Av SVEIN LUND
Men har dette betydd ei reell styrking av det samiske språket? Har fornorskingsprosessen stoppa opp? I ein serie på tre artiklar vil vi sette søkelyset på ka loven har ført til - på godt og vondt. Vi startår i dag med nokre historiske fakta og med å sjå på ka som skjer i det såkalla samiske kjerneområdet, i den kommunen der det samiske språket står sterkast - Guovdageaidnu / Kautokeino.
Som følge av dette vedtok Stortinget i 1990 ein del endringar og tillegg til Sameloven, Grunnskoleloven og Domstolloven. Tillegga til Sameloven, det som ofte kallas «Samisk språklov» trådte i kraft frå 1.1.92.
I seks kommunar skal kommuneadministrasjonen vere tospråklig og alle har rett til å bruke samisk eller norsk etter val i alle offentlige samanhengar. Disse kommunane har og rett til å vedta at samisk skal vere obligatorisk fag i grunnskolen, og kommunetilsette har rett til permisjon med lønn for samiskstudier.
Innafor ei rammeløyving frå Stortinget fordeler Samisk Språkråd midler til kommunar og fylkeskommunar som skal dekke utgiftene til å oppfylle loven. I Sametingets årsmelding for 1993 seias det: «Bevilgningen på kr. 16 650 000 som Samisk språkråd forvalter, gir ikke språkrådet rom-for å styrke tiltak utenfor forvaltningsområdet. Dette er en stor svakhet i arbeidet for å styrke samisk språk, da samisk språk står svært svakt i de fleste områder utenfor forvaltningsområdet.»
For å få svar på dette har vi besøkt tre kommunar innafor forvaltningsområdet, og ein utafor.
Guovdageaidnu er den kommunen der samisken står sterkast i daglig bruk. Eit stort fleirtal av innbyggarane har samisk som morsmål. Skriftlig er det likevel norsken som dominerer.
I Porsanger og Kåfjord er eit mindretal i dag samisktalande, og ganske få under 40 år snakkar språket flytande. I kommuneadministrasjonen har samisken vore heilt fråverande og i skolen er det framleis eit mindretal som får samiskundervisning.
Skånland i Sør-Troms kan på mange måtar samanliknas med Porsanger og Kåfjord, men Skånland kom ikkje inn under språkloven. Motstanden mot samiskundervisning og anna bruk av språket har her trulig vore sterkare enn nokon anna stad i Norge det siste tiåret.
Alle disse kommunane hører til nord-samisk språkområde. Dei to andre samiske språka eller hovuddialektane i Norge; lulesamisk og sørsamisk har framleis ingen offisiell status. For lulesamisk har Sametinget i vår kravd at Divttasvuodna/Tysfjord kommune i Nordland kjem inn under språkloven. Sørsamane bur spreidd over ei rekke kommunar i fire fylke, så her må det andre ordningar til.
Guovdageaidnu kommune har fått statlig støtte til språktiltak i mange år før språkloven kom. Disse skal dekke ekstrautgiftene med å ha ein tospråklig administrasjon. For 1994 har Guovdageaidnu kommune fått over 3,7 millionar til språktiltak. Kommunen skulle med andre ord ha eit godt utgangspunkt for å styrke stillingen til det samiske språket.
- At samisk har fått offisiell status merkas på at det no er meir akseptert å bruke samisk i offentlige samanhangar. Før var det gjeme slik at så fort det var eit offentlig møte så gikk alt på norsk. No brukar kanskje 90 prosent av dei samisktalande samisk på offentlige møte. Men når det gjeld det skriftlige har ikkje mye endra seg. Det er tradisjon for at skriftspråket er norsk. Om nokre sakspapir i kommunen kjem bare på norsk, er det ingen som klagar, dei er vant med at slik skal det vere. Kjem noko derimot bare på samisk, går det ikkje lang tid før nokon etterlyser den norske utgava.
Dei fleste av oss har gått i ein skole der vi bare lærte norsk. Offentlige papir og massemedia er i all hovudsak på norsk, og samisk som administrasjonsspråk er nytt og uferdig. Derfor les dei aller fleste samisktalande raskare og lettare ein norsk tekst enn ein tilsvarande på samisk, særlig om det gjeld forvaltningsspørsmål. Eg spurte i eit av dei kommunale utvala ka for språk dei ville ha papira på. Dei aller fleste svarte på norsk. Ein ønska begge språk, ingen ønska bare samisk. Alle i dette utvalet hadde samisk som morsmål.
Dei fleste som arbeider i kommunen kan ikkje skrive samisk eller skriv det dårlig. Vi har kjørt skrivekurs i arbeidstida. Men det er ikkje knytta krav om at dei skal skrive samisk etterpå. Det er heller ikkje gjort noko undersøking av i kor stor grad dei brukar, det dei har lært. Men eg har inntrykk av at mange held fram å skrive bare på norsk.
- Korfor slutta du som språkkonsulent?
- Eg blei lei av å drive omsetting. Ofte følte eg at eg bare omsette for papirkorga, ettersom svært få eller ingen las det eg skreiv. Eg ville styrke bruken av språket, Når eg foreslo tiltak for å styrke bruken av språket, f.eks. språkbadskurs, var svaret frå kommuneleiinga alltid: Det kan vi kanskje gjøre om vi får ekstramidler til det. Men kommunen har allereie fleire millionar til språkstyrking, vi måtte kunne gjøre noko med dei.
