Opplæring for språklige minoritetar i Noreg

- Kva kan innvandra minoritetar lære av samisk opplæring?

Notat til førelesing av Svein Lund på Høgskolen i Buskerud, 04.12.2003

Førelesinga blei holdt for ei klasse ved allmennlærarutdanninga, som har spesiell vekt på fleirkulturelle og fleirspråklige forhold.


De studerer i eit område der samane utgjør ein liten promille av befolkninga. Kvifor er det da at de bør vite noko om samisk opplæring?

1. I generell læreplan og i læreplanane for grunnskolen er det slått fast at alle elevar skal lære om samisk historie og kultur, og i dei fleste fag er det nokre samiske emne nemnde i læreplanen.

2. De får ei utdanning som er gyldig for å undervise i heile landet, også i område der samane utgjør ein langt større del av folket enn i Buskerud, Vestfold og Telemark. Uansett kor de vil undervise i Noreg kan de få samiske elevar.

3. Svært mye av den kampen som samane har ført for samisk opplæring og den pedagogikken som er utvikla i eit fleirkulturelt og fleirspråklig område nordpå er høgst relevant også for opplæring i miljø med innvandra minoritetar.

300 år strid om språkpolitikken

Norsk grunnskole hadde for få år sidan 250 års jubileum, ut frå at i 1739 kom første lova som sa det skulle vere allmenn skoleplikt på landet i Noreg. Men striden om elevar med minoritetsspråk som morsmål skulle få opplæring på morsmålet eller på riksspråket er enno eldre. Striden har gått hardt frå byrjinga av 1700-talet. Han har gått att og fram, og som de veit er denne striden enno ikkje over. Dette har vore og er ein strid om pedagogikk, men minst like mye om politikk, om nasjonalisme og rasetenking, ein strid om menneskerettar. Det var tilfelle på 1700-talet og det er det i 2003.

Når ein studerer denne historia er det slåande kor mye som er likt.

Argumenta som blei brukt mot undervisning i og på samisk og kvensk på 1700- og 1800-talet er nesten til forveksling like argumenta som blir brukt mot morsmålsundervisning for andre språklige minoritetar i dag:

  1. Skolen skulle bygge ein norsk identitet og eit norsk nasjonalt felleskap.

  2. Det viktigaste for at minoritetane skulle klare seg i det norske samfunnet var at dei blei flinke i norsk og all bruk av morsmål i skolen hindra norsklæringa.

Også i argumenta for undervisning i og på morsmål har det vore tydelige parallellar.

Her vil eg skilje mellom argument på to nivå, som eg kallar og det prinsipielle nivået:

  1. Det taktisk-pedagogiske nivået. Dersom elevane får den første undervisninga på morsmålet og knekker lesekoden på dette språket, vil dei seinare lettare lære å lese og skrive på norsk. Målet for opplæringa er gode norskferdigheiter og evne til å tileigne seg andre kunnskapar på norsk.

  2. Det prinsippielle nivået. Målet for opplæringa er funksjonell tospråkligheit, noko eg i ytste konskvens tolkar slik at eleven skal kunne fungere munnlig og skriftlig innafor to språksamfunn og kunne gjøre greie for det faglige innhaldet i alle fag på begge språk. Utgangspunktet for opplæringa skal vere eleven sin språklige og kulturelle bakgrunn (noko som i dag for alle minoritetar i Noreg vil seie ein fleirspråklig og fleirkulturell bakgrunn). Det å kjenne til minoriteten si historie, kultur og samfunnsliv og beherske og forstå dei kulturelle kodane i minoritetsgruppa skal reknast som ein viktig kompetanse i seg sjølv, og denne skal verdsettast gjennom læreplanar, læremiddel, i klasseundervisning og ved evaluering av elevane.

Diskusjonen om minoritetsundervisning i alt for stor grad har heldt seg på det første nivået.

Den store forskjellen på samar og andre minoritetar er at samane etter lang kamp har klart å få lovfesta rett til undervisning i samisk som fag og i begrensa grad også undervisning på samisk, i alle fall i grunnskolen.

Den individuelle retten til opplæring i samisk kom først frå 1998, og eg skal gå litt bakover i historia for å forstå korleis vi har kome dit.

Misjon på samisk eller norsk?

