Yrkesfaglæraren - ein barbar ?

- Etter Departementet si oppfatning er visst yrkesfaglæraren ein barbar som verken kan forstå eller formidle kulturarven. Slik reagerer Tove Berg, førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Akershus, når KUF no vil legge ned Noregs einaste utdanning i yrkesretta allmennfag for yrkesfaglærarar.

Av Svein Lund

Den tidligare Statens Yrkespedagogiske Høgskole (SYH), no Yrkespedagogikk Institutt (YPI) ved Høgskolen i Akershus, har forsøkt å bygge bruer over konflikten mellom yrkesfag og allmennfag. Det har dei gjort gjennom å gi yrkesfaglærarar vidareutdanning i fag som norsk, data, naturfag, miljølære og spesialpedagogikk. Men det får dei ikkje lov å fortsette med. KUF har no nekta å godkjenne kurs skolen hadde planlagt i norsk, matematikk og engelsk. KUF seier i klartekst at YPI skal halde seg til dei reine yrkesfaga. Om ein yrkesfaglærar ønsker å kunne undervise elevane sine i norsk, må ho pent gå på universitetet.

Studentane snytt

Hausten 1997 byrja eit kull studentar på YPI på dei første 10 vekttalla, dei fleste med planar om å bygge på med 10 til i dette skoleåret. Men etter halvgått løp var det stopp. Studentane kjenner seg snytt og har skreve klagebrev, men utan at det har ført fram så langt.

Feil retning

YPI driv ei rekke deltidstudium for lærarar i vidaregåande skole. Frå heile landet får dei inn klare signal: Det er store problem med allmennfaga på yrkesfaglige linjer. Lærarane kjenner ikkje faget, dei klarer ikkje kople det til elevane sine behov og interesser, vi får umotiverte elevar som ikkje får stort igjen for undervisninga. - Alle er opptatt av problemet, men vi blir nekta å løyse det, seier Else Hippe, lærar i yrkespedagogikk og forfattar av fleire lærebøker i pedagogikk for yrkesfaglærarar. - Dette er ei veldig gal utvikling, KUF drar no i motsett retning av det all pedagogisk røynsle og forskning tilseier at vi bør gjøre. Det er ikkje tvil om at det beste for elevane si læring er å få lærarar i fag som norsk og matematikk som kjenner yrkesfaga deira.

Meir allmennfag

Reform 94 førte med seg meir allmennfag på yrkesfaglige linjer og felles læreplanar i dei allmenne faga. Tidligare underviste ofte yrkesfaglærarar i fag som matematikk og engelsk. Dei knytta disse faga nært til den praktiske fagopplæringa, slik at det blei meir interessant og relevant for elevane. Men resultatet av Reform 94 er at lærarane med bakgrunn i yrkesfaga er skjøve ut av allmennfaga, til fordel for reine akademikarar. I eit brev frå KUF til Høgskolen i Akershus 19.06.98 seias dette rett ut: "Prinsippet nå er at allmennfaglærerne skal ivareta yrkesrettingen og tverrfagligheten i de allmenne fagane, mens yrkeslærerne skal ivareta yrkesfagene."

Yrkesretting

Omgrepet yrkesretting har vore mye brukt i vidaregåande skole i fleire tiår. Med Reform 94 kom det departementalt pålegg om at alle allmennfag skal yrkesrettas.

I miljøet rundt SYH / YPI har ein alltid arbeida for ei samordning av yrkes- og allmennfagundervisning. I studieplanen for Norsk for yrkesfaglærarar er det uttrykt slik: "Tverrfaglig samarbeid mellom yrkesfaglærer og norsklærer i skolen er læreplanfestet. Det stiller igjen krav til yrkesretting av norskfaget og til allmennretting av yrkesfaget." Denne tankegangen har derimot ingen oppslutning i KUF som i det omtalte brevet erklærer: "..det har ikke under noen fase av Reform 94 vært en målsetting av yrkesfagene skal allmennrettes."