Kvart år kjem nye norsktalande til kommunen og får arbeid i f.eks. kommuneadministrasjon, helsevesen og skole. Dei har søkt ut i frå ei annonse der det står at samiskkunnskapar er vesentlige, og at dei som ikkje kan samisk må følge kurs i arbeidstida. I starten er dei fleste svært motiverte. Men så går det både vinter og vår utan at dei får noko kurstilbod, og så sløvas dei. Ungane til innflyttarane blir satt i norsktalande barnehage og seinare i eigne klassar for norsktalande elevar i grunnskolen. Når vi får dei til vidaregåande skole har dei ofte framleis ikkje lært nok samisk til at dei kan følge undervisning på samisk. Det dei gjør er å dømme dei som har norsk som morsmål til å forbli einspråklige og dermed meir eller mindre utafor i lokalsamfunnet. Eg vil kalle det omvendt diskriminering eller segregering. Det skulle ikkje ha vore lov. Dette har eg sagt til kommuneleiinga, men dei vil ikkje høre på det øret.
I utgangspunktet har vi veldig gode forhold for språkutvikling, i og med at vi har ei stilling som tolk og to språkkonsulentstillingar. Men ka hjelper det når kommuneleiinga ikkje bryr seg. Så lenge fleirtalet i kommunen er samisktalande er dei nøgd med situasjonen. I annonser seier dei at dei legg vekt på samisk språk, men i praksis er det store ord som kjem og går.
- Kan ein nå bli betjent på samisk kor som helst i kommunen?
- I helsesektoren har vi problem med å ha samiskspråklige til ei kvar tid på alle områder. Det er vanskelig å få tak i samiskspråklige fagfolk som legar og jordmødre. Kommunen har tre språkarbeidarar som stiller opp som tolk når det trengs. Målsettinga er at kommuneorganisasjonen er tospråklig på etats- og avdelingsnivå slik at ein kor som helst kan henvende seg på samisk eller norsk og få svar på samme språket. Det er ikkje nødvendigvis ei målsetting at alle tilsette skal kunne begge språka.
- Får alle kommunetilsette tilbad om relevant opplæring i samisk?
- Det vil eg seie dei gjør. Kvart år har vi kurs på forskjellig nivå for norsktalende og skrivekurs for samisktalande. Men det har hendt at enkelte pga arbeidssituasjonen ikkje har fått kurs når dei ønsker.
- Føras det særskilt rekneskap for bruk av språkmidlene slik at ein kan sjå kordan dei er brukt?
- Her må vi i stor grad bruke skjønn. Ellers vil ein måtte bruke mye tid på tidsregistrering av tilsatte. Vi går ut i frå at tilsette i administrative stillingar har omlag 20 prosent ekstraarbeid med at ein har to språk. Departementet og Stortinget har godtatt dei prinsippa som vi har lagt til grunn for berekning av meirkostnadar.
- Kommunen ba for eit par år sidan postverket å bruke begge namna Guovdageaidnu/Kautokeino. Postverket avviste dobbeltnamn og brukar framleis bare Kautokeino. Vil kommunen gjøre noko meir med dette?
— Det var dengang knapt fleirtal for dobbeltnamn, eit stort mindretall ville beholde Kautokeino. Ut i fra den situasjonen er det ikke aktuelt for administrasjonen å reise saka for kommunestyret i denne valgperioden.
Ellers avkreftar Johan Klemet Hætta at dei norske namna i kommunen skulle vere gamle rester som ein ikkje har klart å fått fjerna. Kommunestyret har f.eks. faktisk sjølv i nyare tid vedtatt at det skal heite »Bredbuktnesveien».
- Sa dette er altså eit spørsmål om økonomi, ikkje om pedagogikk?
- Dette med tospråklighetspedagogikk er jo noko ganske nytt, ingen i kommunen har noko utdanning i det. Den gamle erfaringa vår er at om det er få norsktalande elevar så påvirkar dei språket blant alle.
- Ka for planar har kommunen for å gjøre samisk språk meir synlig f.eks. gjennom offentlig og privat skilting. Ser ein det som kommunen si oppgåve å påvirke eventuelt hjelpe private bedrifter til å bruke samisk skriftlig?
— Det har vore diskutert internt i kommunen kordan ein kan gå ut, og ordføraren har gjennom avisa oppfordra private til å bruke meir samisk. Men kommunen kan jo ikkje gi pålegg.
— Har det hendt at private bedriftar og privatpersonar har søkt kommunen sine språkkonsulentar om hjelp?
— Ja, det har hendt, men det har blitt avvist. Språkkonsulentane har meir enn nok med kommuneadministrasjonen og å sørge for samiskopplæring til alle som vil og treng det i jobben. Private bedrifter får bruke dei som driv med privat oversetting.
— Blir det resultat av alle kursa dokkers. Skriv saksbehandlarane sjølv på samisk etter kvart?
— Skole og kultur-etatane gjør det meste sjølv. Ellers er det fleire og fleire som skriv daglig korrespondanse på samisk, mens språkmedarbeidarane oftast tar seg av meir offisielle sakspapir.
I slutten av oktober skal kommunen for første gong halde to-dagars seminar om språkutvikling. Da skal rådmannen og ordføraren innleie om sine visjonar for samiskbruken framover.
Så får vi sjå om visjonane har blitt større innan den tid.
Til startsida