Ein anonym person i Guovdageaidnu som kallar seg "Samfunnsengasjert borger" skriv i FD 10.1. at "fleirspråklighet er en ressurs og berikelse for den enkelte og samfunnet". Heldigvis har vi kome så langt at dei fleste no er samde i det. Det er ikkje mange tiåra sidan offisiell norsk politikk var at samisken må utryddas for at samane skulle lære norsk. Men når "Samfunnsengasjert borger" hevdar at det er for stor vekt på samisken som er trugsmålet mot fleirspråkligheita i dag, da kan eg ikkje vere med lenger. Som lærar ved samisk videregåande skole har eg sett kor godt elevar med samisk og med norsk som førstespråk kan disse to språka. Dei elevane som har hatt samisk som førstespråk i skolen har hatt ferdigheitar i norsk som ofte ikkje ligg tilbake for dei som har norsk som førstespråk. Dei fleste som har hatt norsk som førstespråk, brukar derimot ikkje samisk utan å være heilt nøydd, og får dei undervisning på samisk, protesterer dei med ein gong og krev å få det på norsk. Ikkje nok med det, elevar som har hatt samisk som førstespråk skriv og les ofte bedre norsk enn samisk! Dette er resultatet av ein skole som formelt har likestilt språka, men i praksis har norsk hatt ei mye sterkare stilling både innafor og utafor skolen.
Heilt til i det siste har kommunen forsvart denne politikken, og nokre kommunepolitikarar og byråkratar gjør det enno. Men dei som no endelig byrjar å ville gjøre noko med denne situasjonen, fortjener oppmuntring og ikkje kritikk. Skal alle, uansett morsmål, som veks opp i tospråklige kommunar bli tospråklige, må dei utsettas formiljø der dei har bruk for begge språka. Dette er særlig viktig for dei som har norsk som heimespråk, ettersom norsken ellers er så dominerande i samfunnet og samisktalande gjennom lang tid har blitt vant til at ein må slå over til norsk så snart det dukkar opp ein norsktalande. I nokre få tilfelle har ungar med samisk som heimespråk sluppe inn i samisktalande barnehagar i Guovdageaidnu. På kort tid har dei lært seg så godt samisk at det var naturlig for dei med samisk som førstespråk i skolen. Men i langt fleire tilfelle har ungar blitt nekta plass i samisk barnehage fordi dei hadde norsk som heimespråk.
Er det manglande norskkunnskapar eller manglande samiskkunnskapar som er problemet på arbeidsmarknaden i dag? Det er ein skrikande mangel på folk med høgare utdanning og gode kunnskaper i samisk skriftlig og muntlig. Etter kvart som statusen til samisk blir heva vil ein trulig legge meir vekt på samiskkunnskapar og i forretningar, hotell, bensinstasjonar osv. Dette gjeld både i og langt utafor dei seks kommunane som utgjør forvaltningsområdet for samisk språk. Det er ikkje bare "ved samisk instituasjoner i Guovdageaidnu" at samiskkunnskapar er noko verd. Både for norsk- og samisktalande vil det vere lurt å prioritere å lære seg skikkelig samisk.
Det betyr ikkje at vi skal glømme norsken, og mye kan gjøres for å bedre norskopplæringa. Det første er å sørge for at dei som skal undervise i norsk i samiske skolar som eit minimum kan såpass samisk at dei kan samanlikne dei to språka og slik forstå ka samisktalande elevar har problem med. Ein kan heller ikkje vente at elevar med samisk morsmål skal vere motivert for å lære norsk når lærarane deira ikkje bryr seg om å lære samisk.
Samfunnet utafor skolen dominerer norsken nesten overalt. Dersom skolen skal gjøre elevane likeverdig tospråklige, bør alle elevar i tospråklige kommunar som Guovdageaidnu få utdanning i og på begge språk, men med større vekt på samisk for å oppveie dominansen utafor. Eg kunne tenke meg å foreslå 75 % samisk og 25 % norsk som mål både for grunnskolen og vidaregåande.
"Samfunnsengasjert borger" skal ha ros for å sette i gang denne diskusjonen i avisa. Enno betre ville det ha vore om ho/han hadde stått fram med namn slik at vi kunne få opp denne diskusjonen i lokalsamfunnet utan å trenge å gå vegen om anonyme innlegg i Finnmark Dagblad. Ka om kommunen arrangerte eit ope debattmøte?
Til startsida