Artikkel i Dag og Tid 12.01.1995

- Heilt borti Granskogen!

- Det er jo heilt borti granskogen å starte opp med noko slikt. Denne replikken skal vere opphavet til namnet på den skolen som i dag heiter nettopp Granskogen.

Trondheim - Svein Lund

"Granskogen - for utvikling" står det på eit skilt på yttersida av eit industribygg på Kolstad i Trondheim. Verken på yttersida eller innersida er det mye som minner om ein "normal" norsk skole. Men ved nærare ettersyn finn vi at denne skolen er alt anna enn "borti granskogen".

Skole for sjølvtillit Granskogen er midt i mellom ingenting og allting. I utgangspunktet var det et 10.-klassestilbod til elevar som ikkje kom inn på vidaregåande, men i dag er det meir eit førebuande grunnkurs til vidaregåande. På mange måtar kan skolen samanliknas med ein folkehøgskole, men skolen er kommunalt eigd og elevane tar eksamen. Eksamen er likevel underordna her. I første rekke er det ein skole for sjølvtillit. Ein skal ikkje fokusere på elevane sine veike sider, men finne fram til dei sterke sidene og la dei jobbe vidare ut i frå dei. Skolen skal vere ein stad for oppleving.

Kari Hustad er ein av dei to grunnleggarane av Granskogen. Sjølv kallar ho seg ikkje inspektør men "kunstnerisk leiar", kollegaene omtalar henne like gjerne som "ideologisk leiar". - Tanken min er at ungdommen kan bruke teater og rollespel til å forstå meir av samfunnet og si eiga rolle, seier ho. - Dei spelar sin eigen situasjon, dette er utgangspunktet for å finne ut av virkeligheita, av konfliktar og problem i samfunnet rundt dei. Rebellteater - Men kordan starta dette egentlig? - På 80-talet var eg lærar på Huseby ungdomsskole. Men i 1985 fikk eg høve til å arbeide med eit 3-årig prosjekt for Trondheim kommune med teater i sosialt arbeid. Vi hadde 16 ungdommar, dei fleste arbeidslause, med kriminell bakgrunn og/eller stoffproblem. Teateret kalla vi Rebellteateret. På slutten av prosjektet sa ein gutt frå Rebellteateret til meg: "- No tør eg så mye, men eg har så dårlig skolegang". Eg merka meg dei orda og bestemte meg for å gjøre noko med det. No skulle eg tilbake til ein vanlig lærarjobb, men noko stritta i mot. Eg ville bygge på dei røynslene vi hadde gjort i Rebellteateret, jobbe med ungdom og kunstneriske fag og kombinere dette med undervisning.

- På Huseby skole traff eg ein annan lærar som ikkje var nøgd med dagens ungdomsskole, Aage Borrmann. Han var i første rekke opptatt av oppseding gjennom arbeid, og hadde ikkje særlig sans for dette med kunst og kultur. Men etter ei stund hadde vi krangla oss fram til eit slags felles grunnlag og Aage innsåg at teater og kunne vere arbeid. No var vi så heldige at Trondheim kommune var med på frikommuneforsøket og Saupstad distrikt var spesielt plukka ut til å satse på barn og ungdom. Vi starta opp som 10.klasse ved Huseby skole, der elevane hadde tre dagar skole og to dagar jobb for veka. Dei som ville fikk arbeide med teater, andre hadde utplassering i arbeidslivet. Snart blei det for trangt på Huseby, og i 1991 fikk vi leige eit tomt lagerbygg som vi har innreia frå grunnen. Elevtalet har stadig auka, i fjor var vi nesten hundre, no har vi sett oss nøydd til å redusere til 70. Omlag ein tredel av elevane arbeider med teater. Dei er skodespelarar, lagar scenedekorasjonar, syr kostymer, spelar musikk og ordnar med lyd og lys. I løpet av skoleåret har dei ei stor og fleire små førestillingar. - Ideen er at når elevane får arbeide med ting dei har lyst til blir dei motivert for å lære det dei treng å for å gjennomføre f.eks. eit teaterstykke. Ein elev som alltid hadde kvia seg for alt som hadde med skriving å gjøre, ville derimot svært gjerne spele i eit stort teaterstykke. Det fikk han, men måtte skrive ned alle replikkane på data. Da kom skrivinga og.

Ingen trøsteplass

- Dette er ingen trøsteplass, seier vi til elevane i starten. Her kjem du for å bli sterk. Elevane våre er ikkje taparar. Det er sterke, unge folk som ikkje finn seg i å bli putta i båsar.

