Av SVEIN LUND, NESODDEN
Nedskjæringa av skolebudsjetta og yrkesopplæringa er hovedsakene på det 19. landsmøtet til Yrkesskoleelevenes og Lærlingenes Interesseorganisasjon. Leiaren Mildrid Mikkelsen fortalte i innleiinga om nedskjæringane at over 300 klassar vil bli lagt ned i vidaregåande skole i løpet av 1987 og -88. Det argumenteras med synkande elevtal, men i høst var det 11000 søkarar som ikkje fikk plass.
Elevane må betale meir og meir av skoleutgiftene sjølv. Ved sida av materialpengar er det kopiavgifter, egenandel på skoleskyss og utgifter til skolebøker. Det gamle prinsippet om lik rett til utdanning er bare ein vakker draum. Men verre skal det bli.
Sponsing er ein annen konsekvens av nedskjæringane. Jo dårligare skolen blir, dess meir går næringslivet inn og sponsar skolen. Det er jo bra for skolane å få moderne utstyr, men sponsinga blir satt inn der bedrifter kan tjene på det, og det er sjeldan i distriktsNorge. Ei data- eller oljelinje kan nok vere lønnsomt å sponse, men kven vil sponse husstell-linja med mikrobølgeomnar?
— Det går an å gjøre noe med det, sa Mildrid Mikkelsen til slutt. Vi elevar må følge nøye med kva som skjer på skolen og på fylkesplan, og når nedskjæringane kjem, må vi aksjonere i lag med lærarar og andre. Og så starta gruppediskusjonen om korleis det skal foregå, og Klassekampen kjem tilbake med meir om YLI - landsmøtet på mandag.
Til startsida