Artikkel i Klassekampen, 06.06.1994

Svein Lund:

Kan ikkje nekte samiskundervisning

Med hjemmel i grunn skolelovens paragraf 40 vil skolesjefen i Skaun avslå søknaden om undervisning i samisk ved Børsa skole.» Dette svaret fikk Kristin Sara da ho i fjor haust søkte om undervisning i samisk for dotter si som går i andre klasse ved Børsa skole i Sør-Trøndelag.
Etter at Klassekampen skreiv om denne saka i mars har den kome heilt til kommunalkomiteen i Stortinget, som no slår fast at ein ikkje skal avslå samiskundervisning med hjemmel i Grunnskoleloven. I innstillinga til Stortinget foran debatten om norsk samepolitikk siste veke seier komiteen: «Komiteen mener denne paragrafen må vurderes på nytt i forbindelse med forestående revisjon av grunnskoleloven. Loven må ikke kunne brukes til å hindre samiske barn i å få morsmålsundervisning.»

Tas opp på nytt

I stortingsdebatten på torsdag blei dette understreka av representantar frå fleire parti, deriblant regjeringspartiet. På grunnlag av dette vil Skaun skolestyre ta opp igjen saka på onsdag og da tyder alt på at dei må innvilge søknaden. Gjør dei det vil det vere langt fleire enn Kristin Sara og dotter hennar som har grunn til å juble. Det er ikkje få samar spreidd rundt i landet som har ønska samiskundervisning utan å få det, anten fordi det ikkje har vore mogleg å oppdme lærar eller fordi skolestyresmaktene har hatt ei firkanta og tvilsam tolking av paragraf 40 i Grunnskoleloven som seier at ein kan kreve samiskundervisning dersom det er minst tre elevar ved ein skole.

Teleundervisning

Etter Kommunalkommiteen si utsegn vil lærarmangel vere einaste haldbare grunn for å ikkje gi samiskundervisning. Men i stortingsdebatten peika Johanne Gaup (Senterpartiet, Finnmark) på noko som kan vere ei løysing også på dette problemet:
«Teleundervisning i og på samisk ville være et godt tilbud for at samiske barn og ungdommer skal få den undervisning de har krav på der hvor det er lav eller manglende dekning av samisktalende lærere. Det vil være en kurant affære å sette i gang slik undervisning frå Samisk høgskole, hvor det allerede finnes telestudio.» I mars sa Randi Nordback Madsen, rådgivar i samiske skolesaker i Kyrkje-, utdannings og forskningsdepartementet til Klassekampen:
«Grunnen til at vi måtte sette ei grense på tre elevar er at vi ikkje ser at det i dag er mogleg å gi ei samiskundervisning overalt i landet der en eller to elevar ønsker det. Vi vil ikkje lovfeste noko vi ikkje kan holde.»

Lovrevisjon

Etter dette skulle også dette argumentet vere borte. I Stortinget blei det lova ein grundig gjennomgang av alt som gjeld samisk utdanning og språk når Grunnskoleloven skal revideras neste år. Men dei politiske signala no er såpass eintydige at det ikkje ikkje skulle vere nokon grunn til at lokale skolestyresmaktar skal vente på at det blir lovfesta. Det er mange samar som har venta lenge nok på at Samelovens paragraf 3-8: «Enhver har rett til opplæring i samisk» skal bli satt ut i livet.


Til hovudsida.

sveilund@online.no