Svein Lund:

Jubel i Finnmark?

Egen utdanningsregion, men er dei foreslåtte tiltaka bra nok?

AV SVEIN LUND

FINNMARK skal bli eigen utdanningsregion. Det går nå regjeringa inn for, i første omgang for ein prøveperiode på to år frå 1. januar 19 88. Med det har regjeringa annerkjent at det er naudsynt med særskilte tiltak for å heve utdanningsnivået i fylket, Og at det kan trengs, kan det neppe vere tvil om. Med 1,9 prosent av folketalet i Norge har Finnmark bare l, 3 prosent av dei som har meir enn 2 års utdanning etter grunnskolen, og 0,8 prosent av dei som har høgare universitetsgrad. Ein svært stor del av dei med høg utdanning er innflyttarar som blir kort tid i fylket. I Finnmark går 60 prosent av 16-19- åringane i vidaregåande skole, mot 72 prosent på landsplan. I Stortingsproposisjonen som regjeringa la fram nylig går dei inn for at alle som har studielån vil få nedskreve10 prosent av lånebeløpet for kvart år dei jobbar i Finnmark. Dette er første gang det blir innført generelle stimuleringstiltak for å sikre Finnmark fagfolk, uavhengig av yrke. Virkemiddelordninga for lærarar blir endra slik at alle utdanna grunnskolelærarar i Finnmark nå vil få vaiet mellom 20 000 i lønnstillegg eller studiepermisjon med lønn kvart sjette år. Så nå vil problema bli løyst, og alle finnmarkingar jublar for regjeringa. Eller gjør dei det?

Vi har tatt ein prat med Øystein Røsland frå Alta, landsstyremedlem i Norsk Lærarlag og Åse Marie Jensen frå Hammerfest, leiar for Faglærarlaget i Finnmark. Begge er dei glade for ordninga med nedskriving av lån. Men enno er det usikkert kor mye som ligg i dette. Vil det bli 10 prosent for året eller mindre? Vil dette kunne bli rekna som inntekt som vi må betale skatt av ? Renter skal fortsatt betalas. Så spørs det kor mye som blir igjen; Om dette seier departementet bare: — Den endelige utformingen vil skje i statsbudsjettet for 1988.

— Nå får dokker 20000. - i lønnstillegg, Røsland. Da må vel Finnmark bli overbefolka med lærarar?
— Dette er ikkje noko nytt, det er den gamle virkemiddelordninga i ny frakk. Det nye er at dette skal gjelde heile Finnmark og Nord-Troms, mens det før har vore gradert etter kor stor lærarmangelen var. Lærarar i meir sentrale strøk av fylket vil tjene på dette, mens på utkantskolane vil dei heller få dårligare ordning.

Før kunne dei nokre stader få eit års studiepermisjon etter fire år, nå må alle jobbe fem. Ein kunne og få lønnstillegg samtidig som ein spara opp til studiepermisjon. Nå blir det enten eller. Slik virkar nyordninga heller til å styrke sentraliseringa innafor fylket. Nå er det snakk om at i nokre kommunar skal ein kunne få 10000.-ekstra, men vi veit ikkje kor dette vil gjelde, seier dei to.

— Det er veldig positivt om disse ordningane nå og skal gjelde for førskolelærarar. Dei har tidligare ikkje hatt nokon særordningar i Finnmark, sjølv om mangelen har vore skrikande heile tida. Statsministeren sa i Vardø at dei nå skal få samme ordning som grunnskolelærarane, men det står ikkje i regjeringa si pressemelding. Så enno veit vi ikkje ka vi skal tru, framheld Røsland og Jensen.

— Men ka vil nå Finnmark som utdanningsregion seie, det er da vel ikkje bare spørsmål om tiltak for lærarane. Ka med elevane og undervisningstilboda?

— Bortsett frå lånenedskrivinga og virkemiddelordninga, ser utdanningsregionen ut til å vere redusert til ei pakke på 7.75 millioner. Det er ikkje stort når det skal fordelas på alle skoleslag, samisk utdanningsråd osv. Da blir det nesten bare namnet som er nytt.

— Ka ville så du, Røsland, ha for tiltak?
— Etter mi meining burde alle ungar i Finnmark vere garantert gratis statsfinansiert utdanning gjennom barnehage, grunnskole og tre år vidaregåande skole. I tillegg trengs her ei kraftig auke av utdanningsnivået f or dei som er voksne i dag. Alle bør få tilbod om ei fagutdanning. Og alle bør har rett til å lære samisk på voksenopplæringskurs, betalt etter dei vanlige satsane for arbeidsmarknadskurs.

— Eg ser ikkje dette som noko å rope hurra for, seier Åse Marie Jensen. I den vidaregåande skolen i Finnmark er det stor mangel på kvalifiserte lærarar. Dei tiltaka som kjem nå vil ikkje endre stort på det. Frå før fikk ein 16 000 kroner i tillegg etter fire år, pluss at dei som var tilsett før 1979 fikk 5 000 kroner til. Når nå alle får 20 000 kroner, så endrar det ikkje så mye; nokon får mindre, dei fleste litt meir. Det er eit enormt behov for vidareutdanning. Det blir ein dårlig vits når 6-700 lærarar skal slåss om 20 studieplassar for året. For det er ikkje fleire som skal få studiepermisjon med lønn for året i heile Finnmark. Skolane i Honningsvåg og Vardø har idag samme virkemiddelordninga som grunnskolen. Den vil dei nå miste, for dei vil det bli ein klar tilbakegang.

— Ka må så etter di meining gjøras for å få utdanninga i Finnmark opp på landsgjennomsnittet?
— Vi må utdanne vår eigen ungdom til å bli i fylket. Eg har ikkje tru på import. Men ungdommen i Finnmark er ofte lite motivert for skole, og dei er redde for å sette seg i gjeld. Eg meiner vi må få ein stipendandel på 90 prosent for Finnmarksungdommen. Men på kort sikt er vi nøydd å gjøre noko for å trekke folk utafrå. Eit tiltak som hadde lr|ulpe er om alle her hadde fatt gratis barnehageplass. Idag får halvparten avslag f.eks. her i Hammerfest. Barnehage betyr ekstra mye for dei som kommer tilf lyttande, fordi dei ikkje har familie og kjente rundt seg. Ein viktig ting for utdanninga i Finnmark er undervisning på samisk. Faglærarlaget har krevd at det blir laga lærebøker på samisk i alle fag.

— Trass alle vakre ord om satsing på skolen er det det motsatte som skjer, i Finnmark som i resten av landet. I år er 7 klassar i vidaregåande skole vedtatt lagt ned, og det har kome signal om at 15 klassar til kan bli lagt ned av økonomiske grunnar. I dei fleste yrkesfaga har vi ikkje eit overskot av lærarar å trekke sørfrå. Vi konkurrerer i første rekke med det private næringslivet, og da monnar det alt for lite med dei tiltaka som er foreslått nå. Mange av lærarane her kunne gått opp 100 000 kroner i lønn om dei tok seg f.eks. ingeniørjobb sørpå, avslutter Åse Marie Jensen.


Til startsida

sveilund@online.no