I haust har Høgskolen i Akershus fått sette igang eit 10 vekttals kurs, men KUF legg noko heilt anna i dette kurset enn skolen har meint, og det er derfor høgst usikkert ka for status kurset vil få. KUF meiner dette er eit kurs bare for dei som manglar generell studiekompetanse, mens Høgskolen ser det som første halvdel av eit grunnfag. På Høgskolen kan dei ikkje svare på om disse studentane vil kunne få fortsette å bygge på med 10 vekttal til frå ein anna høgskole.

- Det synas som om KUF ikkje har skjønt intensjonen vår med studiet, seier Tove Berg og blir reint høgstemt når ho formulerer denne intensjonen: - "Eit moderne didaktisk studium, trygt forankra i kulturarven og den filologiske tradisjon, samtidig som det har fokus på yrkesfaglig strudieretning." Når dei framstiller Norsk for yrkesfaglærarar som eit studium bare for dei utan studiekompetanse, må ein spørre om dei har satt seg inn i ka vi driv med. Derimot kunne vi heller godtatt eit krav om studekompetanse som opptakskrav. Mens heile skoleverket strevar etter samordning og tverrfagligheit ser KUF yrkes- og allmennfag som noko som må haldast strengt frå kvarandre, i alle fall i lærarutdanninga. Vi ser dette som ein grunnleggande mistillit til yrkesfaglæraren som fullverdig og kompetent kollega i den vidaregåande skolen.

Knutepunkt

Den statlige styringa av høgskolane har dei siste åra blitt skjerpa gjennom opprettinga av "Noregsnettet", der kvar høgskole skal ha si bestemte oppgåve. Eit utval under KUF innstilte på at YPI skulle få knutepunktfunksjon i yrkesfaglig norsk. - Det er paradoksalt at høgskoleavdelinga i KUF samtidig legg ned dette studiet, da er det lite å drive knutepunktet utifrå, seier Tove Berg og legg til at Lærarutdanningsrådet og var positive til planane deira om å utvide tilbodet. - Det synas som om saka no har kjørt seg fast i KUF på saksbehandlarnivå. No er det viktig at saka blir tatt opp på politisk nivå, eg vonar at lærarorganisasjonane og LO vil engasjere seg, avsluttar Tove Berg.

Ingen godkjenning utan heile faget.

Utvalet som utreia lærarutdanninga sa i innstillinga si (NOU 1996:22): "Videreutdanning i allmennfag for yrkesfaglærere kan være aktuelt for å kvalifisere denne lærergruppen for også å undervise i allmennfagene på yrkesfaglige studieretninger." Korfor seier så KUF i dag det motsette?

I KUF er det ikkje lett å få tak i nokon som kan svare. Etter eit titals samanstøyt med telefonsvararar og sentralborddamer, med ein ekspedisjonssjef som ikkje riktig hugsar saka og med ein saksbehandlar som ikkje har lov å uttale seg til media, får vi oversendt eit brev som i sjeldan klar tekst gir uttrykk for den departementale visdom: "Enhver utdanning innen allmennfagene av et omfang på 20 vekttall må, slik Rundskriv 62-92 forutsetter, kvalifisere for undervisning på alle trinn og innen alle deler av faget i den videregående skolen. Av høgskolens styrevedtak i saken framgår det at halvårsenhetene faglig ikke holder til mer enn å undervise i modul I og II."

Med andre ord: Sjølv om ein yrkesfaglærar skaffar seg kompetanse for å undervise i det pensum elevane hennar har i fag som norsk, matematikk og engelsk, så held det ikkje om ho ikkje og har kompetanse for å undervise tredje året på allmennfaglig retning. I denne samanhang blir det heilt underordna kordan allmennfaglæraren skal kunne motivere yrkesfagelevar utan å kjenne til dei praktiske faga. Spørsmålet er ikkje tatt opp i nokre av breva frå departementet og synas ikkje å eksistere i deira verd.

_________________________________________________________________________________

Fleire artiklar om skolespørsmål
Til startsida

sveilund@online.no