Svein Lund:

Reaksjonær skolebok av Klassekampenjournalist!

Innlegg i Klassekampen 18.09.2002

"Skolen som forsvann" av Jon Hustad er ikkje i første rekke eit åtak på dagens skole, men eit åtak på den progressive pedagogikken og alle som har forsøkt å skape ein meir menneskelig og livsnær skole.

Da eg for eit par veker sidan las at ein journalist i Klassekampen hadde skreve ei bok om den norske skolen blei eg full av forventningar. Etter å ha lese nokre bokmeldingar blei eg meir skeptisk, og det skulle det vise seg å vere all grunn til. Det positive ein kan seie om boka er at ho er på nynorsk, at ho er lettlest og fengande. Ho set søkelyset på ein del faktiske problem i den norske skolen og kritiserer Gudmund Hernes sin måte å drive gjennom skolereformene på. Bortsett frå dette, ser eg denne boka som eit langt steg bakover for norsk skoleutvikling.

Med lektorauga

Hustad sitt utgangspunkt og einaste synsvinkel er frå den universitetsutdanna lektoren som underviser i ungdomsskole og på allmennfaglig studieretning i vidaregåande skole. Lektoren blir framstilt som bæraren av den faglige skolekunnskapen, mens allmennfaglæraren og særlig førskolelæraren nærast blir latterliggjort som leiketanter, og yrkesfaglæraren er totalt fråverande i boka. Hustad viser at det har gått tilbake med ungdomsskoleelevane sine kunnskapar i teoretisk grammatikk og bokstavrekning, og ropar på meir av dette. Han stiller derimot ikkje spørsmålet i kva grad alle elevar har bruk for dette, om kanskje noko meir nyttig har kome i staden. Kvifor klagar han ikkje med det same over kor katastrofalt dårlig det står til med latinkunnskapane no for tida?

Anti-progressiv

Boka er faktisk eit einaste langt åtak på den progressive pedagogikken. Hustad sopar han saman i ein sekk og fordømer alt frå John Dewey si "learning by doing" til Paolo Freire sin frigjøringspedagogikk og dei fremste norske pedagogane som Eva Nordland, Mosse Jørgensen og Edvard Befring. Han gjør narr av alt arbeidet som er gjort for å gjøre skolen meir konkret og levande for elevane, av lokalt læreplanarbeid og prosjektarbeid. For å få terrenget til å stemme med eige kart, blandar han saman alt han ikkje likar, og kallar det "kulturradikalisme", "sosialdemokrati" og "progressiv pedagogikk". AP og sosialdemokratiet har skulda for å ha "slept meiningsløysa inn i det borgarlege skoleverket". Med andre ord: Det borgarlege skoleverket var godt og meiningsfyllt før, med pugging av salmevers og "flere byer i Belgia". Kven er det så av skolepolitikar og pedagogar som finn nåde for Hustad sitt kritiske blikk: Eg finn bare ein i boka hans; den danske utdanningsministeren Bertel Haarder, ein av dei mest reaksjonære skolepolitikarane Europa har sett i etterkrigstida. Det seier det meste.

Arbeidarrørsla mot folkeopplysning?

I Hustad si framstilling blir arbeidarrørsla sett på som motstandar av kunnskap, og han ser fram den for meg komplett uforståelige påstanden:"Folkeopplysningstradisjonen var ein raud klut for arbeidarrørsla". Deretter tar han avstand frå all skolepolitikken DNA og SV har stått for, utan å skilje mellom dei politiske og pedagogiske linjene som har stått mot kvarandre innafor sosialdemokratiet. Mens nokre ville "løfte" arbeidarklassen med å gi arbeidarungane lettare tilgang til ein skole bygd på borgarlege premiss, ville andre knytte skolen til praktisk arbeid, lokalsamfunnet og elevane sine interesser. I etterkrigstida, da DNA utforma skolepolitikken, blei det gjort ein stor innsats for å bygge ut skoleverket for heile folket, ikkje minst yrkesutdanninga. Skolen blei etterkvart meir menneskelig og nærare knytta til lokalsamfunna. Det var denne utviklinga Hernes gikk til åtak på da han i 1987 tok eit oppgjør med sosialdemokratiet sin skolepolitikk og krevde: Mer standardisering. Mer arbeidsdisiplin. Mer faglig konsentrasjon. Mer krav til innsats for elevene. Sjølv om Hustad kritiserer Hernes, fell parallellane mellom dei mest i auga - både i lengselen tilbake til puggeskolen og i den retoriske argumentasjonen der andre syn blir fråkjent ein kvar verdi.

Åtak frå høgre

Trass i at boka er skreve av ein journalist i Klassekampen, er ho eit åtak på skolen frå høgre. Det beste vi kan vone er at denne boka kan bidra til å provosere fram ein skoledebatt på venstresida og ei skolering i skolespørsmål, skolehistorie og pedagogiske retningar. Det kan vi trenge om vi skal kunne slå tilbake slike reaksjonære framstøt og reise kampen for ein skole som er betre både enn den vi har i dag og betre enn den gamle puggeskolen.

______________________________________________________________

Fleire artiklar om skolespørsmål
Til startsida

sveilund@online.no