Artikkel i Klassekampen, 14.10.1997

Ei god og ei dårlig reform

– Eg vil gratulere grunnskolen med dei nye samiske læreplanane, seier Synnøve Solbakken-Härkönen, rektor ved Sámi joatkkaskuvlla Káráájogas (Samisk videregående skole i Karasjok).
– Dette er eit stort framskritt for samisk skole, men dessverre stoppar det opp når elevane kjem over i vidaregåande skole.

Kyrkje-, Utdannings- og Forskningsdepartementet avviser krav om samisk læreplanverk i vidaregåande skole. – Ein kan ikkje samanlikne dei skoleslaga. I grunnskolen har alle elevar dei samme faga, i vidaregåande finst det omlag 400 læreplanar, seier Arild Thorbjørnsen, avdelingsdirektør for vidaregåande opplæring.

Synnøve Solbakken-Härkönen byrja i januar i år som rektor ved den samiske vidaregåande skolen i Karasjok, men ho har bak seg snart 9 år som rektor eller inspektør ved dei samiske vidaregåande skolane.

– Vi treng ei heilheitlig tenking om utdanning og oppseding i forhold til behova til det samiske samfunnet. Da må vi ha meir samarbeid mellom grunnskole og vidaregåande skole for å få eit samanhangande opplæringsløp. Grunnskolen gir no eit ganske bra grunnlag for å bygge ei utdanning på samisk kultur. Men når ein kjem over på vidaregåande skole, forsvinn dette. Høgskolen er og alt for mye bunde til nasjonale planar, men det skoleslaget som er mest bunde er utan tvil vidaregåande.

Reformen knekte forsøket

Det har lenge vore klart at dei samiske vidaregåande skolane ikkje fyller behovet for ei utdanning for det samiske samfunnet. Dette kom bl.a. klart fram i utreiinga «Handlingsplan for samisk ungdoms utdanningsmuligheter» så tidlig som i 1987. Eit resultat av denne var at skolen i Guovdageaidnu fikk status som forsøksskole i perioden 1990- 93, med disse retningslinjene frå departementet: «Målsetjinga med den nye skolen er å få til utdanningstilbod som er betre innsikta mot samisk kultur, tradisjon og næring, slik at tiltaket kan tene til å styrkje kompetansen for den samiske ungdommen».

Synnøve Solbakken-Härkönen var i denne tida undervisningsinspektør ved skolen.
– I forsøksperioden var vi svært optimistiske, det var mogleg å gjøre noko. Da hadde vihåp om å kunne utvikle eit samisk innhald i skolen, og vi hadde både god økonomi og for-holdsvis frie hender i dette arbeidet. Vi utvikla da ei treårig ut-anning i reindrift og duodji, ogvi laga eit tilbod på allmennfag med reindriftsfag og duodjifag som studieretningsfag. Men så kom Reform 94, da alt skulle inni samme malen, og mye av det vi hadde utvikla blei stoppa da det ikkje passa inn i Hernes sitt mønster. Duodji (samisk håndverk, red.) grunnkurs gikk inn i formgivingsfag og VK2 i duodji blei til lærlingeordning som låg utafor skolen sitt ansvar. Dei samiske studieretningsfaga måtte vi avskaffe, da dei ikkje lenger passa inn i systemet.

– Etter at reformen kom er det ikkje lenger mogleg å tilpasse undervisninga så mye til samiske forhold. Det er eit firkanta system der alle tillatte linjer, fag og læreplanar er bestemt sentralt. Først må vi oppfylle alle dei nasjonale krava, så kan vi kanskje få lov å legge til litt samisk innhald, men dette gir ingen formell kompetanse. Vi har gått inn i ei pessimistisk tid, folk trur ikkje lenger det er mogleg å påvirke.

