Reportasje i Klassekampen, 1988

Elevar fryktar den nye framandlova

- Framandpolitiet ringer opp rektor og spør etter karakterane til innvandrarelevar. På skolen vår har rektor nekta å svare. I dag kan han det, men ikkje om den nye utlendingelova blir vedtatt.

Av Svein Lund

Dette fortel Asif Mohammad som går på audio/video-linja på Sogn vidaregåande skole i Oslo. Han og Espen Schønfeldt er med i YLI sitt framandspråklige utval, og begge satt i sentralstyret fram til landsmøtet sist helg.

- YLI er den einaste elevorganisasjon som har tatt kampen mot rasisme opp som ei viktig sak, seier del to, og fortel at tre ganger har YLI arrangert landskonferansar for framandspråklige elevar, med 40-50 deltakarar kvar gang. I fire år har ein hatt eige framandspråklig utval.

Inter-grupper

På dei to største yrkesskolane i Oslo, Sogn og Elvebakken, har framandspråklige elevar gått saman i såkalla Inter-grupper, og Asif har vore leiar av Intergruppa på Sogn. Der har dei og ei anti-rasistisk gruppe, der både norsk-språklige og framandspråklige elevar er med.

Dårlige forkurs

Bare eit par prosent av dei framandspråklige elevane gjennomfører tre år i vidaregåande skole. Svært mange fell av på grunn av språkproblem. Bare i nokre få store byar fins det eigne innføringsklassar eller forkurs. I Oslo fins det forkurs bare til linjene maskin og mekaniker og helse-og sosialfag. Resultatet er at av del 200 framandspråklige elevane på Sogn går 150 maskin og mek, og det er nesten bare guttar. Disse 150 er stort sett frå den 3. verda.

- Kor dårlig språkopplæringa er ser vi på at 54 prosent strauk til opptaksprøve i norsk ved yrkesskolane i Oslo, seier Asif. - Norsklærarane har Ingen utdanning i norsk som framandspråk, og dei kan gjeme ikkje språket til elevane. Vi har elevar frå 32 nasjonar på Sogn og klassane er ikkje delt etter språkgrupper.

Asif er med i ei gruppe som arbeider med å lage alternativ til dagens forkurs.
- Vi er elevar, lærarar og rådgivarar som samarbeider om dette, seier han. - Vi trur vi skal få det nye forkurset igang frå høsten. Da legg vi opp til meir yrkesorientering, og orientering om alle skoletilbod, og sterkare opplæring i norsk og samfunnsfag.

Framandpolitiet

- Bilopprettarlinja på Sogn skulle ha 6 vekers praksis. Men ein elev fikk ikkje lov av framandpolitiet, fordi han ikkje hadde lov å arbeide meir enn 20 timar i veka. Denne praksisen var ein del av utdanninga, og slik ville han ikkje få fullført utdanninga si. Eg måtte ta dette opp gjennom YLI for å få løyst det, fortel Asif.

Mange har og vanskelig for å få lærlingeplass, bl.a. på grunn av rasistiske haldningar i bedriftane. Derfor kan det ta tid å få lærlingekontrakt etter skolen, og så får del framandpolitiet på nakken. Eit anna problem er at dei som ikkje er norske statsborgarar bare kan få lån til ei utdanning.

- YLI jobbar for alle medlemmane, seier Espen. Men spesielt for dei som har størst problem. Derfor prioriterer vi jenter og kamp mot rasisme.

YLI mot rasisme

På Ibestad i Troms er det ein rasistgjengsom terroriserer innvandrarar som går på den vidaregåande skolen. Men nå vil elevane ta opp kampen. Det var seks utanlandske elevar da skolen starta i høst, men nå er det bare tre igjen. Dei kjem frå Gambia, Marokko og Sri Lanka. Rasistane terroriserer både dei og norske elevar som er venner med dei. Ein elev som gikk saman med han frå Gambia blei mishandla så han måtte syas. Det blir mala «Ku Klux Klan» og «Nigger go home» og liknande rundt i bygda, bl.a. inne på eigedomane til nok re av lærarane.

Dei aktive rasistane er ikkje elevar på skolen, men nokre av elevane støttar dei. Stemninga i bygda har og i stor grad vore negativ til innvandrarane.

- Elevrådet ved skolen kontakta osa i YLI, fortel Anne Marie Knaus Knutsen, som er rasismeansvarlig i distriktsutvalet til YLI i Troms.

- Vi kontakta så flyktningekonsuleten i Harstad og SOS-Rasisme. Om eit par veker vil elevrådet arrangere mote for heile lokalbefolkninga, fordi det er tydelig at det trengs informasjon. Der vil vi og invitere rasistane. Der vil vi og invitere rasistane, prove å få ein diskusjon med dei.

Både på Ibestad og andre skolar i Troms er det spreidd rasiatiak propaganda frå Nasjonalt Folkeparti. Dette har Troms YLI meldt til politiet.

- På dei andre skolane i Troms har det ikkje vore slike probtem som på Ibestad, men det betyr ikkje at det ikkje trengs anti-rasistisk arbeid der, seler Anne Marie. - Der er vi så heldige å kume-drive førebyggande arbeid. Derfor satsar vi på danne anti rasistike grupper. Ei slik er nylig blitt danna på Tromsdalen vidaregåande. Det er veldig skremmande å sjå korleis rasimmen aukar. Den må motarbeidas på alle måtar, ogdet viktigaste nå er å skolere oss sjal og Informere andre elevar. I Oslo fikk rasistiske idear spreie seg alt for lenge far det blei tatt skikkelig til motmæle. Det skal ikkje få skje i Troms.


Til startsida

sveilund@online.no