel om ein gjør litt grundigare undersøkingar, ikkje bare slår opp det første og beste talet for å få eit godt oppslag. Til slutt vil eg tilrå FD sine journalistar å ta eit kurs ved Samisk høgskole, f.eks. eit begynnarkurs i samisk. Dei kan sikkert ta dette på rekordtid og bidra til å heve gjennomsnittet.

Svein Lund


Til hovudsida