Svein Lund:

Samisk Reform 94-evaluering i motvind

Innleiing som skulle vore holdt for Sametingets konferanse om vidaregåande opplæring, 10.-12.03.03

I 1999-2000 blei det gjennomført ei evaluering av samisk vidaregåande opplæring under Reform 94. Eg skreiv saman med Einar Bergland ein av evalueringsrapportane, gjennom Nordisk Samisk Institutt. I slutten av januar blei eg kontakta av konsulenten for vidaregåande opplæring ved Sametinget - opplæringsavdelinga. Han spurte om eg ville halde ei innleiing om evalueringa på ein konferanse i mars. Det sa eg ja til, og eg byrja å førebu meg på dette. Da eg hadde skreve ferdig innleiinga, fikk eg 20.02. gjennom omvegar høre at konferansen er utsett på ubestemt tid. Sidan eg ikkje får høve til å legge dette fram for konferansen, har eg bare ein ting å gjøre; eg legg det ut på internett og vonar at nokon vil lese det.


Når vi no er samla for å diskutere samisk vidaregåande opplæring på bakgrunn av evalueringa av Reform 94, er det gått
- eit tiår sidan hovudtrekka i Reform 94 blei vedtatt,
- fem år sidan den landsomfattande evalueringa av reforma blei avslutta,
- over fire år sidan evalueringa for samisk vidaregåande opplæring blei sett i gang og
- nesten tre år sidan denne blei avslutta og overlevert departementet.
Om vi skal kort karakterisere denne prosessen, vil eg seie at evalueringa hadde ein sein og trang fødsel og gikk sidan i motvind.

- Da reforma blei planlagt tenkte ein i departementet ikkje på samisk vidaregåande opplæring. Dei landomfattande endringane blei utan vidare gjennomført for dei samiske vidaregåande skolane, og alle innvendingar frå skolane blei avvist.
- Da den landsomfattande evalueringa blei sett i verk, inneheldt denne ikkje eit ord om samisk vidaregåande opplæring.
- Da Styret for SVS kravde ei eiga evaluering av verknadane av reforma for SVO, sa utdanningsdepartementet først nei. Først etter ein grundig dokumentasjon samt at SUR engasjerte seg i saka, ga departementet motvillig 200000 kroner. Først da SUR-direktøren ga klar beskjed om at det ikke ville bli gjennomført noen evaluering innafor denne summen, ga dept. etter og ga mer penger.
- Etter at NSI leverte rapporten til SUR, gikk det over eit halvt år før han blei prenta og offentlig tilgjengelig.
- Evalueringsrapportane blei ikkje sendt til høring og blei ikkje presentert for lærarar, elevar eller andre involverte.
- Hovudtrekka i evalueringa blei presentert for Sametinget ved eit seminar hausten 2000, men det blei ikkje følgt opp med noka politisk behandling.
- Departementet sendte saka til Læringssenteret, som brukte nesten eit år på å tilrå at saka blei sendt til Sametinget. UFD ba deretter Sametinget følge opp evalueringa, men utan å gi pengar.
Først på budsjettet for 2002 fikk Sametinget pengar og mandat til å følge opp evalueringa.

Reformene på 90-talet - Den fjerde fornorskinga

Så lenge det har vore organisert opplæring for samar i Noreg, dvs. om lag 300 år, har det vore strid om plassen til samisk språk og samisk innhald. I skolehistoria kan vi skilje ut fire periodar da skolestyresmaktene har sett seg som mål å fornorske skolen for samiske elevar. Det vil seie at leiande skolepolitikarar har sett seg som mål å fjerne eller redusere det samiske innslaget som har vore i opplæringa. Dei første to periodane var på 1700-talet, den tredje frå midten av 1800-talet og den fjerde om lag 1988 til 1996.

Reform 94 - ein del av ei reformbølge

Reform 94 var på ingen måte noka isolert reform. Reforma var ein del av ei omforming av skoleverket som pågikk frå heilt sist på 1980-talet til rett etter årtusenskiftet.
Programmet for omlegginga formulerte reformgeneral Hernes allereie i 1987:
- Mer trening
- Mer struktur
- Mer standardisering
- Mer arbeidsdisiplin
- Mer faglig konsentrasjon
- Mer krav til innsats fra elevene
- Mer krav til engasjement fra foreldrene

I 1987 hadde det kome to viktige dokument for utvikling av samisk opplæring: Grunnskolen fikk for første gong samiske læreplanar og for vidaregåande skole kom "Handlingsplan for samisk ungdoms utdanningsmuligheter". Framtida for utviklinga av samisk opplæring såg derfor lys ut, og det var få eller ingen som så at arbeidet for å snu denne utviklinga allereie var i gang. I motsetning til på 1800-tallet skjedde ikkje dette ved at fornorskinga av samane blei satt opp som erklært mål. Snarare tvert om, det skjedde samtidig som samane vann viktige sigrar på andre frontar, med Sameparagraf i Grunnlova, oppretting av Sametinget, ratifisering av ILO-konvensjonen osv. Nettopp derfor var det vanskelig å sjå kva som skjedde.

