Debattinnlegg sendt aviser 24.05.2017

Vegen fram går først tilbake

Kva i all verda skal vi grave i fortida etter? No gjeld det å sjå framover. Det er det full semje om blant dei som avviser idéen om ein sanningskommisjon eller forsoningskommisjon om fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar. Det merkelige er at motstandarane av ein slik kommisjon gjør det ut frå heilt forskjellige motiv. Vi kan dele dei i tre grupper:

1. Regjeringspartiet Høgre. Dei meiner fornorskinga var ei beklagelig fortid, men at denne er retta opp. Gjort er gjort og spist er spist. Dei er nøgde med dagens samepolitikk, og vil ikkje ha noko tiltak for å rette opp evt. skadeverknadar av fornorskinga, og dei fryktar at kommisjonen vil bli følgt opp med nye samiske krav.

2. Regjeringspartiet FrP, den antisamiske organisasjonen EDL og dei flittige debattantane som meiner samane knapt finst og for lengst har fått alt for mye. Dei ser ikkje fornorskinga som beklagelig, men som ønskelig/nødvendig/uunngåelig, evt. med varianten at det ikkje har vore noko fornorsking. Dei ønsker ikkje rippe opp i historia, da dette kan rive ned deira eiga historieoppfatning. Dei ønsker å fjerne alt av samiske (sær?)rettar, legge ned alle samiske institusjonar og fjerne all støtte til samisk språk og kultur.

3. Nokre samar som har kjempa aktivt for samisk språk, kultur og rettar. Dei ønsker å styrke dette, men meiner vi har grunnlag for å gjøre det ut frå det vi allereie veit, og dei fryktar at ein ny kommisjon bare kan bli ei avleiing, ein måte å sørge for at ingenting skjer.

I tillegg kan vi legge til at nokre forskarar (både norske og samiske) ønsker å grave i fornorskingsfortida, men meiner at i staden for ein offentlig kommisjon er det betre å løyve til eit stort forskingsprogram.

Kvifor blandar eg meg så i denne historia? Ikkje er eg verken same eller kven, ikkje er eg politikar og ikkje er eg forskar. Men som norsk nordmann har eg levd i vel 40 år i samiske område (Her kjem sjølvsagt allereie EDL og protesterer og seier at Hammerfest, Hasvik, Sør-Varanger, Harstad og Tromsø er norsk, mens Guovdageaidnu og Porsanger er kvensk) og eg har fått delta i å samle samisk skolehistorie frå store delar av landet. Konklusjonen min ut frå dette er som sagt i overskrifta, eit gamalt ordtak som er brukt i fleire boktitlar: "Vegen fram går først tilbake".

Det er sagt i debatten at det finst tre viktige samiske rettar: 1. Retten til ei fortid. 2. Retten til ei notid. 3. Retten til ei framtid. Utan ei fortid har ikkje samane som folk verken ei notid eller ei framtid.

Har ikkje da alle ei fortid? For svært mange med samisk bakgrunn er fortida ukjent eller fortrengt. For 31 år sidan kom det ut ei svært viktig bok, med tittelen "Folk uten fortid". Det var forfattaren Reidar Nielsen frå Hammerfest si skildring av sjøsamane i Vest-Finnmark. Denne boka har hjulpe mange i å finne ut av eiga slekt og korleis dei gikk frå å vere samar til å bli norske. Ofte veldig norske og veldig ikkje-samiske, for ein del direkte anti-samiske. Samanhengen mellom denne utviklinga og den statlige fornorskingspolitikken er enno bare delvis avklart. Framleis er det ei rekke debattantar og politikarar som iherdig hevdar at ingen har blitt tvangsfornorska. Korleis foregikk da denne prosessen? Var det så enkelt som far til Reidar Nielsen fortel i boka at samisk ikkje var "behøvelig" eller som Jarl Hellesvik hevdar: familien hans fann ut at samisk ikkje var "framtidsretta"? Eller var det ein statlig styrt prosess som gjorde at samar utvikla slike haldningar?

