Kronikk i Klassekampen, ...08.2007

Fleire byar i Belgia?

Vi må ha meir kunnskap i skolen, ropar regjeringspartia og opposisjonspartia i kor. Den førre regjeringa sette igang eit "Kunnskapsløft" for å gi "meir kunnskap" til elevar både i grunnskole og vidaregåande. Da SV overtok dette departementet etter NHO/Høgre, var det mange som venta ein annan skolepolitikk. Det skjedde ikkje. Den einaste endringa av betydning var at ein i iveren etter å begrense privatskolane har sørga for at når staten gjennom kvelertak på kommunane heretter pressar fram nedlegging av grendeskolar, vil bygdefolket miste sikkerheitsventilen med å kunne berge skolen som privatskole.

I den grad SV har hatt ein opposisjonell skolepolitikk, har kunnskapsministeren allereie tatt sjølvkritikk på denne og erklært at Høgre hadde rett, det det gjeld er å presse mest mogleg kunnskap ned i halsen på elevane. Og Klassekampen ønskar ministeren velkommen etter! Sjølv venstreopposisjonen Raudt / RV heng seg på og konkurrerer om å vere mest for skole og kunnskap. Eg har ikkje funne noko sentralt vedtak om heildagsskolen, men dette frå eit lokallag ser ut til å vere temmelig representativt: "HELDAGSSKOLE mellom 08.30 og 14.30 er ønskelig for alle elever i grunnskolen, men forutsetter økte ressurser. Undervisningen i norsk, matematikk og fremmed-språk må styrkes." Bortsett frå ressursane kunne dette stått i Høgre sitt program. Konklusjon så langt: SV og Raudt sin skolepolitikk = Høgre sin + meir ressursar og eple og gulrot til elevane.

Kva slags kunnskap?

I debatten mellom partia er det så langt ingen som har stilt spørsmålet: Men kva slags kunnskap? Kva er kunnskap og korleis måler vi den? Her synast det å vere full politisk semje om at kriteriene er gitt av OECD sine undersøkingar, og målet er å skåre høgare enn Finland og Japan.

Det såkalla Kunnskapsløftet er bygd på ein trang og enkel versjon:
Å kunne uttrykke seg muntlig
Å kunne lese
Å kunne regne
Å kunne uttrykke seg skriftlig
Å kunne bruke digitale verktøy
Her er ingen plass for å lære praktisk arbeid, kunstnerisk, musikalsk eller fysisk aktivitet og oppleving. Her er heller ikkje spørsmål om å utvikle forståing og refleksjon og kunne delta kritisk i samfunnet.

Da eg ein gong tok praktisk pedagogisk utdanning lærte vi at vi skulle planlegge undervisninga etter tre mål: kunnskapsmål, ferdigheitsmål og haldningsmål. Dette var uttrykk for ei langt breiare forståing for kva skolen skulle formidle og for korleis skolen skulle hjelpe elevane å utvikle seg. I dag ser det ut til at bare kunnskapsmåla står igjen.

I løpet av den tida eg har undervist og elles arbeida med skolespørsmål har eg opplevd at forskjellen mellom pedagogisk teori og skolens praksis har blitt større og større. Det er eit paradoks at mens politikarane skrik på meir kunnskap i skolen, feiar dei bare bort kunnskap OM skolen som er basert på både praktisk røynsle og vitskapelig forsking. Når det settast igang nye reformer er det ingen politikar som først spør kva har kome ut av forskarane sine evalueringar av dei førre reformene.

Eg har sjølv vore med på evaluering av Reform 94 og ser at Kunnskapsløftet på mange område har oversett tilrådingane i evalueringane eller gått i stikk motsett retning. Da er ikkje kunnskapen om skolen mye verdt. No ser vi det samme med planane om heildagsskole. Dei skal gjennomførast trass i at det knapt er mogleg å finne ein einaste pedagogisk forskar som meiner ein slik reform vil ha dei verknadane politikarane argumenterer med, verken når det gjeld kunnskapstileigning eller utjamning.

Fleire timar = meir kunnskap?

Ein pedagog har skreve ei bok med namnet "Den andre dagen - det nye læringsrommet". Tittelen viser til da han sjølv gikk på folkeskolen annankvar dag, slik ein ofte gjorde i landsfolkeskolen før i tida. Han meinte at dei lærte minst like mye nyttig dei dagane dei ikkje var på skolen, som dei dagane dei ikkje var der. I den tida landsfolkeskolen hadde langt færre timar enn byfolkeskolen lærte elevane på landet likevel omtrent like mye.

Eg har samla inn forteljingar om tidligare elevar sine skoleopplevingar. Eit gjennomgåande trekk er kor mange som fortel at dei ikkje lærte stort på skolen. Pensumet var for fjernt frå den røyndomen som møtte elevane utafor skolen. Ein fortalte at ingenting av det han lærte på skolen hadde han nokon gong hatt nytte av i arbeidslivet. Ein annan uttrykte det slik: "Innhaldet i skolen angikk ikkje oss som menneske." Desse forteljingane er frå Nord-Noreg for nokre år tilbake. Så er da vel dagens skole noko heilt anna? Sjølvsagt har det skjedd endringar, nokre også til det betre, mellom anna på grunn av innverknad frå den utskjelte "reformpedagogikken". Men for den som trur at dagens skole treff elevane sine interesser og behov, kan ei god medisin vere å sjå filmen "Ungdommens råskap", som skildrar Oslo-skolen på 2000-talet.

Den viktigaste faktoren for om skolen skal lukkast er ikkje timetal, men motivasjon. Først og fremst elevane sin motivasjon for å lære, deira kjensle av at det dei gjør på skolen er interessant, nyttig og/eller morosamt. Deretter foreldremotivasjon, at foreldra kjenner at det barna deira lærer er nyttig og relevant for dei. Og til sist lærarmotivasjon, at læraren kjenner at det ho underviser er meiningsfyllt. I mi tid som lærar har eg opplevd alle grader av desse.

Det er utallige eksempel på at elevar som mislyktest gjennom heile grunnskolen har blomstra opp når dei fikk lære gjennom praktisk arbeid, for deretter å kunne vende tilbake til teoriundervisning med ny motivasjon. Men reformene dei siste tiåra har meir og meir stengt den vegen, styresmaktene vil tvinge alle til å gå samanhengande 12-13 år. Når ein no for skoletrøytte elevar føreskriv medisinen enno meir av det same, med auking av timetala i teorifaga, oppnår ein ikkje anna enn enno meir problem, enno større forskjellar mellom dei som er motiverte og føler skolen relevant og dei som ikkje gjør det.

Les "Gift"!

Til sist eit kort besøk til ein annan diskusjon som har gått i Klassekampen; Eg er mot å ha ein litterær kanon i skolen som alle skal tvingast gjennom. Men eg kan tenke meg eitt unnatak; alle elevar, lærarar og ikkje minst skolebyråkratar og politikarar bør lese Alexander Kielland si bok "Gift", der tittelen på dette innlegget er henta frå. Når leksa var byar i Belgia, skulle dei ramsast opp i den rekkefølga dei sto i boka. Kva ein skulle med denne regla, var det ingen som spurte om. I dag har andregradslikningar og litteraturanalyse overtatt for belgiske byar og "Mensa rotunda", men for fleirtalet har det har ikkje gjort skolen stort meir relevant.

Svein Lund
eks-lærar


Til hovudsida.