Vi kan starte i 1714. Da starta kong Fredrik 4. av Danmark-Norge m.m. Misjonskollegiet i København, med formål å drive misjon blant heidningane, særlig i India og Sameland. Ansvaret for å organisere misjonen blant samane blei overlatt til presten Thomas von Westen, som satte igang en skole for utdanning av misjonærar, delte inn norsk del av Sameland i 13 distrikt med ein misjonær i kvar.

Misjonærane var norske eller danske prestar. Dei lærte seg samisk og preka på samisk, og dei knytta til seg og lærte opp lærarar i kvart sitt område. Desse lærarane var i stor grad samar, og dei underviste på samisk. I løpet av eit tiår hadde dei bygd ut eit system som gjorde at utdanninga for samar faktisk var betre enn for mange nordmenn i den tida, og dette skjedde nokre tiår før grunnskolen blei obligatorisk.

På denne tida var all opplæring sterkt knytta til kyrkja, og skolen låg lokalt under prestane og regionalt under biskopane. Men samemisjonen var eit heilt eige system, som biskopane og prestane ikkje hadde kontroll over. Dei såg misjonen som ein konkurrent som truga si eiga makt, og dei likte ikkje at misjon og undervisning gikk føre seg på eit språk dei sjølve ikkje forsto. Biskopen i Trondheim, som da styrte over Trøndelag og Nord-Noreg, meinte samane skulle undervisast på norsk, dvs. dansk. Straks von Westen var død i 1728 ga han ordre om at alle misjonærar og lærarar utelukkande skulle bruke dansk språk. Nokre av misjonærane godtok ikkje dette, men fortsatte å bruke samisk. Dette var det første tilfelle av sivil ulydigheit i samisk opplæring, det skulle ikkje bli det siste.

Dei neste hundre åra svinga språkpolitikken att og fram. Etter eit par tiår med fornorsking fikk samisk igjen innpass for nokre tiår. Så dominerte fornorskinga i 50 år, før det igjen snudde.

Når den offisielle politikken endra seg, skjedde endringane sjølvsagt ikkje like raskt i praksis, delvis på grunn av manglande kompetanse frå lærarane i det språket staten bestemte at det skulle undervisast på, delvis fordi dei som var usamde saboterte dei statlige direktiva.
Da ein frå omlag 1825 igjen ville styrke samisk språk i kyrkje og skole, fantest det knapt ein prest som kunne samisk. Men på kort tid blei det gjort ein stor innsats for utvikling av samisk skriftspråk og omsetting av litteratur, det vil i hovudsak seie kristelige bøker.
I ettertid kan vi oppsummere at blant dei samane som gikk på skole på midten av 1800-tallet var det langt fleire som lærte å lese og skrive morsmålet sitt enn det var blant både barna, oldebarna og tippoldebarna deira.

Fornorskinga vinn

Rundt 1850 byrja fornorskingspolitikarane igjen å komme på offensiven og det første vedtaket for fornorsking blei gjort i Stortinget 1851. Sidan blei det meir og meir skjerpa inn. I 1880 forsvann målet om at elevane skulle lære å lese samisk, og deretter var samisk i beste fall hjelpespråk, i verste fall heilt forbode fram til for få tiår sidan.

Når ein samanliknar med den steinharde omsynslause fornorskingpolitikken, er det lett å gi forkjemparane for bruk av samisk i kyrkje og skole ein glorie dei kanskje ikkje fullt ut har fortjent. Om vi ser tilbake på 17- og 1800-talet sto alle øvrigheitspersonane for det samme grunnsynet: Den samiske kulturen var langt underlegen den norske og målet var at samane skulle heve seg opp på nordmennene sitt nivå gjennom norsk språk og kultur.
Striden gikk mellom dei som sa at først måtte ein gjøre nordmenn av dei og så kristne, og dei som tenkte omvendt: Først gjennom opplæring på morsmålet knytte dei til den norske kyrkja og norsk tankegang og kultur, så ville samiske dø ut av seg sjølv.

Ei samisk kulturell sjølvhevding får vi først indirekte gjennom den læstadianske vekkinga frå slutten av 1840-talet og meir direkte uttalt gjennom den første samepolitiske organiseringa i dei første 25 åra av 1900-talet. Rundt 1910 står det og fram dei første nordmenn som forsvarer samane sin rett til eige språk og kultur og som ser saka ut frå eit menneskerettssynspunkt. Det var da ein heilt ny tankegang, som ikkje skulle slå gjennom i norsk offentligheit før omlag 70 år seinare.

