Debattinnlegg sendt Utdanning og fleire dags- og vekeaviser 30.11.2004

Svein Lund:

Frå "gagns menneske" til målbare kunnskapsbærarar

For ikkje lenge sidan var det ei sjeldan hending på norsk fjernsyn. Ei dame ved namn Margaret Olin fortalte om ein film ho hadde laga, ei usensurert framstilling av den harde røyndomen i ein ungdomsskole i hovudstaden. I fjernsynsprogrammet siterte ho rektoren på denne skolen som sa noko av det beste eg har hørt frå ein rektor: "Dei viktigaste kunnskapane er dei som ikkje er målbare. Og det er i første rekke dei vi ønsker å gi ungdommen". Det minner om det ein sa i noko eldre tid, da det blei sagt at skolen sitt viktigaste mål var å gjøre elevane til "gagns menneske".

Men det var da det - og itte nå, som ein av våre store diktarar har sagt. I dag er det heller tvert om - det bare er det målbare som teller. Dette er eit resultat av ei utvikling som starta for fullt under Gudmund Hernes, som i 1987 uttrykte målet slik:
Mine ønsker for skolen er derfor:
- Mer trening
- Mer struktur
- Mer standardisering
- Mer arbeidsdisiplin
- Mer faglig konsentrasjon
- Mer krav til innsats fra elevene
- Mer krav til engasjement fra foreldrene
Dette låg til grunn for reformene i skolen på 90-talet, men Hernes klarte ikkje heilt å få skolen inn i dette mønsteret. No har Kristin Clemet sett seg som mål å fullføre det Hernes starta. Sidan ho kom til makta har vi stadig fått høre at norsk skole er for dårlig, at internasjonale undersøkingar syner at andre land er så mye betre. Det ho ser på da er den målbare kunnskapen i teoretiske fag. Det er ikkje spørsmål om elevane trivast på skolen, om dei lærer å samarbeide, å vise omsorg, å orientere seg i samfunnet eller å utvikle skapande evner f.eks. i forming eller musikk. Det er ikkje spørsmål om dei som tar ei praktisk utdanning blir flinke fagfolk. Det er snakk om dei klarer å konkurrere med Finland og Japan i teoretisk matematikk og engelskkunnskapar og om dei skriv norsk etter gjeldande rettskriving.

Den nye skolereforma, som frå 2006 skal innførast for heile grunnskolen og den vidaregåande opplæringa, er krona på verket i dette arbeidet. Grunnskoleelevane skal ha fleire timar skole dei første åra, altså færre timar til fri leik og læring utafor klasserommet. Leseopplæringa skal starte frå 6-årsalderen. Dei faga som skal få fleire timar, anten i grunnskole, vidaregåande eller begge stader er utelukkande heilt teoretiske fag: norsk, matematikk og framandspråk.
Mange vil vel syns det er bra om elevane får betre kunnskapar på desse områda. Men har dei da stilt spørsmålet: Kva fag er det som tapar i denne prioriteringa? For det første dei samfunnsorienterande faga, dei som skal gi elevane eit godt grunnlag for å bli aktive og kritiske samfunnsmedlemmar; samfunnskunnskap, historie, geografi. For det andre dei praktiske og estetiske faga, som i grunnskolen skal både gi ein variasjon i skolekvardagen og ein sjanse til å utvikle andre evner enn dei teoretiske, og som i vidaregåande skole er hovudsaka i ei utdanning for praktiske yrke. For det tredje er det fag som elevane får velge ut frå eigne interesser.

Dei internasjonale undersøkingane, som skolestyresmaktene våre legg slik vekt på, viser ikkje bare gjennomsnittresultat. Dei viser og at forskjellane er svært store innafor norsk skole, eller at svært mange fell gjennom i forhold til skolen sine krav. For desse elevane vil det ikkje hjelpe å auke timetalet og pensumet i teorifaga, snarare tvert om. Ein svært stor del av elevane både i grunnskolen og vidaregåande skole klagar over at skolen er for teoretisk. Det siste tiåret har utviklinga gått einsidig i teoretisk retning. Det gjeld timetal for teorifag kontra praktiske og estetiske fag, men og at teorifaga blir meir allmenne for yrkesfag i vidaregåande skolar og at tidligare praktiske fag som forming og kroppsøving får eit større innslag av teori. Den nye reformen vil gjøre skolen enno meir teoretisk. Læreplanane som no er under arbeid skal byggast på fire såkalla grunnleggande ferdigheiter. Her finst ikkje spor av "gagns menneske". Her finst ikkje evne til praktisk arbeid, ikkje sosiale ferdigheiter i omgang med andre menneske, ikkje forståing for kultur og kunst. Her finst bare lesing, skriving, rekning og bruk av datateknologi.

Desse grunnleggande ferdigheitene skal så målast gjennom nasjonale prøver, der skolane konkurrerer med kvarandre og resultata hengast ut for alle og ein kvar på internett. Dette har allereie byrja å virke som eit hardt press på skolane til å kutte ut alle andre aktivitetar enn dei som gir målbare resultat på prøvene for neste år.

Tilbake til den omtalte rektoren som meinte at ikkje-målbare kunnskapar var viktigast. Ein rektor er i dag ifølge lovar og rundskriv ein arbeidsgivarrepresentant og departementet sin forlenga arm. Ei undersøking som nylig blei offentliggjort viser at rektorar i norske skolar kjenner seg knebla av skolestyresmaktene, slik at dei ikkje lenger tør seie meininga si offentlig. All ære til dei som framleis tør å forfekte eit skolesyn tvert imot det departementet har vedtatt og som tør å sette elevane sine interesser foran lydigheit mot ein skolepolitikk som gjør både elevar, lærarar og skolar til taparar i konkurransen.


Til startsida

sveilund@online.no