Kronikk i Klassekampen, 14.09.2011

Det som følger her er kronikken slik eg sendte den inn, før debattredaktøren forvrengte både tittelen og ingressen og nekta å ta inn retting.

Samar og skole – Ikkje vårt bord?

I 2013 er det aller meste av norske politikarar, byråkrati og media komplett uinteresserte i den uretten som har vore gjort mot samefolket gjennom tidene og den rolla som skolen har spela og framleis spelar i denne uretten. Og sidan dei ikkje vil vite av kva som har skjedd og skjer, vil dei heller ikkje gjøre noko for å hindre at uretten held fram.

"Den hardhendte fornorskingspolitikken som dei demokratiske norske statsmaktene har ført i Finnmark er mykje hardare enn den det keisarlege Tyskland i si tid førde mot danskar, polakkar og elsassar. ... Lappane har aldri fått høve til å nytta og dyrka sine evner. ... Um lagnaden deira er heilt avgjord, og um fornorskingspolitikken heilt har gjort ende på dei vilkår dei hadde til åndeleg framvokster får framtida visa." Dette skreiv Hans Vogt i 1932 i boka Målstrid og klassekamp. Han var ein av svært få som på 1930-talet protesterte offentlig mot fornorskingspolitikken. Det var på denne tida ingen politiske parti i Noreg som gikk mot denne politikken, og det fanst da ingen organisasjonar verken for samar eller kvenar i Noreg.

På dette tidspunktet hadde det i 52 år vore ein instruks som slo fast at "Undervisningen foregaar i det norske Sprog". Dette gjaldt "selv om i en kreds flerheden af børnene ikke forstaar norsk". Da Stortinget i 1936 vedtok nye folkeskolelover, gjorde dei inga lettingar i dette regelverket, snarare tvert om. Normalplan for folkeskolen av 1939 nemnde verken samar eller kvenar.

Fornorskingspolitikken oppnådde i stor grad målet sitt, å få den samiske og kvenske befolkninga å skifte språk og identitet.

Brems, men ingen snu

Fornorskingspolitikken har no i fleire tiår vore historie, i alle fall offisielt. Både samar og kvenar er organiserte, språka deira er lovlige i skolen, vi har fått samelov, Sametinget og samane er skrive inn i grunnlova. Men i praksis har likevel fornorskinga halde fram, i den forstand at talet på språkbrukarar har fortsatt å gå tilbake, særlig for kvensk, og i dei fleste områda også for samisk. Innføringa av desse språka som andrespråk i skolen har gitt fleire med kjennskap til språka, men i svært liten grad fleire aktive språkbrukarar. No går også talet på andrespråkselevar kraftig ned.

Ansvarlig utan ansvar

Både gårsdagens og dagens språk- og skolepolitikk er vedtatt av Stortinget og hovudansvarlig for gjennomføringa har sidan 1814 vore det som no heiter Kunnskapsdepartementet. Dette departementet har aldri gjennomført eller initiert noka evaluering av resultata av eigen politikk, verken av den ut frå formålet vellukka fornorskinga eller av den like mislukka revitaliseringa. Andre har derfor vore nøydd å ta seg av den jobben, utan departementet si støtte.

Underteikna har i ein tiårsperiode deltatt i prosjektet "Samisk skolehistorie". Vi har samla og publisert materiale om den varierande politikken og striden på dette området frå 1700-talet til i dag, samt korleis samiske elevar, foreldra og lærarane deira og andre aktørar i skoleverket har opplevd denne. Prosjektet har hatt rundt 200 bidragsytarar. Vi har gitt ut seks bøker, med til saman 240 artiklar og omlag 2800 sider på to språk. Under arbeidet med kvar av bøkene har vi søkt Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet om økonomisk støtte. Kvar gong har dei avslått. To gongar har vi bede om møte med departementet for å legge fram kva vi har funne ut og korleis vi ønsker å arbeide vidare. Kvar gong har dei nekta. Da vi nylig markerte fullføringa av serien med eit ope seminar, ønska dei ikkje å delta. Stort klarare kan det ikkje demonstrerast at departementet ikkje ønsker ei evaluering av den politikken det sjølv har hatt og har ansvaret for.

Ikkje vårt bord

Undersøkingar i norsk skole viser at kunnskapen om samiske forhold er svært dårlig blant både elevar og lærarar. Historia om fornorskinga er så godt som ukjent for dei fleste. Frå prosjektet Samisk skolehistorie har vi derfor lagt fram eit forslag og tilbod til ansvarlige offentlige institusjonar om eit opplegg for opplysning til skolane. Resultatet kan kort samanfattast slik: "Ikkje vårt bord". Slik har vi som mange andre opplevd at etter som Sametinget har fått stadig meir av ansvaret for administrasjon av tiltak for den samiske befolkninga, har statlige, fylkeskommunale og kommunale organa kunna skyve frå seg alt ansvar for det samiske og seie med den travle kelneren: "Ikkje mitt bord".

Stort betre står det ikkje til i media. Vi har fått to samiske dagsaviser, ei på samisk og ei på norsk. Kjem du da med ei sak som gjeld samar til norske media, kan dei også svare: "Ikkje vårt bord". Det har vi opplevd gang etter gang når vi har forsøkt å få ut stoffet frå Samisk skolehistorie.

Men vi har da kome så langt ...

No vil lesaren innvende at behandlinga av samane for 80 år sidan og i 2013 er som natt og dag. Og på mange måtar er det rett. I dag kan både statsministrar og kongar seie store ord om samisk kultur og bare eitt parti går ope inn for å gjenoppta fornorskingspolitikken. Vi har samiske radio- og TV-program, det blir gitt ut avis, bøker og musikk på samisk. I skolen har samiske elevar rett til opplæring i samisk og det finst til og med eigne samiske læreplanar. Så kva i all verda klagar dei etter?

Ei av dei viktigaste konklusjonane ein kan trekke av arbeidet med Samisk skolehistorie er at det kan vere langt mellom teori og praksis. Da teorien var fornorsking var det faktisk likevel ein del lærarar som brukte elevane sitt morsmål i opplæringa. I dag er teorien motsett, men mangelen på kvalifiserte lærarar og på læremiddel gjør ofte at retten til opplæring i og på samisk ikkje blir reell. Dei samiske emna i læreplanane blir ofte ikkje gjennomførte fordi lærarane sjølve ikkje har lært det. Forteljingane vi har samla om samisk opplæring i praksis dei siste par tiåra viser forhold som ikkje hadde blitt godtatt innafor noko anna fag.

Av dei seks samiske hovuddialektane som ein gong blei snakka i Noreg er tre heilt borte her i landet, mens to er svært reduserte og truga. Nordsamisk har fått sitt reelle bruksområde redusert frå 40–50 til 4–5 kommunar på eit hundreår. Verken skolen eller samfunnet for øvrig legg opp til at Grunnlova sin §110a skal kunne oppfyllast.

Kan regjeringa, departementa, dei politiske partia og riksmedia bare "toe sine hender" og seie: "Ikkje vårt bord!"?

Svein Lund
Redaktør Samisk skolehistorie


Til hovudsida.