Innlegg sendt Finnmark Dagblad 27.07.2010. Avisa har sendt det i retur og bede om at det blir forkorta. Eg har sendt ny forkorta utgåve 02.08.2010. Dette er det opprinnelige innlegget.

Kystpartiet, Hellesvik og urfolk

Innlegget mitt i FD 29.07., der eg ber Kystpartiet dokumentere sine "fakta" om samar og urfolk, har fått samerettsmotstandar Jarl Hellesvik til å svare allereie i avisa dagen etter. Hellesvik har ingen innvendingar mot Kystpartiet sine feilaktige påstandar, liksom han aldri har reagert mot nokon feil eller løgner som har blitt brukt frå samerettsmotstandarane si side, og heller aldri reagert mot noko form for undertrykking og diskriminering av samar og samisk språk og kultur. Derimot brukar han metoden med å skyte på kritikaren, for å få merksemda bort frå det faktum at det i kampen for å avvikle sameretten i Noreg og ILO-konvensjonen blir brukt ei mengde påstandar som er umogleg å dokumentere.

Både Kystpartiet og Hellesvik sin organisasjon EDL blandar saman fleire definisjonar av urfolk. Dei lagar sin eigen definisjon, for deretter å argumentere mot denne og bruke det mot ILO-konvensjonen. Hellesvik skriv i innlegget sitt: "Begrepet urfolk benyttes i Norge som en betegnelse på befolkningsgrupper som tilfredsstiller de betingelser som er satt i ILO 169 om hvem konvensjonen er ment å gjelde for." Nettopp. Akkurat derfor kan ein ikkje argumentere mot konvensjonen med forsøk på å sette dagens etniske merkelappar på 10000 år gamle arkeologiske utgravingar.

Hellesvik skriv vidare: "Jeg kan ikke oppfatte Lund sitt innlegg på annen måte enn at han mener at samene er urfolk i Norge." For ei fantastisk oppdaging! Det har eg stått for sidan lenge før det blei snakk om både Sameting og ILO-konvensjon, og det er ikkje noko sært syn som bare eg har. Dette var ei allminnelig oppfatning i vitskap og jus fram til midten av 1800-talet. Som ein del av norsk nasjonalisme blei da historia omskrive og samar slått saman med kvenar som "fremmede folkeslag", som blei påstått å ha innvandra i seinare tid og ikkje hadde nokon rett til landet og heller ikkje rett til å behalde eigen kultur og eige språk. Denne endringa i historieoppfatninga hang klart saman med innføringa av fornorskingspolitikken, ein politikk som EDL i ettertid dels forsvarar, dels bortforklarer. Sjølv om synet på samar som "fremmede" i landet dominerte i stat og akademia i omlag eit hundreår, var det heile tida folk som hevda at det gamle synet var rett, at samane var urfolk eller urbefolkning, og som også brukte desse uttrykka. I etterkrigstida har synet på samane som urfolk i større og større grad slått gjennom, heilt til krefter som "Nei til Sameland", FrP og EDL igjen byrja å hente fram gamle påstandar frå perioden 1850-1950.

Samane blei anerkjent som urfolk av eit samrøystes storting i 1990. Det er anerkjent av så godt som samtlige forskarar på området innafor historie, samfunnsfag og jus, dei einaste av "vitskapsfolk" EDL&Co kan vise til er ein einaste jurist, Carl August Fleischer, avdøde Karsten Adriansen, som fikk sitt doktorgradsarbeid om at samane ikkje er urfolk avvist av universitetet og professor emeritus Knut Skog, med doktorgrad i elektronikk (!).

Foran siste stortingsvalet var underteikna med på ei utspørring av alle parti som stilte til val i Finnmark. Dei fikk da blant anna spørsmålet: 1. Ønsker partiet å gjennomføre større endringer i grunnlaget for statens samepolitikk? (Grunnlovens §110a, Sameloven, Sametinget, ILO-konvensjon 169, Finnmarksloven) Av 10 parti var det 8 som ønska i hovudsak å beholde dagens juridiske grunnlag, inkludert ILO-konvensjonen, mens 2 parti ville seie opp denne; ikkje overraskande Fremskrittspartiet og Kystpartiet.

Til og med Hellesviks kampfelle Olav Gunnar Ballo har erklært: "Jeg er ingen motstander av ILO-konvensjon nr 169 om urfolk." (arkiv.sv.no/finnmark/personer/ballo/kronikker/dbaFile83133.d)

Hellesvik ber meg "å legge fram forskningsmessig bevis på at samene i Norge tilfredsstiller de betingelser som er nedfelt i ILO 169 om hvem konvensjonen er ment å gjelde for." ILO-konvensjonen definerer urfolk på følgende måte i artikkel 1 nr. 1 b: «Folk i selvstendige stater som er ansett som opprinnelige fordi de nedstammer fra de folk som bebodde landet eller en geografisk region som landet hører til da erobring eller kolonisering fant sted eller da de nåværende statsgrenser ble fastlagt, og som - uansett deres rettslige stilling - har beholdt alle eller noen av sine egne sosiale, økonomiske, kulturelle og politiske institusjoner.»
Kva er det her som treng meir forskningsmessige bevis?
- at dagens samar stammar frå folk som budde på Nordkalotten før statsgrensene blei fastsatt (1751/1826)?
- at område dei budde i har blitt kolonisert?
- at dei har beholdt "noen av sine egne sosiale, økonomiske, kulturelle og politiske institusjoner"?
Alt dette har vore bevist gang etter gang, både i avisspaltene og i ei mengde vitskapelige verk. Denne dokumentasjonen er vanskelig å samanfatte på plassen til eit debattinnlegg, men dersom Hellesvik kan konkretisere kva han vil ha bevis for og FD kan love spalteplass, kan eg godt skrive nokre sider til.

Svein Lund


Til hovudsida.