Artikkel i Klassekampen 06.01.1995

- Døve er ikkje funksjonshemma - men ein språklig minoritet!

- Det er no ein trend på verdsbasis at døve i staden for å sjå seg som funksjonshemma, byrjar å sjå seg som ein språklig minoritet og kreve rettane sine ut i frå det. I storsamfunnet blir dei døve gjort funksjonshemma fordi dei ikkje har felles språk med dei hørande. I døvesamfunnet og miljø der folk kan teiknspråk, er dei derimot slett ikkje funksjonshemma. Disse tankane frå leiinga ved Møller kompetansesenter i Trondheim kan få nokon og ein kvar til å røske opp i eigne fordommar. Det er ikkje lenge sidan døve blei rekna for å vere mindre begava og teiknspråket har til det siste vore sett på som eit mindreverdig språk.

Trondheim - Svein Lund

Møller kompetansesenter er oppkalla etter Andreas Christian Møller, den døve gutten frå Trondheim som grunnla Noregs første døveskole i heimbyen i 1825. Sidan har Trondheim vore eit senter for døveundervisning i Noreg. Ved sida av Trondheim er det grunnskolar for døve i Oslo, Holmestrand og Bergen, og på landsbasis er det 2-300 døve elevar i grunnskolen.

Berga seg unna nedlegging

- For nokre år sidan ville staten legge ned alle spesialskolane, fortel Eli Nervik, rektor for døveskolen og Olle Eriksen, avdelingsleiar for utviklingsavdelinga. - Elevane skulle integreras i heimeskolane og i staden for spesialskolar skulle vi få kompetansesenter. Det einaste unnataket som blei gjort var døveskolane. Dei blei og omgjort til kompetansesenter, men fikk beholde skolane som ein del av kompetansesentera. Årsaka til dette er at døve blei anerkjent som ein språklig minoritet, som treng eit språkmiljø for å utvikle seg. Det viktigaste for dei døve elevane er ikkje spesialistane og lærarane, men språkmiljøet. Ein kan ikke legge opp eit språkmiljø rundt ein enkeltperson. Derfor kan internat vere ei bedre løysing enn å gå heime i eit miljø der ein ikkje får utvikla språket.

Møller kompetansesenter blei oppretta i 1993 ut i frå to gamle spesialskolar; Vikhov skole for tunghørte og Døveskolen i Trondheim. Døveskolen, som no bærer namnet A.C. Møller skole, er ei av dei fire avdelingane under kompetansesenteret. Saman med delar av rådgivings- og utviklingsavdelingane held dei til i nybygde lokaler på Heimdal i Trondheim, mens resten av kompetansesenteret er på Vikhov. I lag med Vestlandet kompetansesenter i Bergen er det Møller som har ansvaret for læremiddelproduksjon for døve elevar.

Ordbok om 5 år

På eit av kontora på utviklingsavdelinga ser vi dei sit og redigerer videofilm. - Arbeidet med læremidler har kome svært kort, fortel Olle Eriksen. Tradisjonelle læremiddel i bokform er heller ikkje så godt eigna for døve, derimot ser framtida ut å ligge i meir bruk av video og data. - Video er svært nyttig i teiknspråksopplæringa og i informasjon til foreldre, forklarer Eriksen. Vi ser store mogligheiter i bruk av interaktiv video / CD-ROM i undervisning for døve og hørselshemma. Vi manglar ei skikkelig ordbok for teiknspråk, og det er ein av dei viktigaste oppgåvene våre framover. Denne har vi tenkt å lage for interaktiv video, der ein brukar ein datamaskin med CD/ROM-spelar. Ein skriv da inn eit norsk ord og får opp ein filmbit der ein viser det tilsvarande teiknet. Departementet har bede oss gjøre ordboka ferdig til neste år, men det viser bare at dei ikkje veit ka dei snakkar om. Det er gjort svært lite grunnforsking på teiknspråk, i Noreg er det ikkje meir enn eit par tre teiknspråksforskarar. Derfor vil det ta minst 5 år å lage ei god ordbok. Men før det reknar vi med å få ut ei enklare ordliste.

Skolen og kompetansesenteret i Trondheim har ansvaret for heile Nord-Norge, Trøndelag og Møre og Romsdal.

