Artikkel i Klassekampen, 21.09.1994

Svein Lund:

Endelig samisk på skolen

Prinsippsak om retten til undervisning førte fram

DA SKOLEN starta i haust, var det meir enn eit nytt skoleår for 3. klassingen Kristina Sara ved Børsa skole i Skaun utafor Trondheim. Etter vel eit års kamp har ho endelig klart å få undervisning i samisk, i lag med søstra Marita som i haust byrja i 1. klasse.
Spørsmålet om samiskundervisning i Skaun har blitt ei prinsippsak om retten til undervisning i samisk. Klassekampen skreiv om saka i mars. Sidan har ho har bl.a. vore til Samisk Utdanningsråd, Sametinget, Sivilombodsmannen og var bakgrunn for diskusjonen om samiskundervisning i Stortinget da dei drøfta stortingsmeldinga om samepolitikken i juni.
Skolekontoret/skolestyret i kommunen har tre gonger med aktiv støtte frå Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag avvist å gi samiskundervisning.
— Dei aller fleste foreldre ville vel ha gitt opp for lenge sidan, ikkje alle orkar å slåss så lenge i motvind, ka er det som har fått deg til å holde ut?
— Det er eit spørsmel om viljen til rettferdigheit og tru på morgondagen. For meg står det om retten til å få vere same, til å ha sin eigen identitet og å få denne godtatt av samfunnet omkring deg. Om ungane ikkje får samisk, opplever dei at den samiske kulturen blir sett på som ein annanrangs kultur og at dei sjølv har ein annanrangs status, seier Kristin Sara.

- Ville gi opp

- Eg måtte bare ta ei beslutning om å føre saka heilt fram. Fleire gonger var eg på nippet til å gi opp. Men gjennom at mange støtta meg og at pressa engasjerte seg i saka, kjempa eg ikkje bare for meg sjølv og mine ungar, men for mange andre i samme situasjon.
Dei fleste foreldre kjenner ikkje til rettane sine, til lovverket og skolesystemet. Ingen veit kor mange det er som gir opp etter første avslaget eller som ikkje eingong søker for å slippe å bli trakassert. Lærår eller rektor skulle ha plikt til å hjelpe til med å formulere søknadar, dei fleste foreldre har liten trening i dette. Særlig er dette vanskelig for dei som ikkje har norsk som tankespråk. Eg har matta leite i skoleloven, forvaltningsloven osv. Dette hadde eg ikkje klart utan den hjelp eg har fått, særlig frå Esta Vangberg, som er sør-samisk konsulent for Samisk Utdanningsråd. Eg vil og nemne Máret Guhttor og Ing-Lill Pavall på Sametinget og stortingsrepresentant Ola T. Lånke frå Sør-Trøndelag.
Men i jubelen er det enno skår i gleda og Kristin Sara har ikkje tenkt å slå seg til ro med dette.
- Ordføraren har klart sagt frå at dette har kommet i gang etter press fra Storting og departement, og vil vare så lenge departementet betaler. Departementet har i prinsippet innvilga støtte for dette skoleåret, men med forbehold om at Stortinget løyvar nok pengar på neste års statsbudsjett. Så vi har ingen garanti for undervisninga lenger enn til jul.

Trakassert

- Eit anna spørsmål er ka for status faget har. Eg har søkt om samisk som annet språk, noko som har klare fagplanar og status både i grunnskolen og vidaregåande skole, og bl.a. gjør at elevane ikkje treng lese norsk sidemål. No veit eg ikkje om det er det dei har fått, så langt virkar opplegget uforpliktande, noko som ein kan skalte og valte fram og tilbake med. Samisklæraren må kjøre frå Trondheim (25 km), men ho får bare dekt reiseutgifter for buss, ikkje for bilkjøring, trass i at det ikkje går buss som passar med timeplanen for elevar og lærar.
— Du sa du har blitt trakassert?
- Eg kunne nemne ein masse eksempel på den nedlatande haldninga eg har blitt møtt med, både skriftlig og munnlig. Det får vere nok med den aller siste; dei foreslo at eg skulle følge undervisninga til ungane, slik at eg kunne snakke samisk med dei. Eg hadde faktisk trudd at pedagogiske konsulentar visste å skille mellom småbarnspedagogikk og vaksenpedagogikk. Men kanskje dei ser på meg som barnslig ettersom eg har trassa autoritetane. Derimot kunne eg gjeme tatt i mot eit tilbod om vaksenopplæring på det nivået eg treng det, for å kompensere for den samiskundervisninga eg sjølv aldri fikk i mi skoletid.


Ingen samar i lovutvalet

KOMMENTAR

RØYNSLENE FRÅ Skaun syner at motviljen mot å sikre retten til samiskundervisning framleis er så stor rundt om i kommunane at bare klare landsomfattande retningslinjer kan sikre at samiske ungar overalt får tilbod om undervisning i samisk.
Under stortingsdiskusjonen om samepolitikk i vår var det brei semje om at retten til samiskundervisning måtte sikras bedre ved den foreståande revisjonen av grunnskolelova. Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet opplyser no at utvalet som skal vurdere alle opplæringslovane har frist til 1.7.95, og at stortingsbehandlinga trulig blir først i 1996.
Sametinget har kravd å få ein representant med i dette utvalet, men det har KUF no avslått. Grunngivinga er at det er nok medlemmar i utvalet, heile 15, og at arbeidet allereie har kome så langt. Derimot skal Sametinget aller nådigst få lov å vere høringsinstans. Sist departementet skulle lage skolereform, Reform 94 for vidaregåande skole, var samiskfaget ikkje nemnt idet heile i fag- og timefordelinga, og det einaste sær-samiske grunnkurset blei lagt ned. Når det er så farlig å slippe med ein samisk representant, ka kan vi så vente oss denne gangen?


Til hovudsida.

sveilund@online.no