Debattinnlegg i Ságat 15.02.2013.

Ikkje samehets?

Som telemarking busett i Sápmi blei eg forferda da eg såg at mi gamle lokalavis Telemarksavisa på samefolkets dag prenta eit dikt under tittelen "Som same". Diktet framstiller det slik at samar i dag bestemmer over ikkje-samar sitt levebrød, at samar ikkje treng følgje norsk lov, og kampen for rett til land og vatn framstillast med orda "knivens hissige tunge kaller til dyst", altså som ein aggressiv valdelig kamp frå samane si side.

All ære til Ságat for å ha slått opp dette, og karakterisert det heilt korrekt som samehets. Allereie før eg såg Ságat sitt oppslag, hadde eg skrive eit innlegg til Telemarksavisa, og bede om svar frå redaktøren. Eg varsla og at eg ville melde avisa til Pressens Faglige Utvalg dersom dei ikkje kom med ei orsaking utan vilkår. Dette har ikkje skjedd, innlegget mitt er så langt ikkje tatt inn, og klagen til PFU er sendt. Redaktøren forsvarer derimot diktet både overfor meg og i Ságat. Det einaste han kan innrømme er at diktet ikkje burde stått på prent på Samefolkets dag. Men alle andre dagar i året er det altså greitt å spreie grove forvrengingar av kva sameretten og samiske krav går ut på, og å gjøre det utan at det kjem klart fram at det er eit debattinnlegg.

I innlegget av redaktør Mellingen i Ságat 14.02.2013. skriv han at forfattaren av diktet "skrev diktet som et innlegg i debatten der han blant annet mener at det finnes en del urettferdig forskjellsbehandling mellom samer og nordmenn. Han er også sterkt imot separatistbevegelsen som ønsker å skille ut samiske områder fra Norge."

Med dette går altså Telemarksavisa god for påstanden om at det eksisterer ein slik "separatistbevegelse". Eg har budd i samiske område i vel 30 år og følgt rimelig godt med, og har til dags dato aldri sett noko separatistrørsle, bare ugrunna påstandar om at denne skal finst.

Redaktøren gir seg ut for å forsvare ytringsfridomen, men her avslører han at han ikkje er nøytral i saka, tvert om går han god for ei løgnaktig påstand om at tilhengarane av sameretten er separatistar.

Koplar vi påstandane om separatistar med orda i diktet om "knivens hissige tunge" er ikkje vegen lang til at sameaktivistar er terroristar. Redaktøren hevdar at det ikkje kan vere samehets sidan forfattaren "er selv same". Det fortel mest om at han tydeligvis ikkje er kjent med dei psykologiske verknadane av lang fornorsking, som i mange tilfelle har slått ut i ein form for etnisk sjølvhat. Dette har vi sett ei rekke eksempel på både i Finnmark og elles i Sápmi.

Kvifor er dette så alvorlig akkurat no? Nylig har staten erklært at reindrifta skal reduserast med tvang. Om kort tid vil vi få ein mineralstrategi som etter all sannsynligheit vil gå ut på at mineralressursane skal tømmast utan omsyn til natur og samiske næringar. Regjeringa ønsker å mangedoble oppdrettsnæringa i nord, samtidig som kystfiskarane sine rettar blir avviste, og fjordane skal fyllast opp av giftig gruveslam. Det er planar om hundrevis av vasskraft- og vindkraftutbyggingar i samiske bruksområde, og olja skal utvinnast på høggir mot alle faglige råd.

Fleire og fleire er skeptiske til kva denne utviklinga vil føre til, dei ønsker at vi skal ta vare på det som det offentlig oppnemnde Samerettsutvalet kalla "Naturgrunnlaget for samisk kultur". Korleis skal gruve-, olje- og kraftprofetane overvinne denne motstanden? Ein viktig metode er å framstille forsvarane av sameretten og naturen som ekstremistar, separatistar, fanatikarar osv.

Som eg tidligare har nemnd er EDL her ein viktig aktør. For første gong har denne kampanja her fått støtte på redaktørnivå. Det er skremmande og lovar ikkje godt for debattklimaet framover.

Svein Lund
Skien/Guovdageaidnu


Her følger diktet som var prenta i Telemarksavisa:

Som same

Voi hvor jeg har forsovet meg.
Nå er jeg våken,
som same

Nå skal jeg markeres
Språket er min fanesak
som same

Du har bare en simpel stemme
Jeg har dobbelt opp
som same

Du har bare et flagg
Jeg har to
som same

Din lov er ikke min
Du har ikke lov, men det har jeg
som same

Din næring er min markering
Jeg bestemmer over ditt levebrød,
som same

Jeg hevder alt av land og vann
knivens hissige tunge kaller til dyst
som same

Idar Thomassen


Eg kjenner ikkje til kven forfattaren er.

Diktet var illustrert med bilde av ein same i Karasjok-kofte, trulig på Sametingets talerstol. Aviser i Finnmark som har skreve om dette har opplyst at personen på bildet er nylig avdøde Anders Nordsletta frå Karasjok, som ikkje har noko med denne saka å gjøre. Bare bruken av dette bildet er ei blodig fornærming av minnet hans og av hans etterlatte. (S.L.)


Til hovedsida.