Debattinnlegg sendt Telemarksavisa 07.02.2013. Det blei prenta 14.02.2013, men da med tittelen redusert/sensurert til bare "Samefolket", slik at det ikkje skulle synast at dette vare ein kritikk av avisa.

Med TA mot samefolket!

6. februar var Samefolkets dag. Denne dagen blei markert av samar over heile Noreg, samt i Sverige, Finland og Russland. Mange ikkje-samar har også slutta seg til feiringa, i solidaritet med arbeidet for at samisk kultur og språk skal overleve og for å markere at vi skal ha plass til eit fleirkulturelt samfunn i Noreg.

Eg går ut frå at også samar i Telemark har feira dagen, og at dei sikkert har fått støtte frå mange i lokalsamfunna der dei bur. Kva må dei ha kjent når dei har opna Telemarksavisa på denne dagen? Ein einaste stad i avisa på Samefolkets dag er samane nemnd, på side 20. Og det er ikkje i form av nokon sympati, men av eit reint antisamisk dikt, så fullt av grove forvrengingar og aggresjon og hat mot alt samisk at det ikkje er til å tru at noko slikt i det heile kan komme på prent. Det hadde vore ille nok om det hadde vore tatt inn som lesarinnlegg, men når det er plassert som Dagens Dikt, er det enno verre. Og når denne dagen er Samefolkets dag, kan det bare oppfattast som at avisa ønsker å markere at ein tar avstand både frå feiringa av denne dagen og frå det samiske folket. Eg har lest mye av det som har stått på godt og vondt om samar i aviser gjennom tidene. Men dette er det absolutt verste eg har sett. Redaktøren er skuldig lesarane og alle samar ei orsaking, som bør stå på førstesida av avisa. Og dersom det finst skamvet i redaksjonen, kan de deretter gå ut med saklig informasjon om samisk historie og kultur og dagens situasjon for samane i Noreg. Det skal vere mogleg å finne også sett frå Telemark.

Svein Lund
Telemarking busett i Finnmark


Her følger diktet som var prenta i Telemarksavisa:

Som same

Voi hvor jeg har forsovet meg.
Nå er jeg våken,
som same

Nå skal jeg markeres
Språket er min fanesak
som same

Du har bare en simpel stemme
Jeg har dobbelt opp
som same

Du har bare et flagg
Jeg har to
som same

Din lov er ikke min
Du har ikke lov, men det har jeg
som same

Din næring er min markering
Jeg bestemmer over ditt levebrød,
som same

Jeg hevder alt av land og vann
knivens hissige tunge kaller til dyst
som same

Idar Thomassen


Eg kjenner ikkje til kven forfattaren er.

Diktet var illustrert med bilde av ein same i Karasjok-kofte, trulig på Sametingets talerstol. Aviser i Finnmark som har skreve om dette har opplyst at personen på bildet er nylig avdøde Anders Nordsletta frå Karasjok, som ikkje har noko med denne saka å gjøre. Bare bruken av dette bildet er ei blodig fornærming av minnet hans og av hans etterlatte. (S.L.)


Til hovedsida.