Opplegg for evaluering av læreplan for vidaregåande skole etter Reform 94
Prosjektoppgåve i norsk for yrkesfaglærarar
Svein Lund
Høgskolen i Akershus - Mai 1999
Bakgrunnen min for å skrive denne oppgåva er:
1. Røynslene eg gjorde som lærar ved Samisk videregående skole og reindriftsskole i tida 1988-98, der eg ved sida av mekaniske fag underviste i bl.a. norsk for yrkesfag og samisk som andrespråk og som C-språk. Gjennom samarbeid med lærarar ved begge dei samiske vidaregåande skolane har eg og fått del i nokre av røynslene deira med norskfaget. Blant anna var eg med å laga høringsuttale til læreplanen "Norsk for elevar med samisk" våren 1993.
2. Da eg i 1994-96 las tospråkligheitspedagogikk ved Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, gjorde eg som prosjektoppgåve ei undersøking av kordan elevane i samisk vidaregåande skole opplever norskfaget og kva for haldningar har dei til norsk språk og norskundervisning. Eg har i denne oppgåva vist til nokre av resultata frå undersøkinga og bygd vidare på denne.
3. Dei siste åra har eg vore engasjert av Samisk utdanningsråd i arbeidet med å gjøre ferdig Metodisk rettleiing for samisk første - og andrespråk og norsk for elevar med samisk, i tillegg til at eg har vore med å vurdere læreboka "Norsk på grunnlag av samisk"
4. I samband med studiet i yrkespedagogikk hovudfag skreiv eg i 1998 to prosjektoppgåver om yrkesretting av språkfag i samiske vidaregåande skolar, først ei lærarundersøking og deretter eit forslag til kursopplegg.
5. Gjennom Nordisk Samisk Institutt er eg no engasjert i arbeidet med evaluering av Reform 94 for samisk vidaregåande opplæring. Tanken min er at denne oppgåva og evalueringa skal kunne bidra til kvarandre. Oppgåva må avsluttas no (mai 1999), men evalueringa held fram ut året 1999, og derfor har eg og tatt med litt om det eg kan tenke meg at vi gjør vidare i forhold til norskfaget. Dette kjem særlig fram under kap. 5 - Metode.
Denne oppgåva ber preg av å vere skreve mens eg står midt oppe i prosessen med evalueringa av norskfaget i Reform 94. Eg har derfor fått med dei første resultata av denne evalueringa, mens eg på andre felt bare kan legge fram planar for ka som vidare bør gjøras. Ettersom det er stort behov for vidare undersøkingar, vil eg ikkje no legge fram noko endelig forslag til kva for endringar som bør gjøras i læreplanen.
Eg vil takke dei lærarane og elevane som no og tidligare har latt meg få del i røynslene sine med norskundervisning i samiske skolar, det er røynslene deira som er grunnlaget for heile oppgåva. Eg vil vone at denne oppsummeringa kan vere litt til nytte i å gjøre norskundervisninga bedre og etterkvart til ein integrert del av ein samisk skole.
1. Innleiing
1.1. Læreplanen "Norsk for elevar med samisk"
1.2. Evalueringa av Reform 94
1.3. Problemstilling
2. Norsk for samar - historisk bakgrunn
2.1. Norsk som fornorsking
2.2. Norsk som andrespråk
2.3. Vidaregåande skole
2.4. Har norskfaget endra karakter?
3. Overordna mål i dag
3.1. Internasjonale konvensjonar:
3.1.1. Menneskerettserklæringa
3.1.2. FN-konvensjonen om rasediskriminering
3.1.3. Konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter
3.1.4. FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar
3.1.5. ILO-konvensjonen om urfolk
3.1.6. FNs barnekonvensjon
3.2. Grunnlova
3.3. Norske lovar
3.3.1. Samelova
3.3.2. Opplæringslova m/ forskrifter
3.4. Læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring og
vaksenopplæring. Generell del.
4. Kva skal evalueras?
4.1. Det konkrete innhaldet i læreplanen
4.1.1. Nivå
4.1.2. Volum
4.1.3. Emneval
4.1.4. Yrkesretting
4.1.5. Sidemål
4. 2. Forholdet mellom samisk-faget og norskfaget
4.2.1. Timefordeling
4.2.2. Lærarsamarbeid
4.2.3. Fylkeskommunale skolar
4.3. Lærarkvalifikasjonar
4.5. Læremidler
4.6. Resultat
4.6.1. Ferdigheiter
4.6.2. Haldningar
5. Metode
5.1. Skriftlige kjelder
5.2. Intervju
5.2.1. Lærarar
5.2.2. Elevar
5.2.3. Skolestyresmakter
6. Læreplananalyse
6.1. Historie
6.1.1. Læreplanen "Norsk for elevar med samisk"
6.1.2. Metodisk rettleiing
6.2. Samanlikning av læreplanar
6.2.1. "Norsk" og "Norsk for elevar med samisk"
6.2.2. "Norsk for elevar med samisk", "Nordsamisk førstespråk"
og "Samisk andrespråk"
6.2.3. "Norsk for elever med samisk" og "Norsk som andrespråk for
språklige minoriteter"
6.3. Den nasjonale læreplanen "Norsk"
7. Lærarundersøking
7.1. Samisk videregående skole, Karasjok
7.2. Samisk videregående skole og reindriftskole
8. Elevundersøking
8.1. Undersøking i 1994-95
8.2. Undersøking 1999
9. Skolestyresmakter
10. Konklusjonar
10.1. Innhaldet i læreplanen
10.2. Praktiseringa av læreplanen
10.3. Svar på problemstillinga
Litteratur
Mange lærarar og elevar kjem bare bort i ein læreplan i norsk. Men både i grunnskole og vidaregåande skole er det heile fire forskjellige læreplanar. I tillegg til den vanlige planen som bare heiter "Norsk", er det planar for framandspråklige, samiskspråklige og døve.