I 1992 var Gudmund Hernes blitt utdanningsminister og ein skolepolitisk programtale uttrykte han korleis læreplanane skal sikre at alle tenker likt: "…Det er tankene som må løftes og uniformeres om nasjonen skal holde sammen. …Skal vi sikre den rette tro, må læren være ens. Altså trenger vi læreplaner." No var arbeidet med omforming av skolen i gang og framhevinga av det nasjonale fellesstoffet var eit framtredande trekk ved heile reformprosessen. Det første steget var den felles generelle læreplanen. Her blir det nasjonale lærestoffet understreka sterkare enn på lang tid: "Det er en sentral opplysningstanke at slike referanserammer for forståelse og fortolkning må være felles for folket - må være en del av den allmene dannelse ...."

Reform 94 var nettopp denne tankegangen brukt på vidaregåande opplæring. Talet på linjer blei kraftig redusert, allmennfaga blei styrka på yrkesfag og fikk felles læreplanar med allmennfaglig studieretning. Fellespensum skulle dekke heile tida, det blei svært lite plass igjen for lokale tilpassingar. For samiske skolar blei dei direkte konsekvensane bl.a.:
- Avskaffing av duodji gk og vk2
- Forsøk på avskaffing av Reindrift vk1, vk2 forsvann seinare som naturlig konsekvens av reforma
- Avskaffing av duodji og reindrift som studieretningsfag på AF
- Obligatorisk B-/C-språk innført på AF
- Avskaffing av samisk utgåve av "språk og saksbehandling"
- Avskaffing av systemet med ein viss prosent samisk innhald i visse allmennfag.
- Ikkje lenger plass til lokalbasert tilvalgsstoff i ein del fag (eks. mek. fag)

Det er vanskelig å måle, men grovt sett vil eg anslå at halvparten av det særeigne ved samisk vidaregåande opplæring i løpet av 3 år var erstatta med "Norsk Standard". For Samisk videregående skole og reindriftsskole sette reforma ein stoppar for svært mye av det utviklingsarbeidet som var sett i gang under skolens tid som forsøksskole først på 90-talet.

Definisjonar

Da vi skulle evaluere samisk videregående opplæring under Reform 94, sto vi med ein gong overfor to definisjonsspørmål: Korleis definerte vi "samisk videregående opplæring" og korleis definerte vi Reform 94?
Samisk videregående opplæring definerte vi slik:
· All opplæring ved de to samiske videregående skolene i henholdsvis Kautokeino og Karasjok.
· Opplæring ved fylkeskommunale videregående skoler over hele landet i samisk språk, i norsk for elever med samisk, i samiske emner og fag, samt evt annen opplæring som er særlig rettet inn på samiske elever.
· Opplæring for lærlinger i samiske fag og/eller med bakgrunn fra samisk videregående skole.
· Veilednings- og andre tjenester for slike elever og lærlinger gjennom oppfølgingstjeneste, PP-tjeneste og opplæringskontor.

Reform 94 definerte vi som dei endringar i lovar og forskrifter for skoleverket på 1990-talet som førte til store endringar for vidaregåande opplæring. Det vil seie at i tillegg til sjølve struktur-, retts- og innhaldsreformen som blei innført frå 1994 til 1996, tok vi med den generelle læreplanen av 1993 og opplæringslova av 1998. Når vi vurderte det samiske innhaldet i reforma i lys av lovar og konvensjonar, måtte vi vurdere kvar av desse delane, i tillegg til at vi vurderte dei opp mot kvarandre.

