Debattinnlegg i Ságat, 25.10.2011

Samisk andrespråk og autoritetar

Den siste tida har det endelig blitt mediaoppslag og diskusjon om samisk som andrespråk i skolen. Det trengs at mange fleire engasjerer seg i å betre forholda, anten dei sjølve har samisk som morsmål, andrespråk, framandspråk eller ikkje kan språket.

Johan Klemet K. Hætta gir sitt bidrag i Altaposten 20.10.2011 / Ságat 21.10.2011. Han peikar på fleire viktige årsakar til problema, bl.a. at dette faget ikkje har vore prioritert med kompetente lærarar, og på behovet for kursing i andrespråksundervisning spesielt.

Men det som gjør at eg skriv dette, er angrepet hans på det han kallar "autoritetar", som sjølve ikkje snakkar samisk på eit nivå som han meiner er "alminnelig krav for å undervise i skolen".

I omlag 100 år forsøkte norske styresmakter å utrydde samisk språk. Dei var svært nær ved å lukkast. Dei klarte å bryte den munnlige overføringa av samisk i størsteparten av det samiske språkområdet. Frå 1950-talet var det bare i nokre få kommunar, særlig i Indre Finnmark, at det voks opp barn med samisk som morsmål. Dei elevane som i dag har samisk som andrespråk i skolen er stort sett barn av denne "tapte generasjon", som voks opp utan samisk språk eller i alle fall utan samisk på morsmålsnivå. Frå 1980-talet har det vore ein veksande etterspørsel etter folk som kunne undervise i samisk, i barnehage, grunnskole, vidaregåande skole, høgskole, universitet, vaksenopplæring og språksenter. Samtidig har samiske institusjonar, media og oversettingstjenester vakse kraftig og lagt beslag på mye kvalifiserte folk som kunne ha undervist i og på språket. Dersom vi i denne situasjonen velger å stille ideelle krav og seier at ingen skal kunne undervise i eller på samisk, eller forske på språket si stilling i samfunnet, utan at dei har 100% morsmålskompetanse, blir det beste det gode sin fiende. Om vi vrakar lærarar som ikkje snakkar perfekt, vil mange skolar i staden for perfekte lærarar bli sittande utan samisklærarar. Gjennom tidene er vi ganske mange som ikkje har snakka samisk som barn, men som har lært oss samisk i vaksen alder, på lågare eller høgare nivå. Nokre av oss har samisk bakgrunn, andre har det ikkje. Vi har til felles at morsmålstalande samar kan høre at vi ikkje snakkar 100% perfekt. Vi har og til felles at vi har slitt med å våge å snakke samisk, både privat og offentlig. Eg trur vi alle har møtt negative haldningar fordi vi ikkje har snakka rett eller fordi vi har våga å bruke andrespråket offentlig. Mange av oss, særlig dei som sjølve har samisk familiebakgrunn, er veldig sårbare for negativ tilbakemelding når dei forsøker å snakke. Slik kritikk har ofte bidratt til at mange har slutta å snakke sitt ikkje heilt perfekte samisk, og gått tilbake til språk dei er tryggare på.

Eg har hørt på den refererte nyheitssendinga (NRK Sápmi 13.10.2011) og må seie at dersom folk som snakkar samisk på det nivået ikkje trygt kan uttale seg offentlig, da riv vi ned trua på at samisk er eit språk som går an å lære og bruke.

Gjennom tidene er det folk med norsk, svensk, finsk, russisk, tysk, engelsk, polsk og fleire språk som morsmål som har lært seg samisk og som har gjort ein innsats i skolar, barnehagar og forsking. Sjølv om dei færraste av oss snakkar samisk på morsmålsnivå, vil eg likevel tru at vi gjør meir godt enn vondt for utbreiinga av samisk språk.

Eg hører til dei mange "ukvalifiserte" som har prøvd meg som lærar i samisk andrespråk, og kunne gjerne sagt mye om erfaringane med det, men det får komme i neste omgang.

Hætta etterlyser kurs om undervisning i samisk andrespråk, men nemner ikkje at Samisk høgskole har hatt tospråkligheitspedagogikk i mange år. No er det på høg tid at desse kursa kjem i gang igjen.

Men eit av dei viktigaste tiltaka for god andrespråksopplæring er at vi som har samisk som andrespråk blir møtt med betre haldningar enn det Hætta gir uttrykk for i dette innlegget. Om dei som har andrespråk på skolen ikkje blir anerkjent som språkbrukarar, kva skal vi med andrespråksundervisninga da?

Svein Lund
Redaktør Samisk skolehistorie


Til hovudsida.