Debattinnlegg i Klassekampen, 14.09.2011

Klassekampen og samisk skole

Torsdag 08.09. har Klassekampen ei to-siders reportasje om valet i Tromsø, der eit sentralt spørsmål er om Tromsø skal bli med i forvaltningsområdet for samisk språk. Der gir avisa følgjande forklaring på saka: "Meningsmålinger viser at flertallet av Tromsøs befolkning er motstandere av loven, som blant annet vil innebære samiske skilt ved kommunegrensene og på kommunale bygg, og samiske navn på enkelte gater." Denne forklaringa er i beste fall svært upresis, fordi det ikkje er spørsmål om å vere mot eller for ei lov (samelova?), men om Tromsø skal søke om å bli innlemma i forvaltningsområdet. Ei slik innlemming vil ha ei rekke konsekvensar, både positive og meir tvilsame, langt utover det symbolske kommuneskiltet, men artikkelen fortel svært lite om det. Samiske namn på gater er forøvrig noko som ikkje følgjer av samelova eller forvaltningsområdet, det står ein kvar kommune fritt å vedta anten ein er med i forvaltningsområdet eller ikkje.

Så stiller journalisten det retoriske spørsmålet: "Tromsø kommune har allerede samiske skoler og barnehager. Hvorfor er det viktig med denne språkloven?" Det var nye og interessante opplysningar. Sjølv meiner eg å ha følgt rimelig godt med i utviklinga av samisk skole, men har aldri hørt at Tromsø kommune har hatt ein einaste samisk skole. Kor har avisa den opplysninga frå? Samisk barnehage finst det, men så vidt eg kjenner til bare ein.

Seinare i artikkelen når ein nye høgder i påstandane om kor mye samisk Tromsø har, da Høgre sin ordførarkandidat uimotsagt får legge fram påstanden om at Tromsø ikkje bare har samiske barnehagar og skolar (begge i fleirtal), men også "samiske aldershjem" (kva no det måtte vere). Eg veit nesten ikkje kva som er verst, at ein ordførarkandidat kan vere så dårlig orientert om sin eigen kommune, eller at Klassekampen aktivt og ukritisk spreier desse vrangforestillingane vidare. Det siste ligg det nært å sette i samband med at Klassekampens redaksjon det siste tiåret har brydd seg minimalt om samiske spørsmål, og at kunnskapsnivået dermed er deretter.

Når dette skrivast har det kome to nummer til av Klassekampen etter at reportasja sto på prent. Eg har venta at det ville komme ei korrigering av desse openbare feila, men så har ikkje skjedd. Snarare tvert om. Allereie dagen etter har avisa eit stort bilde frå norskopplæring for samar i 1950, der biletteksten gir misvisande opplysningar om internatordninga. Sidan her ikkje er plass til lengre utgreiingar vil eg bare gi ei lita gåte til lesarar og redaksjon: Kva er galt med denne setninga: "Flyttsamebarna bodde i internat på skolen for å få skolegang hele året."?

Spørsmålet om tilslutning til forvaltningsområdet for samisk språk er ikkje bare aktuelt i Tromsø, men også i Alta og ei rekke andre kommunar. Det er ei sak med mange sider, som hadde fortjent ei grundig og saklig behandling i avisa, uavhengig av kommunevalet. Ein kritisk journalist kunne her f.eks. stilt spørsmål til dei partia som har ivra mest for saka i Tromsø, om dei har vurdert verknadane av at alle elevar i kommunale skolar da måtte følgje samisk læreplan. Er det for mye å håpe på ein slik artikkel etter valet?

Diskusjonen om forvaltningsområdet for samisk språk er bare ein liten del av den hissige diskusjonen som lenge har gått i nordnorske medier. Ein diskusjon der dei anti-samiske innlegga ikkje ligg det minste tilbake for den anti-muslimske kampanja, som nettopp fikk slike tragiske følgjer. Men det som skjer i nord synast å vere Klassekampen uvedkomande. Trass i mye tips har det så langt vore umogleg å få redaksjonen å gripe fatt i saka, og når ein skriv lesarinnlegg om denne, kjem det ikkje inn. Norske styresmakter har for lengst slått fast at "den norske staten er bygd på territoriet til to folk, det norske og det samiske". Men Klassekampen synast å meine at det er tilstrekkelig å ha kunnskap om eitt av dei.

Svein Lund
Redaktør Samisk skolehistorie


Til hovudsida.