Det virkar som lærarane i stor grad har gitt opp å få til endringar. Styret for dei samiske vidaregåande skolane har bede KUF evaluere reformen, slik at vi har eit objektivt grunnlag, ikkje bare synse. Ei slik evaluering ville vere eit godt grunnlag for å arbeide vidare. I vår laga styret ei grundig utreiing o evaluering, men sidan har vi ik-kje hørt noko frå departementet.

Lære av grunnskolen

– Det som grunnskolen no har oppnådd er eit argument, det vi-ser ka som er mogleg å oppnå. På samme måten treng vi samiske læreplanar i mange fag, og ikkje minst treng vi ei overbygging, ei «samisk bru» slik som grunnskolen no har fått. Men vi vil ha denne brua først, som eit felles grunnlag som læreplanane skal lagas ut i frå.

– I ka for fag kan det vere behov for samiske læreplanar?

– Først bør det vere sjølvsagtat dei faga som bygger vidare på grunnskolen og bør ha samiske læreplanar der grunnskolen har det. Eg tenker på f.eks. naturfag, samfunnsfag, historie, geografi og religion. I tillegg er det mange studieretningsfag der det er behov for eigne læreplanar med grunnlag i samisk kultur og språk. Det gjeld økonomisk-administrative fag som saksbehandling, i delar av yrkesfaga innafor helse og sosial, hotell og næringsmiddelfag og mekaniske fag. Ein treng sjølvsagt ikkje bytte ut alt i læreplanane, men ein må ha fridom til å ta utgangspunkt i kulturen, næringar og samfunnslivet i samiske område.

Kulturfag

Bare på dei to samiske linjene reindrift og duodji er det godkjent eigne samiske fag. Etter reformen omfattar dette bare 3 klassar, av i alt meir enn 20 klassar ved dei to samiske vidaregåande skolane.

– Vi arbeider for å få eit eige samisk kulturfag som vi ønsker som eit felles ålment fag for alle studieretningar, med høve til meir fordjupning på nokre linjer. Skolane har samarbeida om å lage ei grovskisse til ka som bør vere med i ein slik plan. Denne har vi sendt til Samisk utdanningsråd og vidare til KUF. Eg veit ikkje kor langt saka har kome. I tillegg ønsker vi å utvikle tilbod innafor kunst og estetiske fag.

– Men vi skal ikkje bare tenke på oss sjølv. Vi har og noko som vi kan gi til andre. Det er tilsaman fleire samiske elevar ved dei fylkeskommunale vidaregåande skolane enn ved dei statlige samiske vidaregåande skolane. Både av omsyn til dei og til dei ikkje-samiske elevane som og treng opplysning om samiske forhold må vidaregåande på same vis som grunnskolen få samiske stolpar i dei nasjonale læreplanane.

Privatpraktiserande lærar

– Så lenge vi ikkje har samiske læreplanar er ansvaret for at undervisninga blir tilpassa til samiske forhold opp til den einskilde læ raren. Det burde vi for lengst ha kome bort frå. I læreplanane våre krevas det ikkje at læraren underviser i samisk historie, og da kan heller ikkje skolen pålegge historielæraren dette. Det samiske må vere fastslått i læreplanar slik at ingen kan ta det bort. Ansvaret for å gi god utdanning skal vere på systemnivå, ikkje opp til læraren si vilje og kompetanse. Så lenge vi ikkje har samiske læreplanar får vi heller ikkje eigne lærebøker og læraren kan ikkje kreve etterutdanning i dei emna som vi har bruk for, men som dei oftast ikkje har fått i grunnutdanninga si.

Dilemma

– Dilemmaet vårt er at vi ønsker undervisning på samisk, samtidig ønsker vi å rekruttere elevar frå heile det samiske området. I Guovdageaidnu forsøkte vi å løyse dette med å sette igang intensivkurs i samisk språk og kultur. Men dessverre kom det ikkje meir enn to søkarar, så det blei det ikkje noko av i første omgang. No må skolane vakne! Skolen og styret for de samiske videregående skolen har ikkje klart å samle kreftene. Vi må ha visjonar som går lenger enn bare å gjennomføre alt som kjem frå departementet, og vi må arbeide systematisk for å nå måla.