I vidaregåande skole kan ein lese samisk som førstespråk, som andrespråk eller som B- eller C-språk. Dei som har samisk som B- eller C-språk følger den nasjonale læreplanen i norsk, noko som bl.a. betyr at dei på allmennfaglig studieretning eller påbyggingsår har skriftlig sidemål. Dei som har samisk som førstespråk eller andrespråk les derimot etter ein annan læreplan i norsk.
Fram til 1994 hadde elevar på allmennfag og handel- og kontor med samisk som førstespråk ein eigen plan som heitte samisk som andrespråk for samisktalande elevar, mens dei som hadde samisk som andrespråk las norsk som førstespråk, men utan sidemål. På yrkesfag var det derimot bare ein plan for alle: 2-timars-faget "Norsk med samfunnskunnskap" på grunnkurs.
Med innføringa av Reform 94 blei dette endra. Det blei no innført ein felles plan for elevar med samisk første- og andrespråk, kalla "Norsk for elevar med samisk." Som for andre allmenne fag er denne felles for alle studieretningar, forskjellen er bare kor mange modular ein skal ta på kvart klassetrinn.
Bakgrunnen var at dei fleste elevar med samisk som morsmål no har byrja å lære seg norsk allereie i førskolealderen og når dei kjem i vidaregåande skole beherskar dei norsk både skriftlig og munnlig omlag på linje med elevar med norsk som morsmål. Det er derfor ikkje lenger samme behov for ei andrespråksopplæring som det er i grunnskolen. Når ein likevel har ein eigen plan for elevar med samisk, er det dels for å avgrense norskfaget fordi disse elevane har eit anna stort språkfag ved sida, dels for å gi norskundervisninga ut ifrå den tospråklige bakgrunnen og miljøet til elevane og kunne sjå norsk- og samisk-undervisninga i samanhang.
Reform 94 er no evaluert i det vide og breie og det har kome omlag 60 rapportar. Disse er oppsummert i 10 sluttrapportar og frå disse igjen er KUF no i ferd med å skrive ei Stortingsmelding. Men ingen av dei 60 rapportane inneheld eit ord om forholda for samiske elevar eller om samisk innhald i skolen.
Etter gjentatte krav frå fleire hald har KUF no i samarbeid med Samisk utdanningsråd sett igang ei evaluering av samisk vidaregåande opplæring. Evalueringa skal gjennomføras i løpet av 1999 av Nordisk Samisk Institutt i Guovdageaidnu og Norsk Institutt for by- og regionforskning i Alta. Eg er leigd inn av Nordisk Samisk Institutt som forskningsassistent til å delta i denne evalueringa. Denne evalueringa vil på mange måtar bli forskjellig frå den landsomfattande evalueringa som er gjennomført. Eit sentralt spørsmål vil bli evaluering av læreplanar, både av dei spesifikt samiske læreplanane i samisk, norsk, duodji og reindrift, og av det samiske innhaldet eller mangelen på dette i dei øvrige læreplanane.
I grunnskolen finst det samiske læreplanar i dei fleste fag, som parallelle planar til dei nasjonale læreplanane. I vidaregåande skole finst det etter Reform 94 bare særeigne samiske læreplanar i fire fag: Reindrift (VK1-VK2), duodji (VK1), samisk og norsk. Av disse er det bare norskfaget som har ein parallell plan for norske elevar. Når det er reist ønske om samiske læreplanar i fleire fag i vidaregåande skole, vil det bli særlig viktig å evaluere dei røynslene ein har med læreplanen "Norsk for elevar med samisk".
Evalueringa av norskfaget må vere ein integrert del av heile evalueringa av Reform 94 for samisk vidaregåande opplæring. Evalueringa av læreplanane vil ha som utgangspunkt at læreplanane og undervisninga i dei einskilde faga skal vere i samsvar med dei overordna måla for vidaregåande opplæring i Noreg generelt og opplæringa for samiske elevar spesielt, slik disse er utforma i overordna styringsdokument som Grunnlova, Opplæringslova, Samelova, Den generelle læreplanen, Føremålsparagrafen for dei samiske vidaregåande skolane og internasjonale konvensjonar som Noreg har ratifisert.
Ut i frå dette blir problemstillinga tredelt:
1. I kva grad er læreplanen "Norsk for elevar med samisk" i samsvar med dei overordna styringsdokumenta for samisk vidaregåande opplæring?
2. I kva grad har undervisninga i norskfaget vore i samsvar med læreplanen?
3. kva for endringar kan det vere behov for å betre læreplanen og / eller gjennomføringa av denne?
_________________________________________________________________________________
Fleire artiklar om skolespørsmål
eller samiske spørsmål
Til startsida