Fornorskinginstruksen

I 1898 sendte Kirke og undervisningsdepartementet ut ein «Instruks angaande brugen av lappisk og kvensk som hjelpesprog ved undervisningen i folkeskolen , hvor dette af kirkedepartementet er tilladt i henhold til landsskolelovens §73.»

I denne heiter det bl.a.:
§3 Skolens undervisning foregaar i det norske sprog. Det lappiske eller kvænske sprog bruges kun som hjelpemiddel til at forklare, hva der er uforstaaeligt for børnene.
§4 Selv om i en kreds flerheden af børnene ikke forstaar norsk, maa læreren dog altid have de ovenfor givne bestemmelser for øie og saaledes lade sig det være magtpaaliggende, at det lappiske eller kvænske sprog ikke bruges i videre udstrækning enn forholdene gjør uomgjængelig fornødent.

Denne instruksen var gyldig til 1959. Denne gjaldt i dei områda der samisk og kvensk sto sterkast. I andre områder var einkvar bruk av samisk eller finsk totalt forbode, også som hjelpespråk, sjølv om der og kunne vere mange elevar som ikkje forsto anna enn morsmålet sitt. I ein del tilfelle var ungane faktisk tospråklige når dei byrja på skolen, men begge språka dei kunne var forbodne.

Dette var altså den offisielle skolepolitikken frå sentralt hald. På fylkesplan jobba skoledirektørane iherdig med å sette denne ut i livet og tildels skjerpe denne. Skoledirektøren i Finnmark ga lærarane beskjed om å sjå til at elevane heller ikkje snakka samisk med kvarandre i friminutta, og det er eit utal av historier som bekreftar at elevar blei straffa for å snakke sitt eige morsmål. Også elevar som enno ikkje kunne uttrykke seg på det einaste tillatte språket.

Kva førte fornorskingspolitikken til?

For mange som kom inn i skolen som einspråklige samisktalande, blei skoletida eit mareritt og dei lærte svært lite. Etter 7 år obligatorisk skole hadde dei fleste fått meir enn nok, og dei sette ikkje sine bein på ein skole før dei ein del år seinare som foreldre blei innkalla til foreldremøte, og knapt nok da.

Denne politikken fikk halde fram i mange tiår før nokon ga seg til å gjøre ei vitskapelig undersøking av resultata, målt på skolen sine premisser i form av karakterar og konkrete kunnskapar i skolens pensum. Da dette endelig blei gjort rundt 1960, viste undersøkingar at samisktalande elevar låg langt under landsgjennomsnittet. Enno større var dei ikkje målbare skadene, som manglande sjølvtillit og stor grad av sjølvforakt.

Dei bitre erfaringane frå eiga skoletid saman med storsamfunnet si stadige framheving av norsk som einaste vegen til framgang, førte til at svært mange samisktalande foreldre etter kvart gikk over til å snakke norsk til ungane sine. Denne prosessen starta i visse område først på 1900-talet, i andre område seinare. Etter krigen var det svært få som vaks opp med samisk som heimespråk andre stadar enn i Indre Finnmark, og på 60-70-talet starta denne prosessen også der. No tyda alt på at samisk språk ville vere borte i løpet av eit par generasjonar.

Fornorskinga var meir enn språk og skole

Fornorsking var ein politikk som gjennomsyra heile samfunnet frå slutten av 1800-talet. Ved sida av skolen var viktige virkemiddel:

Snuoperasjonen

Dei første teikna til ei slakkare linje i fornorskinga kom rett etter krigen, da eit offentlig utval (Samordingsnemnda for skoleverket) gikk inn for å opne for undervisning i og på samisk.

Liknande forslag kom frå den såkalla Samekomiteen i 1959.

Begge gongane førte forslaga til stor motstand, både blant nordmenn og mange samar. Dei hadde no endelig byrja å tru på det dei var blitt innprenta så lenge, at norsk språk og kultur var einaste vegen til framgang.

Det blei ein hard kamp, og det tok lang tid før begynnarundervisning på samisk blei satt igang, først som eit frivillig tilbod som nokre ganske få valde, seinare med større og større oppslutning.

Framleis var ein langt frå noko likestilling av samisk og norsk. Da Skoledirektøren i Finnmark i 1967 sendte ut orientering til foreldre i nokre kommunar om at dei no hadde høve til å velge samisk som opplæringsspråk dei første åra, blei det understreka at samisk i skolen ikkje var noko mål i seg sjølv, men bare meint som eit pedagogisk middel til at ungane skulle lære betre norsk. Med andre ord: Ei mjukare og meir effektiv fornorsking.

