Artikkel i Klassekampen 08.03.1999

Kvinnerøyster frå Sameland

På samefolkets dag den 6. februar var det ein banebrytande doktordisputas i Oulu i Finland:
- Den første kvinne tok doktorgraden i samisk
- Den første doktorgradsavhandlinga som fullt ut var skreve på samisk
- Den første doktorgradsavhandlinga om samisk litteratur
- Det første forskningsarbeid om samiske kvinnelige forfattarar.

Av Svein Lund, Guovdageaidnu

Den nybakte doktoren heiter Vuokko Hirvonen, og tittelen på boka hennar ville i norsk omsetting lyde: «Samelandet sine røyster - Samekvinnene sin veg som forfattar». DAT forlag i Guovdageaidnu har utgitt avhandlinga som bok på samisk. Samtidig er boka gitt ut på finsk. Hirvonen si bok er ikkje først og fremst litteraturteori. Dette er samekvinnene si historie, eller historia om samefolket og styresmaktene si undertrykking, slik som kvinnene har opplevd ho. Og slik dei har skreve om ho, i den grad dei har fått skrive, på morsmålet eller på storsamfunna sine språk.

Vuokko Hirvonen underviser i samisk på Sámi allaskuvla, eller Samisk høgskole i Guovdageaidnu. Ho vaks opp i Ohcejohka eller Utsjoki på finsk side av Tanadalen. I boka fortel ho om bakgrunnen sin, med samisktalande mor og finsktalande far. I heimen blei det for det aller meste snakka finsk. Sjølv forsto ho samisk frå starten, men snakka berre finsk. Som vaksen dro ho derfor til universitetet for å studere samisk. No har ho skreve boka på både samisk og finsk, og i tillegg omsett ei rekke dikt frå svensk eller norsk til samisk og andre frå samisk til finsk.

- Det er ein ganske liten del av den samiskspråklige litteraturen som er omsett til andre språk. Korfor?

- Det er i første rekke eit økonomisk spørsmål. Det er vanskelig å få økonomisk støtte til omsetting og det er grenser for kor mye ein kan få omsettarar til å jobbe gratis i von om at det kjem inn nokre pengar om ein ti års tid. Litteraturinstitusjonane har svært mangelfull kunnskap om samisk litteratur og ingen har ansvaret for at det blir omsett. I tillegg er det forholdsvis få som kan omsette, men det er nok finansieringa som er største bøygen.

Forstumma røyster

Styresmaktene har gjennom århundrene forsøkt å få Sameland sine røyster til å teie. Og langt på veg har dei lukkast i det, særlig når det gjeld kvinnene sine røyster. Sjølv da Qvigstad og andre samla inn eventyr og folkeminne i samiske område, var det nesten bare menn som kom til orde. Derfor er over 90 prosent av dei samiske eventyra som er nedskreve skreve slik menn har fortalt dei, sjølv om det er kvinnene som har vore dei viktigaste i å overføre den munnlige litteraturen frå generasjon til generasjon. > Da misjonærane kom til Sameland og sette igang skolar, underviste dei først bare guttar. Og sjølv i starten på denne hundreåret var det ein svært liten del av samiske kvinner som kunne skrive på noko språk.

Fire generasjonar

Vuokko Hirvonen har delt inn forfattarane i fire generasjonar: Oldemødrene (født før 1900), bestemødrene (født 1900-1940), mødrene (født 1940-1960) og døtrene (født etter 1960).

Til oldemødrene sin generasjon hører bare to forfattarar: Elsa Laula og Karin Stenberg. Begge skreiv på svensk. Det dei skreiv var heller ikkje vanlig skjønnlitteratur, men kampskrifter der dei skildra samane sine leveforhold og styresmaktene si undertrykking og stilte krav om endringar. Elsa Laula sitt skrift "Inför Lif eller Död - Sanningsord i de Lappska förhållandene" blei utgitt i 1904, og var trulig det viktigaste skriftet i samband med den første samiske organiseringa. Ho organiserte sameforeningar og samiske kvinneforeningar i både Sverige og Noreg og var sentral i organiseringa av det første samiske landsmøtet i Trondheim 6. februar 1917, som vi i dag feirar samefolkets dag til minne om. Men utover 20-talet klarte den steinharde fornorskingspolitikken å kneble Samelandet sine røyster. Først på 1970-talet blei det igjen mogleg å høre dei gjennom litteraturen. Og da dei først kom fram, kom dei som eit skred av oppsamla og innestengte ytringar som bare måtte fram. Det var to generasjonar som kom omtrent samtidig.

