Artikkel i Klassekampen, august 1986

Turismen trugar samane

Turismen i den form den har idag er ein trussel mot samane sitt grunnlag for å leve som eit folk med ein eigen kultur. Samane må sjølv få styring med turismen i dei samiske områda. Dette var konklusjonene på diskusjonen om samane og turismen på den nordiske samekonferansen som blei avslutta fredag.

ÅRE (Klassekampen): Svein Lund

Turistnæringa i Sameland var eit hovudtema for konferansen, som var den 13. i sitt slag. Så hadde ein da og lagt møtet til eit av dei største turistsentra i Sameland og i Norden, til Åre i Jämtland.

Åre er eit samisk område frå gamalt av, og i Åre kommune er det idag 4 samebyar (reinbeitedistrikt), og ein sameskole med undervisning i sørsamisk.

Ved opninga av konferansen ønske kommunalråden i Åre velkommen, og skrøyt av korleis turistnæringa hadde snudd den tilbakegangen kommunen tidligare hadde pga. rasjonaliseringa i jord- og skogbruket. No er her 8000 sengeplasser for turistar og planar om fordobling. Åre er Sveriges alpinsenter, og kjempar ilag med Falun om OL i 1992.

Samar som turistattraksjon

Men i ei innleiing på konferansen fortalte Ingwar Åhren frå Svenska Samers Riksforbund at denne utbygginga hadde foregått heilt utan omsyn til samiske interesser. I utreiinga som låg til grunn for utbygginga er virkningar for reindriftsnæringa ikkje tatt opp. Samane er bare nemnt som ein turistattraksjon: «Den samiska kulturen och inte minst dess modema former kan studeres i Åreregionen. Renfarmen på Ottfjallet år ett forsøk att rationalisera renskotelsen, som bør kunna demonstreras før turisterna och utgora studieobjekt før skolungdomar från lånet. I anslutning till besok vid renfarmen kan utstallning och forsaljing av sameslojd ordnas, liksom visning av lappkåta med kaffeservering».

Pluss og minus

Konferansen slo fast at om turismen kan vere ein trussel mot samane sitt næringsgrunnlag, kan den og vere eit bidrag til næringsgrunnlaget, og gi mange arbeidsplassar. Men spørsmålet er kven som har styringa. Idag er det folk utafrå som driv det aller meste av turistnæringa i samiske område. Om samane driv sjølv vil det blir tatt større omsyn til reindrift og utmarksnæringar. Da kan ein og gi turistane som kjem eit rettare bilete av den samiske kulturen og informasjon om samiske forhold.

Turisme kan bli ei viktig næring og bidra til å sikre arbeidsplasser og busetting i samiske område. Men idag er det eit ope spørsmål om ikkje dei verdiane dei tar ut er vel så store som dei dei legg igjen.

Spelar kort med djevelen

Jon Paul Persson ønska velkommen på vegne av den lokale sameforeninga og Tossåsen sameby. Han fortalte at turistanlegga et seg lenger og lenger inn over fjellet og fortrenger reindrifta. Dei samiske interessene må heile tida vike. Den turistnæringa som er i Åre har samane ingen styring med.

— Utbyttarane har alltid kome utafrå, seier Jon Paul Persson. — Kva skulle turismen vere her om det ikkje var samane sitt land å utnytte.

- Samebyen vår er delt på to kommunar, Åre og Berg. Begge er fattige og begge satsar hardt på turismen. Når dei kjem i konflikt med reindrifta og vi skal forhandle med dei er dei 2 mot 1. Det er som å spele kort med djevelen.

— Men har ikkje samane sjølv forsøkt å drive turistnæring?
— Jo, men dei som har forsøkt har blitt møtt med motstand frå kommunen, dei er blitt kvelte av økonomiske sanksjonar. Idag er Njarka sameleir det einaste prosjekt som er dreve av samene sjølv. Denne er godtatt, det er greitt for kommunen at her er nokre samar å sjå for turistane. Men når vi forsøker å få igang ting for samene sjølve, får vi ingen støtte. Vi arbeider for å få eit samisk kultursenter i tilknytning til sameskolen i Åre. Det står bare på økonomien, men Åre kommune nektar å støtte oss.