I mønsterplanen av 1974 kom samisk inn som fag, men det blei understreka at undervisningsspråket gradvis skulle bli meir norsk i løpet av grunnskolen. Først i 1985 blei grunnskolelova endra slik at det blei ein rett i «samiske distrikt» til å få samisk som hovudspråk i heile grunnskolen.

Først på 90-talet fikk nokre kommunar rett til å gjøre samiskundervisning obligatorisk og tre kommunar har obligatorisk samisk i dag.

I opplæringslova av 1998 er det for første gong slått fast at samiske elevar har ein individuell rett til å ha samisk som fag.

Ikkje bare språk, men også innhald

Det er ikkje bare språklig, men også innhaldsmessig at den norske skolen har vore noko fjernt for samiske elevar. Læreplanar og lærebøker har i regelen vore laga i Oslo, eller i alle fall sørpå, og skildra ei verd svært fjern frå det daglige livet utafor skolestova. Dette ramma ikkje bare samiskspråklige elevar, men har vore eit problem for alle elevar i Nord-Noreg, særlig utafor byane. Eksempel på dette kunne ein finne i hundretal.

I alle læreplanar som gjaldt fram til 1974 er både samar, kvenar så godt som ikkje-eksisterande. Det virka inn på alle fag, klarast såg ein det i fag som geografi, historie, religion og forming.

Sjølve skolesystemet med streng disiplin, ringeklokke, internat med tvungen leggetid, spising på kommando osv. var stikk i strid med samisk tradisjon for barneoppseding. Denne bygde på at ungane i stor grad deltok i dei vaksne sitt liv frå dei var svært små, la seg når dei var trøtte, spiste når dei var sultne og lærte gjennom å delta i praktisk arbeid. Ungar som oppførte seg på skolen slik som dei hadde lært heimafrå, blei sett på som uoppdragne og straffa for ting dei ikkje kunne forstå at var gale.

Lærarane var stort sett ikkje-samar. Lenge var det slik at samiske lærarar hadde vanskelig for å få lærarjobb i samiske område, ettersom dei var rekna som dårlig eigna som reiskapar i fornorskinga. Etter at dette hadde snudd, var det stor mangel på utdanna lærarar både blant samar og i Finnmark og Nord-Troms forøvrig. Lærarane som kom sørfrå hadde ikkje noko grunnlag for å undervise ut frå samiske og nord-norske forhold, så dei heldt seg til boka og det dei sjølv visste sørfrå.

Korleis samifisere skolen?

I 1974 blei det for første gong tatt inn einskilde samiske emner i læreplanane for grunnskolen. I 1987 blei det skilt ut eigne samiske læreplanar i visse fag, og i 1997 kom eit heilt eige samisk læreplanverk.

I 1989 blei Samisk høgskole oppretta, med allmennlærar- og førskolelærarutdanning og etter kvart utdanning i samisk og forskjellige pedagogiske vidareutdanningar. Arbeidet med å utvikle eit samisk innhald i skolen skjer i nært samarbeid mellom Samisk høgskole og grunnskolar som følger den samiske læreplanen. Dei siste åra har Samisk høgskolen hatt ansvar for evalueringa av den samiske læreplanen, som ledd i evalueringa av Reform 97, og her heiter hovudprosjektet: «Korleis samifisere skolen», eller korleis gjøre skolen meir samisk.

Ein av konklusjonane av evalueringa er at sjølv om ein har fått samiske læreplanar, er desse laga innafor eit heilt norsk mønster, og det er svært mange strukturelle faktorar som hindrar ein i å lage ein reelt samisk skole.

Langtidsverknad av fornorskinga på foreldra

Når foreldregenerasjonen hadde fått dårlig utdanning, virka det igjen på neste generasjon. Dei hadde dårlig grunnlag for å hjelpe ungane sine med skolearbeidet. Det gjaldt særlig sterkt den generasjonen som på grunn av tapt skolegang under krigen knapt lærte å lese og skrive norsk. Da samisk språk kom inn i skolen, blei dette skjerpa. Svært få av foreldra var vant til å lese samisk, og rettskriving kunne ingen andre enn dei få som hadde studert samisk på universitetet. Også når det gjaldt emne i samisk historie og religion som etter kvart kom inn i skolen, var dette ukjent for foreldra, fordi dette hadde vore bannlyst i deira eiga skoletid.