- Kor stor del av dei døve elevane i distriktet går her på skolen?

- Det er vanskelig å seie noko nøyaktig tal, svarar Eli Nervik. Nokre elevar går integrert i skolen på heimplassen dei første åra, dei fleste kjem etterkvart hit. Vi har no 48 heiltidselevar og 23 elevar og 18 førskoleungar som er på korttidsopphold nokre veker for året. Dette er dei elevane som treng undervisning i / på teiknspråk. Til saman er det 2-300 døve / tunghørte som har kontakt med oss. For dei tunghørte er det mest snakk om hørselsteknisk hjelp. Rådgjevingsavdelinga har ansvaret for dei som går integrert på heimstaden.

- Internatskolar har ikkje særlig godt rykte på seg. Er det ikkje fælt å ta ungane heimefrå i 6-7-årsalderen og sende dei på internat? Missar dei ikkje lett kontakten med heimen?

- Skolen dekker seks heimreiser for året for elevane og ei reise hit for foreldra. Skal dei reise oftare er det heimkommunen som må betale. Det gjør at vi opplever at f.eks. elevar frå Finnmark ikkje får reise heim så ofte som vi skulle ønske. På andre sida er det mye som tyder på at døve elevar opplever det å bu på internat som meir positivt enn andre ungar. Dei blir lett isolerte på heimplassen og kjenner seg fort knytta til døvemiljøet i og rundt døveskolane. Derfor ser vi og at ein stor del av dei døve etter skolen busetter seg på plassar med døvemiljø. Innstramming og oppseiingar i vente Når ein ser kor mye som manglar på ei tilfredsstillande opplæring for døve elevar, skulle ein kanskje tru at budsjettet aukar år for år for å fylle dette gapet. Men slik er det ikkje, snarare tvert om.

- Dei siste åra har budsjettet blitt redusert kvart år, med til saman 4 millionar frå 1992 til 1995, fortel Olle Eriksen.

- Derfor kan det bli vanskelig å halde oppe det tilbodet vi har i dag, vi må kanskje avslutte tilbodet om 10. skoleår. Det er og stor fare for at folk må seias opp, opptil 15 personar står i fare dersom vi ikkje får meir pengar.

- Kor blir det av elevane etter at dei er ferdige hos dokker?

- Nesten alle søker til vidaregåande skoler for døve, seier Eli. Dei ligg i Bergen, Stavanger og Ål. I Oslo har ein skole eiga gruppe for døve. Målet å få til ei eiga gruppe på ein vidaregåande skole i Trondheim med tolk. Lærarhøgskolen i Trondheim har derimot som einaste høgskole eige tilbod for døve på lærar- og førskolelærarutdanninga. Dei har og eige studiekompetansekurs for døve.

- Det har tidligare vore ein tradisjon at døve har hamna i visse praktiske fag. Er dette no i ferd med å bli endra?

- Vi hadde dei såkalla tre S-faga: snekkar, skomakar, skreddar. Etterkvart har døve kome meir inn i postverket, sosial- og omsorgsfag og databehandling. Det har og blitt meir vanlig at døve tar høgskoleutdanning. I dag er det 30-40 døve studentar i Trondheim inkludert dei som går på innføringskurset. Likevel er nok arbeidsløysa blant døve over landsgjennomsnittet for hørande.

Regjeringas handlingsplan for funksjonshemma legg no opp til meir utdanning av teiknspråkslærarar og kurs for foreldre / lærarar. Foreldre til døve barn skal få lønnskompensasjon for inntil 40 vekers teiknspråkkurs, mens lærarar ikkje får meir enn 5 veker. Møller kompetansesenter er med på forprosjekt for denne planen. Over nyttår vil dei starte å lage læremateriell, og vonar at slike kurs kan komme igang for lærarar frå 1995 og foreldre frå 1996.