Ungdommen krev samisk

Som så mange andre samar har Jon Paul Persson kjent korleis skolen blei brukt til å undertrykke det samiske. Da han byrja på skolen kunne han ikkje anna enn samisk, men all undervisninga var på svensk, og det var forboda å snakke samisk. Så han kan enno ikkje skrive sitt eige språk. Men nå er det opplæring i sørsamisk på sameskolen i Åre. Men læremiddel er det svært dårlig med. Det mesta som fins på sørsamisk er laga pi norsk side.

— Den svenske staten kjenner ikkje noko ansvar, seier Persson, vi har bare oss sjølv å lite på.
— Barna mine og den generasjonen som veka opp nå krev å få snakke samisk. Derfor er eg nå optimist, og eg trur det sørsamiske språket vil overleve. Vi ser at mange nå finn tilbake til sin samiske identitet, også mange som har svensk mor eller far definerer nå seg sjølve som samar.

Loven splittar samane

Jon Paul Persson er sekretær for Tossåsen sameby. Men etter den svenske reindriftloven har han ikkje rett til medlemskap i samebyen. I samebyane skal bare aktive reindriftsutøvarar få vere med, og lova seier at samebyane ikkje får drive med anna næringsverksemd enn reindrift. Persson kjem frå ein reindriftsfamilie, og han har brødre som driv med rein. Men sjølv jobbar han som sosionom ved ein psykiatrisk klinikk i Østersund.

— Derfor har eg ingen rettar i samebyen. Men det har eg ikkje funne meg i, og reknar meg fortsatt som med i den samebyen der eg er vokst opp. Kor fins den protokollen som seier eg er kasta ut av samebyen? Det blir færre og færre i reindrifta. Om bare dei skal holde oppe samekulturen, blir basisen liten for kravet om samene sin rett til land og vatn. Dei svenske styresmaktene vil splitte reineigarar og andre samar. Det må vi ikkje finne oss i

Overlever Tsjernobyl

- Avisene skriv at Tsjernobyl-katastrofa kan bety slutten for den sørsamiske kulturen. Er det så ille?
- Radioaktiviteten har nå lagt seg som ei lammande hand over dei sørligaste delane av Sapmi. Det seias at samane skal haldast skadeslause. men skaden har jo alt skjedd. Vi veit ikkje kor langt lovnadane om økonomisk støtte rekk. Og den uroa vi nå kjenner kan ikkje stillas med pengar. Men når aviser skriv at dette er slutten for den sørsamiske kulturen, da trur eg dei undervurderer samane sin vilje til å overleve. ---

Bilettekst:
Noko slik ønskar samane i Åre seg. Samegården i Kiruna er eit eksempel på eit kultursenter som samane sjølve styrer. Det er både eit samisk samlingspunkt og for turistar

Inga masseslakt

I fleire aviser, bl.a. Klassekampen, har det stått at ein i Sverige vil gå til masseslakting av rein i dei sørsamiske områda som er sterkt samma av radioaktivt nedfall. Dette er ikkje rett, fortel reineigar Olof Johansson frå Glen i Jemtland

- Det vi har fått beskjed om er at slaktinga skal gå mest mogleg som vanlig og deretter skal kvart slakt målast og det som er over grenseverdien skal gå til dyrefor. Forskjellen i pris skal vi vfå erstatta av staten.

Han er likevel bekymra for virkningane på lang sikt. Det kan ta mange år før beitene igjen er frie for radioaktivitet og reinen vil bare ta opp meir og meir. Neste år vil det trulig vere langt verre, fordi det er reinlaven på vinterbeitet som er mest radioaktiv.

Det har vore snakk om å fore reinen over vinteren. Har du tru på at det kan løyse problema?
Nokre stader der dei måler radioaktivitet like over grensa kan det kanskje nytte. Men det er ikkje bare å fore reinen. Han kan ikkje leve på bare høy. Han vil ikkje få den næringa han treng og smaken på kjøttet vil og endre seg. Eg tviler på at det finst nok av brukbart for å få tak i.


Til startsida

sveilund@online.no