- Ka slags bakgrunn har elevane som kjem hit?

- Det er fire hovudgrupper av elevar som søker hit. Den største er 16-åringane som kjem rett frå ungdomsskolen og ikkje kjem inn på vidaregåande skole på den linja dei vil eller ikkje finn ei linje som passar for dei. Dei får da gå opp til ny eksamen her i nokre fag for å betre resultata frå 9.-klasse. Så har vi den gruppa vi kallar for "modige mødre", jenter som tidlig blei gravide og avbraut skolegangen. Vi har og ein del som kjem frå arbeidslivet og går på attføring, og vi har ein del elevar som fell ut av vidaregåande. Det er ein stor rikdom for miljøet at vi har elevar med såpass forskjellig bakgrunn, aldersspreiinga er no 16-39. Ikkje alle elevane held fram på vidaregåande skole. For ein del eldre elevar er målet heller å komme ut i arbeidslivet så snart som råd.

Ein månad innskoling

Om hausten ventar elevane på Granskogen liksom alle andre å få timeplan og bokliste første dagen. Men det får dei ikkje. I staden drar elevar og lærarar på turar og blir kjent med kvarandre. Dei drar rundt i byen og distriktet, på sjøen med seilbåt eller på fjelltur. Og inne på skolen bygger dei om skolen etter det behovet dei har det året. Dei riv ned og bygger opp veggar, malar og snekrar slik at elevane får eit eigedomsforhold til klasseroma og verkstadane. Etter ein månads tid byrjar elevane sjølv å etterlyse teoritimar og lærebøker. Da er dei tilstrekkelig motivert, så da startar sjølve undervisninga. Men sjølv deretter er det mye som ikkje minner særlig om tradisjonell klasseundervisning. Ein stor del av undervisninga i naturfag, samfunnsfag og kristendom/livssyn blir dekka av det som kallas "Vekas tema". Det er to timar kvar veke som er felles for heile skolen. Der tar ein opp alt frå resirkulering og andre miljøspørsmål til ernæring, yrkesorientering og kunst. Ein prøvar å knytte teorien til kvardagen rundt oss. Skolen skal gi haldningar og samtidig gi elevane eit praktisk grunnlag for å meistre live på eiga hand. Kvar veke skal ei gruppe av elevar gjøre greie for dei viktigaste nyheitene, lokalt, nasjonalt og globalt. Skolen er og open på kveldstid for elevar som vil øve på musikk eller teater.

Av dei nesten 20 som arbeider ved Granskogen er omlag halvparten folk med lærarutdanning. Dei som instruerer i praktiske fag kallas instruktørar. Det er folk med all slags praktisk bakgrunn: søm, elektro, snekker, sjømann osv. - Det er ei lukke å jobbe i lag med all slags folk, seier Kari. Denne skolen kunne ikkje eksistert utan dei.

Sykkelverkstad og kompostkasser

Nokre elevar har arbeidspraksis utafor skolen, men dei fleste arbeider innafor skolen. Her er sykkelverkstad, snekkerverkstad, søm og maling og elektroverkstad. Kjøkkenet gir arbeidspraksis for dei som er interesserte i kokk- servitør-utdanning, og alle elevar og tilsette får eit godt måltid mat om dagen.

Kjell Brørs er instruktør, og som dei andre har han kome inn gjennom arbeidsmarknadstiltak. . Han er utdanna ingeniør og no tar han pedagogisk utdanning ved sida i håp om å få fast jobb som lærar. - På verkstadane her får elevane innblikk i ein del forskjellige yrkesfag, forklarer han mens han viser rundt på bygget. - Slik får dei eit grunnlag for å velge. Mange har ikkje noko førebilete i yrkeslivet. Dei får ein forsmak på eit yrke og også på den teorien som følger med. Vi skal førebu dei på vidaregåande skole og samtidig gi eit lite forsprang som kan komme godt med.

- Vi lagar ikkje tullting for treninga sin del, understrekar Kjell. - Vi lagar nyttige produkt, vi brukar å seie vi er produktretta, ikkje prosessretta. Vi skal sjå resultat heile tida, få ting ferdig og så evaluere før ein startar på noko nytt. Vi produserer og selger til bedrifter eller vi lagar ting som kan brukas her i huset. Vi legg vekt på produktivitet og tidsfristar, dette skal vere alvor og førebu elevane på å kunne klare krava i arbeidslivet. Miljølære er sentralt i undervisninga. Eit produkt frå snekkerverkstaden er "miljøboksen" - ein kompostboks for sal. - Vi vil gjøre elevane bevisste om søppelbehandling og kjeldesortering, seier Kjell mens han brettar saman ein mjølkekartong for resirkulering. - Og ikkje minst korleis produsere mindre farlig søppel. Etter at vi hadde snakka om kor miljøskadelig isopor er, nekta elevane å ta imot gatekjøkkenmat i isopor. Først fikk vi illsinte oppringingar frå gatekjøkkenet, men snart fann dei anna innpakning.