Isolert utan teiknspråkmiljø

- Mange elevar blir isolerte om dei ikkje har eit teiknspråkmiljø rundt seg. Derfor er det viktig at døve ungar får komme i eit miljø med andre døve. Det seier Sissel Hegdahl Solem. Ho underviser i 1.-4.-klasse på døveskolen, og er ein av dei fem døve lærarane her. Sjølv har ho gått integrert i vanlig skole, men seier at ho ville ha vald å gå døveskole ut i frå det ho veit i dag. Sissel fortel på teiknspråk, med Kristin Sara som tolk. Etter nokre minutts intervju byrjar eg å forstå korfor dei kjører kurs ikkje bare i tolking mellom teiknspråk og norsk, men og i kordan den som blir tolka skal forholde seg. Sjølv har eg vore borti forskjellige former for tolking mellom munnlige språk, med og utan simultantolkeanlegg. Men det eg har lært om vanlig folkeskikk ved tolking held ikkje her. Stoppar eg opp for å vente på tolken oppdagar eg at ho stoppar like brått. Dette er simultantolking utan simultantolkeanlegg! Ho som blir intervjua og tolken ser heile tida på kvarandre. Eg ser forvirra att og fram på begge to ei tid før eg finn ut at eg like godt kan sjå ned i notisboka. Men da blir eg forvirra på kem det er som uttaler seg, ettersom eg bare hører tolken. Vel, her er bare å skrive unna, for dette går like fort som eit intervju utan tolk.

- Teiknspråk er det viktigaste språket på Møller skole, fortel Sissel. - Det har ikkje alltid vore slik, men i dag er det full semje om dette. For å bygge opp omgrep må dei døve ungane først bygge opp eit grunnlag på teiknspråk. Dei fleste ungane kan noko teiknspråk når dei kjem, men nokre har svært lite teiknforråd. Dette er betre enn før, da vi kunne få inn elevar som var så godt som språklause. Elevane har svært forskjellig bakgrunn, og derfor sprikar nivået langt meir enn i ein vanlig 1. klasse med hørande elevar. Mange har hatt tilbod frå barnehage for døve. Nokre har ikkje møtt andre døve før dei kjem hit. Ein del ungar har eit talespråk og kan lese meir eller mindre når dei kjem. Deretter underviser vi i norsk som elevane sitt andrespråk, først og fremst lesing og skriving. Dei som kan teiknspråk godt har eit bedre grunnlag for å lære norsk.

Sissel har førskolelærarutdanning og spesialpedagogikk. Ho kan fortelle at skolen har fem døve lærarar som har godkjent utdanning inkludert spes.ped. eller teiknspråk grunnfag. Skolen ønskar seg fleire døve lærarar, for blant hørande lærarar er det få som kan teiknspråket godt nok til å undervise på det. Skolen har vore nøydd å ta inn lærarar som ikkje kan teiknspråk, og det er vanskelig å få lært dei opp samtidig som dei går rett inn i undervisning. Dei kjører kurs 2 timar i veka, innafor arbeidstida. Men det er vanskelig å sette krav når det ikkje finst nokon offentlig eksamen i teiknspråk. Det einaste er grunnfag i teiknspråk, som blei starta opp i fjor ved Universitetet i Oslo. Men dette er eit kurs for døve med teiknspråk som førstespråk, det er ikkje ope for hørande.

Teiknspråk - eit fullverdig språk.

Vi brukar alle meir eller mindre medvitne ein del teikn, som å nikke for ja eller trekke på skuldrene når vi ikkje veit eller ikkje bryr oss. Men sjølv disse teikna er kulturelt betinga og kan ha heilt anna betydning i andre kantar av verda. Når vi skal forsøke å kommunisere med folk vi ikkje har noko felles språk med, forsøker vi gjerne å bruke meir teikn, med svært blanda resultat. Innafor forskjellige områder er det utvikla teiknspråk med sterkt avgrensa teiknforråd. Disse teikna som brukas der vi anten ikkje får kontakt med lyd eller at ein må gi lydlause signal for ikkje å forstyrre. Med armar og hender gir ein signal frå bakken til fly på flyplassen, til kranførarar, mellom dykkarar, i radio / TV-studio. I motsetning til disse teiknsystema er døves eigne teiknspråk fullverdige språk som kan brukas til å uttrykke alt ein kan uttrykke på eit munnlig språk.