Juridisk og politisk grunnlag

Vi starta med å slå fast det juridiske og politiske grunnlaget for samisk vidaregåande opplæring. Dette består i første rekke av, hierarkisk ordna: 1. Internasjonale konvensjonar som Noreg har slutta seg til
2. Grunnlova
3. Andre norske lover, særleg samelova og opplæringslova
4. Læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Generell del
5. Læreplanar i einskilde fag

Ei kort samanfatting av rapporten på dette punktet er at jo høgare oppe i hierarkiet vi er her, jo sterkare står samane sin rett til ei samisk opplæring. Men jo lenger ned vi kjem, jo meir direkte verknad får regelverket for elevane og lærarane sin kvardag. I praksis er det læreplanane i dei einskilde faga som får verknad for det daglige livet i skolen, for lærarane sitt arbeid, for lærebøker og andre læremiddel, for budsjett og utstyr. Og når vi har kome dit ned, er det svært lite igjen av alle dei rettane som samane i Noreg har etter internasjonale konvensjonar.

Evalueringa til Nordisk Samisk Institutt dreidde seg i hovudsak om ei vurdering av lovgrunnlaget og av praksisen i skoleverket samanlikna med dette. Ut frå dette skulle vi så komme med forslag til endringar i lovverk og praksis.
Vi gikk gjennom 4 relevante konvensjonar, men la hovudvekta på ILO-konvensjonen om urfolk. Her er ei rekke punkt som er aktuelle for samisk opplæring, eg skal nøye meg om å sitere to, eit som seier noko om innhaldet i opplæringa for urfolk:
Utdanningsprogrammer og utdanningstilbud for vedkommende folk skal utvikles og gjennomføres i samarbeid med dem for å kunne møte deres særlige behov. De skal omfatte deres historie, kunnskaper, teknologi, verdisystemer og deres sosiale, økonomiske og kulturelle ønskemål for øvrig.
- og eit som seier noko om innhaldet i opplæringa for majoritetsbefolkninga:
Det skal settes i verk informasjonstiltak i alle sektorer av samfunnet, og særlig blant de grupper som er i mest direkte kontakt med vedkommende folk, for å fjerne fordommer som måtte eksistere mot disse folk. For å oppnå dette, skal det settes inn ressurser for å sikre at lærebøker i historie og læremidler forøvrig gir et rettferdig, korrekt og informativt bilde av disse folks samfunn og kultur.
Dette er i dag langt på veg gjennomført når det gjelder grunnskolen. Ingen av desse punkta er derimot gjennomført for vidaregåande opplæring. Da Reform 94 blei gjennomført, ba Styret for SVS departementet om at reforma blei vurdert i lys av ILO-konvensjonen og andre konvensjonar. Dept. var den gang ikkje villig til å gjøre ei slik vurdering. Men to år seinare skjedde ei tilsvarane vurdering i samband med R97. Nettopp rettane som urfolk skal ha iflg, konvensjonane er i føreordet til Det samiske læreplanverket for den 10-årige grunnskolen brukt som argument for at grunnskolen har:
- ei felles samisk prinsippdokument (bru)
- samiske læreplanar i fag
- samiske emne i nasjonale læreplanar.
Konvensjonane gjeld i like stor grad for vidaregåande opplæring som for grunnskole. Når ein argumenterer for at dette er ei naturlig følge av konvensjonane for grunnskolen, er det ein naturlig konklusjon at dette og gjeld for vidaregåande opplæring. Når ikkje vidaregåande opplæring har noko av desse tre, er derfor ikkje konvensjonen oppfylt. Hovudkonklusjonen vår ut frå den juridiske gjennomgangen er derfor at samane som urfolk har rett til å få dei nemnte tre punkta oppfylt for vidaregåande opplæring, i den grad dei som arbeider i samisk opplæring og samiske folkevalde organ ser behov for det.

Lærarane sitt syn

Etter denne formelle vurderinga "ovafrå" gikk vi ut i skolen for å sjå saka frå grunnplanet. Grunnplanet vil i denne samanheng seie lærarar. Vi ønska i utgangspunktet også å gjennomføre ei elevundersøking på dette området, men innsåg etterkvart at det ikkje blei plass for det innafor dei økonomiske og tidsmessige rammene vi hadde. Dessuten har ingen, eller svært få, elevar opplevd skolen både før og etter reforma, og det gjorde at det var vanskelig for dei å vurdere endringane.
Vi intervjua lærarar ved alle linjer og dei aller fleste fag ved begge dei samiske vidaregåande skolane, samt lærarar i samisk og til dels norsk ved utvalde fylkeskommunale skolar i 4 fylke. Vi spurte i kva grad det var eit samisk innhald i læreplanane, i læremidla og i undervisninga deira, og kva som evt. hindra dei i å gi opplæringa eit meir samisk innhald.
Responsen vi fikk var at eit overveldande fleirtal av lærarane ønska å gi opplæringa eit samisk innhald i større grad enn det dei klarte i dag. Det som hindra dei var læreplanar og sentralgitte eksamenar utan samisk innhald, mangel på læremiddel, mangel på kompetanse hos ein del lærarar, til dels også økonomiske rammer i forhold til gjesteførelesarar og ekskursjonar.
Da vi spurte om verknadane av reforma innafor dei einskilde linjene og faga, må vi skilje mellom svara frå linjer / fag med og utan særskilt samisk innhald:

