Artikkel i Klassekampen, 20.08.1986

Sameting utan makt

Dei samiske organisasjonane sin kamp har pressa regjeringane til å sette ned utval for å utgreie samane sine rettar, ikkje bare i Norge, men og i Finland og Sverige. Sjølv om mye er forskjellig, er det fellestrekka som slår ein mest. I alle statane gjør styresmaktene det dei kan for å komme unna å anerkjenne samane sitt rett til land og vatn i Såpmi.

ÅRE (Klassekampen): Av SVEIN LUND

Når det norske Stortinget til høsten skal ta stilling til oppretting av eit folkevald Sameting ut ifrå eit samemanntall, ligg dei 13 år etter Finland. Det finske sameparlamentet blei oppretta i 1973, og har 20 representantar. Stemmerett har dei som står i manntallet, og kriteriet er at ein sjølv reknar seg som same og sjølv eller minst ein av foreldra eller besteforeldra har samisk som førstespråk. Korleis er så dei finske samane nøgd med parlamentet sitt?

Helvi Nuorgam-Poutasuo er parlamentsmedlem og lektor i samisk ved universitetet i Helsinki.
— Det begynte egentlig veldig bra. 11971 satte finske staten ned ein sameutgreiingskomite, som kom med innstilling i 1973. Den gikk ut på at samisk skulle bli offisielt språk, eigen samelov og sameparlament med avgjørande myndighet. Men da det kom til Riksdagen forsvann det meste. Vi fikk sameparlament, men det blei bare rådgivande. Fortsatt kjempar vi for at sameutreiinga av -73 skal settas ut i livet.

- Er det stor interesse for vaia til sameparlamentet?
- Frå starten var det veldig stor interesse, med el valdeltaking på 80-90 prosent. Men ettersom folk såg at vi ikkje hadde noko vi skulle ha sagt, minka interessen, og nå er det omlag 60% som stemmer.

- Kva slags valordning har de?
— Det er personval, vi har ingen vallister. Det gjør at det ikkje blir så dominert av den finske partipolitikken, sjølv om nok dei fleste i sameparlamentet er med i finske parti. Sjølv er eg partilaus, eg syns ikkje vi skal la oss dirigere av finsk politikk. Men det er verd å diskutere om ikkje vi burde ha eigne samiske parti som stilte til sameparlamentet.

Pengemangel

Sameparlamentet skil seg og frå andre parlament når det gjeld økonomien. Representantane har ingen lønn, så alle må ha full jobb ved sida. I sameparlamentet sitt sekretariat har del nå endelig fått ein jurist, noko som har auka talet på tilsette frå 2 til 3.

— Det ser ut som vi blir sett på som ein trusel mot den finske staten, seier Helvi Nuorgam-Poutasuo.
— Vi må holdas under kontroll. Det einaste sameparlamentet har lov å avgjøre heilt på eiga hand er ka tid vi skal ha møte. Vi får ikkje ein gang avgjøre kor. Om vi skal møtas utafor dei 4 nordligaste kommunane i Finland, må vi søke til finske styresmakter på førehand

Sverige: Samerettsutgreiing utan samar

I mai kom det svenske samerettsutvalet med si første delinnstilling. I utvalet sitt det 3 personar, alle svenske, og alle menn, med 2 svenske menn som sekretærar, for sikkerheits skyld. Nokre samar har rett nok fått delta som «sakkunniga», men det var dei svenske byråkratane som sikra seg styringa over kva som kom på trykk. Det har da heller ikkje unngått å prege resultatet. Utgreiinga drøftar samane si folkerettslige stilling og konkluderer med at samane ikkjeer elt folk med rett til sjølvstyre etter FN sine konvensjonar. Det blir hevda og at «det ar omojiigt at jamstalla det svenska inflytandet över de traditionella samiska bosattningsområdena med vad som vanligen kallas kolonialism.» Dette trass i at ein fleire stader i den historiske gjennomgangen snakkar om «den svenska kolonisationen av Norrland.»

Den svenske staten har nok trukke lærdom av den finske samerettsutgreilnga på 70-talet, og sørga for å få dei svara dei ønska. For sikkerheits skyld har dei gitt, Samerättsutredningen eit mandat som avgrensar rettsutgreiinga til det som gjeld reindrifta. Det gamle skillet mellom reindriftssamar og andre samar skal holdas ved like.

Førebels er bare den folkerettslige situasjonen behandla, og ingen konkrete forslag er lagt fram. Men i neste omgang vil ein trulig og på svensk side få forslag om folkevald sameparlament. Svenska Samemas Riksforbund har tatt ei meir avventande holdning til sameting enn dei norske sameorganisasjonane.

Utan makt ingen vits

— Spørsmålet om oppretting av sameting kan ikkje lausrivas frå spørsmålet om kva for makt det skal ha. Ellers kan det bare bli kolonialisme i ein ny form, sa Nicolaus Stenberg, leiar for Svenska Samernas Riksforbund. Han meinte elt sameting i kvart land bare måtte vere eit skritt på vegen til eit felles folkevald samisk organ, som representerte alle samar. Samiske folkevalde organ måtte ha vetorett mot inngrep utafrå i samiske område, understreka han, og sa at dei svenske sameorganisasjonane krev ein eigen samelov som slår fast samane sin rett til land og vatn.


Til startsida

sveilund@online.no