– Samfunnet endrar seg fryktelig fort. Ikkje minst endrar ungdomskulturen seg. I det samiske samfunnet spelar skolen ein mye større rolle enn før, han har ei avgjørande rolle i å bevare og utvikle samisk språk og kultur. Skolen skal ikkje bare bli påvirka av samfunnet, han skal og påvirke samfunnet.

Magga: Neste skritt

– Sametinget har stått hardt på for å få samiske læreplanar i grunnskolen og vi er glade for dei lære- planane som no ligg føre. Men når det gjeld vidaregåande skole har vi gjort for lite. Det må no bli det neste skrittet, seier avtroppande sametingspresident Ole Henrik Magga, og legg til at det er like stort behov for samiske læreplanar i vidaregåande skole og i høgskolen som i grunnskolen.

KUF: Ikkje behov

Å få det kongelige Kyrkje-, Utdannings- og Forskningsdepartementet (KUF) i tale er ingen enkel sak, men etter eit par veker får vi endelig tak i Arild Thorbjørnsen, avdelingsdirektør for vidaregåande opplæring.

– Korfor ønsker ikkje KUF samiske læreplanar i vidaregåande skole?

– Samiske læreplanar, ka tenker du på da, vi har jo læreplan i samisk. Og så har vi ein læreplan i duodji, for å ta vare på dei samisk handverkstradisjonane.

– Men grunnskolen har jo eit heilt samisk læreplanverk, korfor kan ein ikkje ha det og i vidaregåande?

– Ein kan ikkje samanlikne dei skoleslaga. I grunnskolen har alle elevar dei samme faga, i vidagregåande finst det omlag 400 læreplanar. I tillegg er det vanskelig å tenke seg samisk læreplan i fag som er sertifikatgivande.

– Så KUF avviser altså dei krava om samiske læreplanar som har kome frå skolar og lærarorganisasjonar...

– Eg kjenner ikkje til ka slags krav som har kome.

– Så krava har altså forsvunne i departementet?

– Nei vi er bare så mange som jobbar her.

Thorbjørnsen ser ei rekke måtar å få inn samiske emne i undervisninga utan eigne læreplanar.

– Det vil for eksempel ikkje vere problem å ta opp samisk kultur og sangtradisjonar innafor musikk-dans-drama. (Denne linja finst ikkje ved samiske vidaregåande skolar, red.) Læreplanar er målrelaterte, vil kunne spesialisere seg i samisk kultur og historie. Så har jo alle linjer eigne valgfag med 2 timar pr. uke. Kan vere f.eks. knytta til lokal historie, husflid. (På dei samiske vidaregåande skolane er det ikkje valfag, da disse timane er opptatt av samisk og norsk. SL)

Til slutt finn Thorbjørnsen ut at dette blei visst litt vanskelig og han ber om å få undersøke sakene grundigare eit par dagar og ringe tilbake. 3 dagar etterpå er han på tråden. No har han eit nytt argument mot samiske læreplanar, nemlig at vidaregåande skole skal gi grunnlag for studiekompetanse, og da må det vere eit felle vurderingsgrunnlag. Han held fast ved at det må vere mogleg å bruke dei samme læreplanane over heile landet. Men han kan fortelle at KUF ser positivt på ein søknad om eigen læreplan for kulturfag, og har bede Samisk utdanningsråd arbeide vidare med saka.

Vi gjentar så spørsmålet om ka KUF har gjort med kravet om eiga evaluering av verknadane av Reform 94 fro samisk opplæring.

– Vi har skreve eit brev. Nei, vi har ikkje skreve det enno. Vi har laga eit notat. Vi tar sikte på å svare i løpet av oktober.

Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no