Gjennom 6 bind Samisk skolehistorie kartla vi ein god del sider ved fornorskingspolitikken og tidligare elevar, foreldre og lærarar sine røynsler med denne. Dette var likevel bare glimt av ein politikk som utvikla seg og endra seg gjennom 300 år, og som hadde varierande gjennomslagskraft og møtte varierande motstand. Denne var retta mot heile den samiske og kvenske befolkninga i Noreg, og hadde i sin mest konsekvente form som mål at alt av desse språka og kulturane skulle utryddast totalt og alle skulle bli like norske. Skolen var eit hovudinstrument i fornorskinga, men slett ikkje det einaste. I same retning virka på forskjellig vis lokal og sentral offentlig forvaltning, kyrkja, næringspolitikken (særlig reindrift, jordbruk og fiske), forsvaret, helsevesenet og media (ikkje minst NRK). Den samla historia om dette er IKKJE skrive.

Det er foreslått eit forskingsprogram om fornorskinga. Det støttar eg fullt ut. Allereie mens vi arbeida med Samisk skolehistorie laga vi for Samisk høgskole, eit forslag til eit slikt program, men da bare basert på skolehistoria. (http://skuvla.info/dutkan-n.htm). Dette må supplerast med forsking på andre sider ved fornorskinga. Likevel er forsking ikkje nok. Forsking foregår stort sett innafor veggane av forskingsinstitusjonane og når i liten grad ut i samfunnet. Det trengst ein open prosess, ikkje som Samerettsutvalet med 17 års ventetid og hemmelighald av utvalet sin debatt fram til siste slutt. I valet mellom forsking og kommisjon seier eg "Ja, takk, begge delar". Det treng ikkje stå i motsetning til kvarandre. Og om nokon hevdar at Noreg ikkje har råd, så lyg dei. Ein kan ikkje bruke noko mildare ord. Vi har eit oljefond på fleire tusen milliardar. Noreg har råd å kaste bort mange milliardar på kampfly for å støtte opp om USA sitt verdsherredømme. Vi har råd å bruke ein milliard eller to på å rette opp etter den største skampletten på den norske staten si historie. Er det noko land i verda som har råd til å gjøre opp med assimileringspolitikken overfor minoritetar, så er det Noreg!

Som alltid når det gjeld samiske og kvenske krav skrikast det opp om at dei bare er ute etter erstatning. Ja, den norske staten har gjennomført eit langvarig brotsverk, og har ei gjeld å betale. Oppgjøret med fornorskingspolitikken vil koste, og det skal koste. Eg meiner likevel ikkje at denne gjelda skal betalast til einskildpersonar. Pengane bør bl.a. brukast til å legge til rette for at alle som har mista forfedrene sitt språk kan lære seg dette utan å måtte ta opp studielån, slik mange faktisk har vore nøydd til. Dei bør brukast til å gi skikkelige vilkår for å utgi bøker, musikk, film og dataprogram på samisk og kvensk, på at språksenter, samisk teater og andre kulturinstitusjonar blir prioritert. Dei bør brukast til å få ut skikkelig opplysning til det norske skoleverket og den norske majoritetsbefolkninga om fornorskingshistoria og om dei verdiane som ligg i samisk og kvensk kultur, i reindrift og utmarkshausting. I 1920 kom det ut ei bok med tittelen "Kulturverdier hos Norges finner". Eg trur faktisk denne burde få ei oppdatert utgåve til hundreårsjubileet, i masseopplag.

Ikkje minst: Skal samisk og kvensk kultur overleve, må det vere "lys i husan" i samiske og kvenske busettingsområde, så ikkje alle hamnar i byane. Ein del av oppgjøret med fornorskingspolitikken må derfor vere eit oppgjør også med sentraliseringspolitikken, med ranet av ressursane og med dei stadige inngrepa i det Samerettsutvalet kalla "Naturgrunnlaget for samisk kultur".

Svein Lund
Guovdageaidnu
hovudredaktør Samisk skolehistorie
______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
T
il startsida

sveilund@online.no