Fag med samisk innhald:

Samisk og norsk

Etter at samisk først var heilt uteglømt ved planlegging av reformen, klarte SUR å sørge for at faget blei bevart og til dels styrka, særlig på yrkesfag. Nytt med reforma er at samisk har samme timetal spm første og andrespråk, og at alle som har samisk som første- eller andrespråk har felles læreplan i norsk; norsk for elevar med samisk. Også elevar med samisk som morsmål kan velge samisk andrespråk, og dermed få mindre arbeidsbelastning og/eller betre karakterar. Dei får inga uttelling i studiepoeng for å velge samisk førstespråk. Dette har ved nokre skolar ført til ei drastisk forskyving frå første- til andrespråk.
Hovudkritikken mot desse læreplanane er:
- Både samiskplanane og "norsk for elever med samisk" er skreve etter mønster av den nasjonale læreplanen i norsk, og dei er for like denne.
- Læreplanen samisk andrespråk ligg for nært opp til krava i førstespråksplanen og måla er urealistisk å oppnå for elevar i område der samisk står svakt.
- Det er ikkje eigen læreplan for samisk som C-språk, bare ein generell C-språks plan som passar betre for framandspråk.
Samtidig er her problem med å klare å oppfylle planane, bl.a. pga. mangel på læremiddel, mangel på kompetanse hos lærarar, problem med organiseringa når det er fleire læreplanar i ei klasse.

Reindrift og duodji

Både reindrift og duodji var før reforma 3-årige utdanningar i skole, planane var i stor grad utarbeida i samiske miljø. For begge desse linjene gjeld det at etter R94 må elevane gjennom eit landsomfattande nasjonalt norsk grunnkurs før dei kan ta til på den samiske utdanninga. Ingen med tilknyting til samiske forhold deltok i utarbeidinga av desse læreplanane. Dette slår særlig uheldig ut for duodji, da læreplanen i formgiving gk bind opplæringa i langt større grad enn i naturbruk gk. For både reindrift VK1/2 og duodji VK1 snakka vi med lærarar som hadde sete i læreplangrupper. Ei felles erfaring var at dept. heile tida skulle styre dei i retning av meir nasjonalt fellesstoff, mindre særeeige samisk. Departementet har konsekvent nekta SVS å stille krav om kjennskap til samisk språk og kultur for inntak på desse linjene.

Fag utan samisk innhald i læreplanane:

Om lag 2/3 av opplæringa ved samiske vidaregåande skolar skjer i fag der læreplanane er felles for heile landet og der samar anten er nemnt i ei bisetning i eit hovudmoment, eller ikkje nemnde i det heile. Det gjeld for alle allmennfag med unnatak for samisk og norsk, det gjeld for alle studieretningsfag på samtlige yrkesfaglige grunnkurs og på alle vidaregåande kurs med unnatak av reindrift og duodji.
Det var forskjellige erfaringar blant lærarane om kor stor grad læreplanen var ei hjelp for å gi ei opplæring med samisk innhald, men det var semje om at det aldri var noko støtte å få, verken frå læreplan eller metodisk rettleiing, og bare i svært få tilfelle frå lærebøker. I fleire fag sa lærarane at etter reforma bandt læreplanen opp undervisninga i større grad enn før, slik at det blei mindre plass for lokale og samiske innslag.
Trass i dette har mange lærarar gjort ein stor innsats for å gi undervisninga eit samisk innhald. I fleire fag har dei utarbeida permar med stoff om samisk kunnskap i faget, laga kompendier, teikningar, arbeidsrekker og øvingar. Gjennom evalueringa har vi dokumentert ei rekke eksempel innafor dei forskjellige faga, både på slikt som er gjennomført, og på idear som lærarane har, men som dei av forskjellige grunnar ikkje har sett seg i stand til å gjennomføre så langt. Dette kan ein finne i evalueringsrapporten vår, enno meir kan ein finne i seminarrapporten "Samisk kunnskap - grunnlaget for samisk videregående opplæring" og for fire yrkesfag i hovudoppgåva mi, "Frå tradisjon til yrkesskunnskap".
Av dei faga som undervisast i dei samiske vidaregåande skolane kan vi trygt trekke konklusjonen at minst 80-90% av faga har eller kan ha eit særeige samisk innhald, som bør komme til uttrykk gjennom læreplanar, metodiske rettleiingar og/eller læremiddel.

