IN IPMIR IN MAIDEGE!

(Baksidepetit i Klassekampen ein gong i 1990)

Eg forstår ikkje ingenting! Om du ikkje forsto overskrifta har du det til felles med eit overveldande fleirtal av lesarane. Du skal i såfall bare fortsette å lese, for dette er ikkje skreve for dei som forstår, men for dei som ikkje forstår.

Eg har hamna på skolebenken igjen. Det skal jo vere så sunt for landet og konkurranseevnen at vi omskolerer oss nokre gonger her i livet. Vi økologiske flyktningar frå fiskerinæringa på Finnmarkskysten må rekne med så mange slags omstilling. Sjølv var eg ein av dei heldige som fikk jobb, som erstatnings- og fornorskingslærar i indre Sapmi. I Guovdageaidnu snakkar 4/5 av elevane samisk, 4/5 av lærarane gjør det ikkje. Så der kom eg i godt selskap. Med tradisjonar tilbake til førre hundreåret, da det blei forbode å snakke samisk både for lærarar og elevar, og der samiskkunnskapar var diskvalifiserande om ein søkte lærarjobb i samiske område. I dag er alt derimot så meget bedre. Det er ikkje noko lovforbod mot undervisning på samisk der ein er så heldig at læraren og alle elevane i klassen snakkar språket, og der læraren sjølv oversett og trykker opp lærebøkene på fritida. Eg kjente meg som ein fisk på land. Men kan ein ikkje få ein jobb ein er kvalifisert for, får ein forsøke å bli kvalifisert for den jobben ein kan få. Er det ikkje det som kallas omstilling? No er det så viselig innretta at om ein ønsker å lære samisk, kan ein ikkje gjøre det i eit samisktalande område. Neste stoppestad: nordligaste universitet i verda. Først går vi to-tre månader og puggar akkusativ og lokativ og potensialis og les etter fritt val på norsk eller svensk eller finsk eller engelsk om samekulturen i gamle dagar, mens vi snakkar norsk med kvarandre og lærarane, og alt går riktig så greitt.

Så kjem det. Dagen da det er alvor og all undervisninga går på dette språket vi så fortvila har forsøkt å lære noko av. For dei nye som kjem inn i klassen er det morsmålet, og dei hiv seg fort inn i diskusjon med læraren. Der sit vi. Uendelig dum og uforståande. (At nokon seier vi er flink prellar av som vatn på gåsa. Vi veit da vel best sjølv kor dum vi er.) Skrive av det som står på tavla, det kan vi jo gjøre. Så kan vi sjå i ordboka når vi kjem heim ka det betyr. Eg blir "snillaste guten i klassen". Forsøker å trekke på smilebandet når dei andre gapskrattar av noko som visstnok var vittig, men der eg dessverre datt ut på halvvegen. Går til kantina i lag med dei andre, held helst kjeft der og, sålenge det ikkje kjem nokon som får samtalen å slå over på norsk. Kor er det blitt av han som alltid var i opposisjon og alltid sa ifrå?

Så ein dag får vi utlevert nokre ark av litteraturlæraren. På det eine er det kopi av ein baksideartikkel frå Klassekampen 27.9.86. "Drømmen om Sapmi", skreve av Synnøve Persen frå Porsanger. Vi les så auget blir stort og vått: "Jeg lærte at straks bussen kjørte over Lakselva skulle jeg slutte å snakke samisk. Jeg snakket ikke i det hele tatt. Jeg som sang på veiene hjemme i Bevkop ble taus, fullstendig taus. Tause unger på internatene. Aldri hadde lærerne sørfra hatt snillere barn, fikk vi høre."

Plutselig heng ting saman. Det er slett ikkje synd på oss. Vi er derimot ein handfull som har fått det privilegium i vaksen alder å kjenne på kroppen litt av det som det norske storsamfunnet har utsatt samiske ungar for gjennom hundrevis av år, å ikkje forstå det som kjem frå kateteret. Dessutan er det enormt nyttig for lærarar å ha ei fersk erfaring frå det å vere skoletapar. Så kanskje vi står han av.

Dearvuodaiguin Romssas

SVEIN LUND

_________________________________________________________________________________

Fleire artiklar om skolespørsmål eller samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no