Vi har alle sett Nyheter på teiknspråk på TV og teiknspråkstolking av nokre andre program, og dei fleste har vel sett program i Barne-TV der det brukas teiknspråk. Men dei færraste er vel klar over at vi da har sett to former for teiknspråk. Språket i teiknspråkstolkinga og nyheitssendinga er det eigentlige teiknspråket, det som kallas "Norske døves tegnspråk". Ved sida av hendene brukar dei munnen, men ikkje for å lage ord eller lydar. Munnstilling og munnrørsle er ein del av mange teikn, saman med handrørslene. Døves eigne teiknspråk er språk som er uavhengig av grammatisk struktur og ordstilling i f.eks. norsk. Det er dette som brukas innbyrdes blant døve. I kommunikasjon mellom døve og hørande brukas derimot ofte forskjellige grader av blandingsspråk eller "pidginspråk"; under namn som "teiknspråksnorsk", "teikn og tale" eller "norsk med teikn som støtte". Det er det vi har sett på barne-TV i serien "Vertshuset Den gyldne hane", der nokre av skodespelarane snakkar norsk og brukar teikn samtidig.

For døve barn vil teiknspråk normalt vere førstespråket. Det er det første språket dei lærer, det språket dei dannar seg omgrep på. Men ettersom dei aller fleste døve unger har hørande foreldre, må foreldra sjølv lære seg teiknspråket etter at dei har innsett at ungen deira er døv. For disse ungane er det svært viktig for språkutviklinga at dei så snart som råd kjem i miljø med andre døve. Barn av døve foreldre er i så måte heldigare stilt, ettersom dei veks opp med teiknspråk som morsmål og foreldra brukar det frå starten til ungane, anten dei er døve eller hørande. Hørande ungar av døve foreldre har elles eit godt grunnlag for å bli døvetolkar, noko ein god del av dei og blir.

Mens vanlige språk er vokale/auditive (lyd/hørsel), er teiknspråka gestuelle/visuelle (rørsler/syn). Dei har heller ikkje samme gramatikalske oppbygging som talespråka. Mens eit ord består av lydar/bokstavar, består eit teikn av artikulator, artikulasjonsstad og rørsle. Eit teikn tilsvarar gjerne eit eller fleire ord i eit vokalt språk, f.eks. norsk. Ei vanlig misforståing er at teiknspråk er eit internasjonalt teiknspråk som alle døve kan forstå kvarandre på. Derimot er det utvikla eit eller fleire teiknspråk i kvart land, og slektskapen mellom dei følger ikkje slektskapen mellom dei vokale språka i disse landa. To land kan ha svært beslekta språk men svært ulike teiknspråk og omvendt. For ein norsk teiknspråkbrukar er det f.eks. atskillig lettare å forstå fransk enn svensk teiknspråk. Som andre språk har og teiknspråket dialektar. Innafor norske døves teiknspråk har det oppstått dialektar rundt døveskolane, og det er forskjellar i manns- og kvinnespråk og i vaksen- og barnespråk. I tillegg til dei orda og omgrepa det finst teikn for, kan ein gjengi f.eks. eigennamn med å stave med handalfabetet. Men her finst og fleire utgåver, i Noreg og Sverige brukar ein forskjellige einhandsalfabet, mens ein i Storbrittania har eit tohandsalfabet.

Også blant døve teiknspråksbrukarar er det mange eksempel på at teikn kan bli misforstått. Ei av dei bedre historiene er teiknspråkstolken frå Trondheim som var i USA og ikkje hadde fått med seg at teiknet i norsk teiknspråk for prest på amerikansk teiknspråk betyr horebukk. Det fortellas at stemninga blei noko amper før misforståinga blei avklara.

I mange år ville autoritetane innafor skoleverket for døve ikkje anerkjenne teiknspråket. Døve ungar blei nekta å bruke og utvikle vidare det teiknspråket som levde blant døve. I staden skulle dei lære seg å snakke og å lese på munnen. Først på 70-talet har skolestyresmaktene byrja å anerkjenne teiknspråket. Ein har innsett at det ikkje var hovudproblemet for døveundervisninga at elevane ikkje kunne lærarane sitt språk, men derimot at lærarane ikkje kunne elevane sitt.

_________________________________________________________________________________

Fleire artiklar om skolespørsmål
Til startsida

sveilund@online.no