Reportasje i Klassekampen, 30.06.1986
Mens vi ventar på Sametinget
Til neste år kan vi få det første valget til Sameting i Norge. På landsmøtet til Norske Samers Riksforbund (NSR), som i helga ble holdt i Gáivuotna (Kåfjord i Troms) sa justisminister Helen Bøsterud at ho rekna med at proposisjonen om Sametinget vil ligge klar til behandling i Stortinget til hausten.
Av SVEIN LUND, GÁIVUOTNA (Klassekampen):
På tre knappe dagar i året skal NSR behandle alle viktige saker for samane i Norge. Det er sjølvsagt altfor lite tid til å gå grundig gjennom sakene for NSR som i dag er det næraste ein kjem eit representativ organ for samane. Derfor er Sametinget viktig.
Ingen nye inngrep?
Under Alta-kampen lova den forrige DNA-regjeringa at ingen nye større inngrep skulle bli foretatt i samiske områder før retten til land og vatn var avklart. Likevel måtte dette NSR-landsmøtet reagere mot ei rekke nye inngrep som er gjennomført eller planlagt etter at løftet blei gitt. Retten til land og vatn i samiske område vil Stortinget behandle utifrå Samerettsutvalet si andre og tredje innstilling, men det vil enno ta år før desse er klare.
Men alt til våren vil Stortinget behandle utbygging av Saltfjellet, eit av dei største prosjekt som er lansert for å endere naturen i Sameland. Samtidig blir det lagt ei ny militærforlegning i den lille samebygda Karlebotn i Varanger, jakt og fiskereglar og fredningsvedtak blir fortsatt gjort utan omsyn til samisk tradisjon og interesser.
Tsjernobyl
Målingar av høg radioaktivitet i reinkjøt i sørsamiske område har ført til sterk bekymring for framtida til reindrifta og den sørsamiske kulturen. Derfor krev NSR at styresmaktene må dekke alle økonomiske tap som samane kan få på grunn av radioaktiv stråling. NSR krev at den norske regjeringa stoppar alle planar om atomkrafverk i Norge, og at atomkraftverk i alle nærliggande land blir nedbygde.
For fortsatt selfangst
«I samisk tenkning er all natur likeverdig. Mennsket må være varsom med å overbakatte den vekstevnen som finnes i naturen ideelt skal det derfor ikke være behov for å frede noe enkeltområde eller en enkelt-ressurs. Samane, som menneskeheten forøvrig, vil være avhengig av naturens gjenvekst til evig tid.»
Slik uttrykte landsmøtet det samiske synet på bruken av naturressursane, og slo fast at norske styresmakter tvert om har ført ein politikk som har gitt overbeskatning av ressursane. Tømminga av mange fjordar for fisk har tatt livsgrunnlaget frå mange samar langs kysten. Eit uttrykk for den økologiske ubalansen, er den store veksten i selbestanden, som dei siste åra har ført til katastrofe for fiskeria i Aust-Finnmark. NSR vil derfor ta kontakt med Greenpeace for å få dei til å slutte med aksjonar mot selfangsten.
Boikott Sør-Afrika
Landsmøtet vedtok samrøystes å krevje full norsk boikott av rasistregimet i Sør-Afrika. Også i andre saker viste landsmøtet sterkt internasjonalt engasjement. Ved å ta avstand frå den amerikanske regjeringa sine planar om tvangsflytting av navajo-indianarar, mot utplassering av mellomdistanserakettar, og prøvesprengingar.
Det var ikkje leiarval på dette landsmøtet, og Ragnhild Nystad held fram som leiar for NSR.
Klassekampen vil kome tilbake med fyldigare omtale av landsmøtet.
Til startsida
sveilund@online.no