Kva må gjørast?

Undersøkingane våre både om det juridiske og politiske grunnlaget og blant lærarar i samisk vidaregåande opplæring peikar i same retning: Det er behov for ei kraftig styrking av det samiske innhaldet i vidaregåande opplæring. Det gjeld særskilt opplæringa for samiske elevar, men det gjeld og den nasjonale opplæringa for alle elevar i Noreg. Dette kan gjørast på fleire vis, vi vil ikkje påstå at det bare er ein veg som fører til målet. Men dersom utgangspunktet er den hovudstrukturen som er gitt av lovar, læreplanar og andre forskrifter for opplæring i Noreg, må vi finne løysingar innafor denne ramma. Og det mest nærliggande er da å gå tilbake til den løysinga som i Noreg har sikra samisk opplæring i grunnskolen:
1. eit felles samisk prinsippdokument
2. samiske læreplanar i fag
3. samiske emne i nasjonale læreplanar.

Eg forstår Sametingets opplæringsavdeling slik at ein ønsker å starte med prinsippdokumentet, og det kan vere lurt, slik at ein ikkje kjem i same situasjon som grunnskolen, der læreplanane for fag blei laga først og det felles grunnlaget etterpå.
Men kva for status skal dette prinsippdokumentet få? For grunnskolen var det enklare, der eksisterte allereie eit felles dokument for dei nasjonale læreplanane, den såkalla "broen". Dermed blei løysinga å lage ein samisk parallell, "sámi šaldi". Her må sametingets opplæringsavdeling i lag med departementet avklare kva for juridisk status eit slikt prinsippdokument vil ha. Eg vil foreslå ei plassering på linje med "Sámi šaldi", dvs. underordna opplæringslova og den generelle læreplanen, men overordna læreplanen for einskilde fag.
Dette tilseier at det og vil vere behov for endringar i opplæringslova og i den generelle læreplanen. Begge desse dokumenta bør ta inn nokre hovudpunkt frå prinsippdokumentet. I tillegg bør opplæringslova slå fast rettar for elevar i vidaregåande opplæring:
· rett til undervisning på samisk, som et minimum ved de samiske videregående skolene og ellers der f.eks. 5 elever ønsker det.
· rett til undervisning i samisk, primært for alle som ønsker det, sekundært både for alle samer, uansett om de har hatt samisk i grunnskolen eller ikke og for alle som har hatt samisk i grunnskolen, uansett etnisitet
· rett til lærebøker på samisk i fag som blir underviste i samiske videregående skoler.
· rett til samiske læreplaner, der Sametinget ønsker dette.
I kva grad vil det vere behov for samiske læreplanar? Det er bl.a. avhengig av kor mye ein kan få med i dei nasjonale planane, og i kor stor grad desse opnar for lokale og kulturelle tilpassingar. På eine sida er det ikkje noko prinsipp at alle fag skal ha eigne samiske læreplanar. På andre sida er det ikkje nok å "tilpasse" og "vinkle" eit nasjonalt pensum. Dersom det skal bli plass til samisk kunnskap i forskjellige fag, må ein ha retten til å rydde plass for det, inkludert retten til å velge bort noko av det nasjonale stoffet.
Samiske læreplanar og samiske emne i nasjonale læreplanar må derfor vurderast konkret for kvart fag. Desse spørsmåla må sjåast i samanheng, og eg vil foreslå at ein set ned læreplangrupper for kvart fagområde / beslekta fag, som foreslår både punkt til samiske læreplanar og til nasjonale læreplanar. Læreplangruppene bør ha med både lærarar og fagfolk utafor skolen.

Ansvaret ligg no i første rekke i Sametinget. Så langt har det ikkje skjedd så mye sidan dei fikk dette ansvaret. Skal evalueringa føre til verkelig endring og utvikling av samisk vidaregåande opplæring, trengst det at dette arbeidet blir prioritert opp, både organisatorisk, økonomisk og personellmessig. Under evalueringa lærte vi at vi var heilt avhengig av nært samarbeid med dei som arbeider i samisk vidaregåande opplæring. Eg trur dette gjeld i like stor grad for arbeidet vidare. Vi som fikk gleda av å gjennomføre denne evalueringa har med dette gjort vårt, og på vegne av Einar Bergland og meg sjølv vil eg ønske dei som overtar stafettpinnen lukke til vidare.


Til startsida

sveilund@online.no