I bestemorgenerasjonen var mange allereie pensjonistar da dei byrja å skrive. For ein stor del skreiv dei erindringslitteratur, som skildra samekulturen slik han hadde vore i deira yngre dagar. Eit kristent bodskap er og sentralt i mange av bøkene deira. Men også andre sjangrar er representert, særlig i dei norskspråklige bøkene: Annok Sarri Nordrås romantrilogi fra svensk-samisk miljø og Aagot Vinterbo-Hohr som med Palimpsest plasserte seg utafor ei kvar sjangerkategorisering.

I mødrene sin generasjon er det meir politisk litteratur, med vekt på storsamfunna si undertrykking og samane si etniske bevisstgjøring. Dei søkte ikkje inspirasjon i kristendommen, men meir i gamal samisk tru og fortellartradisjon. I denne generasjonen finn vi eit rikt utval av sjangrar: dikt, noveller, romanar, skodespel, barnebøker og ungdomsbøker. Den mest produktive er Kirsti Paltto som har skreve innafor alle disse sjangrane. Hos forfattarane på norsk side er det dikt som er den mest utbreidde sjangeren, og fleire av disse har gitt ut bøker parallelt på samisk og norsk eller med begge språk i same boka. Dette gjeld diktarar som Synnøve Persen, Rauni Magga Lukkari, Marry A. Somby og Risten Sokki. Denne generasjonen står og for ein rikholdig barnelitteratur, ofte med utgangspunkt i gamal tru og eventyr. Mange av disse er illustrert av kjente samiske kunstnarar og også omsett frå nordsamisk til andre samiske dialektar og til riksspråka.

Døtrene sin generasjon er igjen forskjellig. Dei er oppvaksne etter den samiske bevisstgjøringa på 70-talet og har fått samiskspråklig opplæring på skolen. Nokre av dei byrja å skrive svært tidlig, ei av dei har utgitt dikt ho skreiv i aldenen 12-14 år. Så langt er det bare dikt som er publisert frå dei tre jentene som repreenterer den yngste generasjonen. Av dei skriv to på samisk, mens Anna Stina Svakko skriv på svensk.

Samisk historie

Vuokko Hirvonen fortel at hovudemnet for forskninga hennar har vore å finne ut korfor kvinnene har skreve og samtidig korfor dei nesten ikkje har skreve eller utgitt noko før på 1970-talet. Dette fortel mye om samisk språksituasjon og om den undertrykkinga det samiske språket har vore utsett for. I boka si viser ho kor nært samekvinnene sin litteratur er knytta til samisk historie og kordan den er viktige kjelder til å forstå samfunnet dei levde i. Litteraturen har vore ein reiskap i å fremme samekulturen og kvinnene sine interesser. >I boka si syner og Vuokko kordan litteraturen har vekse ut av andre kulturformer og kordan joiketradisjonen, eventyr, samisk religion og duodji har påvirka litteraturen.

- Ka er spesielt med samekvinnene sin litteratur samanlikna med den som samiske menn har skreve?

- Eg har bare forska på kvinnene sin litteratur og ikkje samanlikna han med mennene sin. Men eg trur at kvinner skriv meir konkret ut i frå kvardagssituasjonen. Ein kan seie at hovudtemaet deira er kor vanskelig det er å leve som same.

Framleis knebla

- Sjølv om det i dag er ein svært stor del av samane som bare kan norsk, har du ikkje funne mange norskspråklig bøker av samiske forfattarar? - Kystkvinnene si røyst synas framleis å vere knebla. Eg veit at det er nokon som skriv. Men i arbeidet mitt har eg måtta avgrense meg til dei som har gitt ut minst ei bok, og i samband med skrivinga presentert seg sjølv som same. Og da er det svært få av dei norsktalande samekvinnene med.

 ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no