Døv lærar for hørande elevar

Ann Beate Wærnes er instruktør i søm og maling, og resultata av hennar og elevane sitt arbeid ser vi over heile skolen i form av maleri og tekstilbilete. Ho er den einaste døve i Norge, ja kanskje i heile verda som underviser hørande ungar. I teoriundervisning får ho hjelp av døvetolk, men i praktiske fag klarer ho seg fint aleine. Ho snakkar godt forståelig norsk, og klarer langt på veg å lese på munnen når ein og ein elev snakkar til ho. Likevel kjenner ho seg tryggast når ho får bruke teiknspråk. - Elevane er først usikre, men etterkvart som dei blir kjent med meg, går det bra, forklarer ho på teiknspråk, med Kristin Sara frå Møller kompetansesenter som tolk. Kompetansesenteret, som sammen med Døveskolen ligg bare eit par kilometer frå Granskogen har vore nyttig å ha og har ofte stilt opp med tolk. - Elevane er svært interesserte i teiknspråk, dei syns det er spanande. Eg lærer dei ein del enkle teikn, som dei så kan bruke tilbake overfor meg.

Skolen har og arrangert teiknspråkskurs for lærarar og andre tilsette. Røynslene frå å ha ein døv lærar gjør at Granskogen no har fått lyst til å prøve å ta i mot ei gruppe døve elevar. Trondheim har døveskole for grunnskolen, men ikkje noko vidaregåande tilbod. Vidaregåande skolar for døve finst bare i Bergen og Stavanger. Mange døve har og fått ein dårlig start i språkutviklinga og derfor har dei hatt vanskelig for å få med seg heile grunnskolen, og derfor ville det vere mange som hadde behov for eit førebuande grunnkurs.

Hår i suppa

Granskogen er noko heilt spesielt som ikkje passar inn i biletet til KUF der alt skal stømlinjeformas inn i 9 år grunnskole + 3 år vidaregåande. Formelt er skolen under Trondheim kommune, men det er ikkje kommunen som betaler utgiftene. Fylkeskommunen betaler for elevane som er i 16-19-års alderen og blir tatt inn over inntakskontoret. Arbeidskontoret betaler for eldre elevar som blir tatt inn gjennom dei. Men begge disse rekrutteringskjeldene er no truga. På eine sida gjør Reform 94 at alle 16-åringar kjem inn på vidaregåande, med eller utan ungdomsskoleeksamen. Ein del av elevane så langt har vore elevar som ikkje har stått eller treng å forbetre karakterane for å komme vidare innafor vidaregåande skole. Med Reform 94 får dei som har grunnkurs etter gamal plan store problem med å kome inn på vidaregåande kurs etter nye planar. På andre sida har Arbeidskontoret tolka reglane slik at dei bare kan gi støtte til yrkesutplassering, ikkje til skole. Dei forsøkte i staden å få Granskogen over på å drive kortare kurs, men det har dei ikkje godtatt. Skal elevane utvikle seg i løpet av kurset, trengs det eit heilt skoleår. - I fjor var det klare trugsmål om nedlegging, fortel lærar Per Grønvoll. Hadde vi ikkje kjempa hadde skolen vore lagt ned i dag. Først i juli blei det heilt avklara at vi fikk starte opp i august. Kordan det blir neste skoleår er høgst usikkert. Vi aner ikkje ka vi vil ha av elevar, tilsette og pengar. I løpet av våren vil kommunestyret avgjøre framtida vår. Vi vonar at vi da kan få eit vedtak som sikrar skolen for meir enn eit år av gangen, og dermed oss som jobbar her ei meir stabil tilsetting. Men det som er det viktigaste for oss er at vi får beholde den fridomen vi har i dag til å lage våre eigne opplegg og at vi får beholde Granskogen som eit møtepunkt for elevar med forskjellig bakgrunn. Om vi skal tvingas inn i eit firkanta opplegg med fagplanar og fag- og timefordeling er det nok ikkje mange som har lyst å bli her.

_________________________________________________________________________________

Fleire artiklar om skolespørsmål
Til startsida

sveilund@online.no