Når foreldra kjente seg underlegne i forhold til skolen, reagerte dei ofte med å trekke seg tilbake, både i forhold til ungane og i forhold til skolen. Samiske elevar har derfor ofte fått langt mindre foreldrestøtte under skolegangen enn norske, og dette gjeld både for fornorskingstida og for første generasjon med samisk på skolen.

Resultatet av dette er at ein ikkje bare må arbeide med skolemotivasjonen blant elevane, men også med foreldremotivasjonen, både i grunnskolen og vidaregåande skole.

Kva har ein oppnådd?

Sjølv om både eg og andre som har jobba med å analysere samisk opplæring i dag ser at det er svært mye som burde endrast på, er det viktig å slå fast kva ein har oppnådd, både om ein samanliknar med den skolen som var la oss seie for 40 år sidan, og med det mange andre minoritetar slit med.

Dei fleste elevar som har samisk som heimespråk får i dag mesteparten av undervisninga si på samisk, i alle fall i barneskolen. I barneskolen får dei i dei fleste faga også dette med lærebøker på samisk, sjølv om utvalet er langt dårligare enn det norske elevar og lærarar er vant med.

Resultatet er at samisktalande elevar no går ut av grunnskolen med resultat som kan samanliknast med resten av landet. Søkinga til vidaregåande og høgare utdanning ligg ikkje lenger så veldig langt etter landsgjennomsnittet, sjølv om det er ein større del av samisk ungdom som ikkje fullfører vidaregåande opplæring med studie- eller yrkeskompetanse.

I varierande grad blir samiske emner tatt opp i skolen, slik at elevane lærer at dette er noko verdt, at det dei samiske elevane har lært heime ikkje er noko mindreverdig i forhold til det norske elevar har heimafrå.

I skolar der fleirtalet av elevar er samisktalande er det og stort sett eit fleirtal av samisktalande lærarar, sjølv om eg vil tippe på at eit nokonlunde vanlig mønster er 90% samisktalande elevar og 60% samisktalande lærarar. I skolar der dei samisktalande er i mindretal er det langt verre, her er det som regel bare samisklærarane som kan samisk.

Ikkje minst er norskundervisninga no lagt opp etter at norsk er elevane sitt andrespråk, og at ein legg vekt på at elevane må lære norsk på ein pedagogisk måte før ein kan byrje å bruke språket som undervisningsspråk i andre fag.

I vel 20 år har det vore ein samisk institusjon med ansvar for samisk skoleutvikling og læremiddelproduksjon. Denne heitte lenge Samisk utdanningsråd, no Sametingets opplæringsavdeling.

Kva står igjen?

Dette kunne eg ha snakka om i mange timar, men eg skal forsøke å vere kort.

  1. Det positive eg har sagt gjeld stort sett grunnskolen. Vidaregåande opplæring er som tidligare direktør for Samisk utdanningsråd heilt rett karakteriserte det: «Tre svarte år mellom samisk grunnskole og samisk høgskole». Der er ikkje samiske læreplanar, der er ingen rett til undervisning på samisk, der er praktisk talt ikkje samiske lærebøker.

  2. Dei samiske læreplanane skal gjelde for alle elevar i 6 kommunar, også for elevar som har norsk som morsmål og/eller undervisningsspråk. Men det er ikkje laga lærebøker på norsk etter dei samiske læreplanane.

  3. Det manglar mye på at den individuelle retten til samiskopplæring er realisert overalt. På grunn av liten informasjon, må foreldre eller elevar sjølv stå hardt på for å få samiskundervisning, og dei praktiske ulempene er ofte så store at dei gir opp.

  4. Utafor det såkalla forvaltningsområdet, eller 6 kommunar i Finnmark og Troms, har elevar ikkje rett til opplæring på samisk. Elevar som har samisk som førstespråk, har samisk som opplæringsspråk bare i dei få timane dei har faget samisk, resten av timane skjer alt på norsk. Det seier seg sjølv at det ikkje blir nokon førstespråkskompetanse av det.

  5. Kompetansen i samisk kultur, historie og samfunnsliv er stort sett svært mangelfull hos dei aller fleste lærarar som har utdanning frå andre skolar enn Samisk høgskole. Dette gjør at desse lærarane ikkje har grunnlag for å verken undervise etter den samiske læreplanen eller dei samiske emna i dei nasjonale læreplanane.


Til startsida

sveilund@online.no