Reportasje i Klassekampen 09.04.1992

Sametinget vil styre reindrifta

Sametinget med krass kritikk av reindriftspolitikken

Av SVEIN LUND, GUOVDAGEAIDNU (KAUTOKEINO)

NORSKE styresmakter har styrt reindrifta slik at naturen på Finnmarksvidda er i ferd med å bli øydelagt. Hvis reindrifta ryk, ryk mye av grunnlaget for den samiske kulturen. No ønsker Sametinget sjølv å ta over styringa med reindrifta.
Sametinget sitt vedtak i går om stortingsmelding 28 («En bærekraftig reindrift») er ikkje bare ein krass kritikk av den reindriftspolitikkken som staten har ført, den rammer og i høg grad Norske Reindriftssamers Landsforbund.
Sametinget gir ros til regjeringa for at dei no endelig har byrja forstå at reindrifta ikkje bare er kjøttproduksjon, men at ho og er ein kulturbserar, og at ein må sjå det samepolitiske, distriktspolitiske, miljøpolitiske, likestillingspolitiske og kulturpolitiske i samanheng.
Likevel saknar Sametinget ei grundigare drøfting av kva for konsekvensar endringar i reindrifta får for dei sosiale og kulturelle sidene ved det samiske samfunnet. Reindriftspolitikken har ført til store økologiske problem og samtidig økonomisk nedgang for størstedelen av reineigarane i Finnmark. Men samtidig har ein klart å halde oppe sysselsettinga i næringa så langt. Når ein no skal løyse dei økologiske og økonomiske problema på ein gang, kan resultatet lett bli at ein skaper store sosiale problem og at mange må ut av det kulturelle miljøet dei kjenner seg heime i.

Makt til Sametinget

Sametinget ønsker sjølv å oppnemne alle medlemmane i Reindriftsstyret og i områdestyra, og dei vil overta statens ansvar som part i reindriftsforhandlingane. Dei ønsker og å få styring med arealbruken i reinbeiteområda:
«Sametinget skal ha rett til å avgjøre arealdisponering til andre samfunnsformål og kunne forhindre arealdisponering for kommunale eller private formål når de er til vesentlig skade for reindriften».
Kor viktig dette er, synte ein representant frå Nordland med å fortelle at i fylket hans er 1/3 av reinbeiteområdet gått tapt på grunn av kraftutbygging.

Mathis M. Sara, som representerer BES og Guovdageaidnu foreslo like godt at Sametinget sjølv skulle sette ned eit utvalg for å komme med forslag til ny reindriftslov. Men andre var nok i tvil om Sametinget sjølv skulle begynne å lage lovforslag, så dette blei i første omgang sendt over til Sametingsrådet.

Desentralisering

Stortingsmeldinga legg opp til at meir av styringa skal dosentraliseras til det einskilde reinbeitedistriktet. Sametinget etterlyser eit svar på kordan distriktsstyra virkelig skal klare dei oppgåvene dei no blir pålagde. Det er distriktsstyra som får ansvaret for å regulere reintalet ned til forsvarlig nivå.
Dette kan ein knapt sjå som noko desentralisering av reell makt. I staden blir det slik at reindriftssamane må kjempe seg i mellom om kem som skal få bli, fordi forvaltningsapparatet ikkje tør ta dei upopulære avgjerdene. I distriktsstyret er det og ofte dei som har størst reinflokkar som har mest å seie.

Likestilling

Kvinnene si stilling i reindrifta har blitt sterkt svekka dei siste 10-15 åra. Ei av årsakane Ugg i innføring av «driftsenhet», eit omgrep som bryt helt med samisk tradisjon. Denne skal vere registrert på ein person, det blir i dei aller fleste tilfella ein mann. No legg stortingsmeldinga her opp til ei endring slik at eit ektepar kan ha driftseining i lag. I tillegg krev sametinget at kvinnene sin representasjon i dei styrande organa i reindrifta må bli styrka, og dei vil ha lovfesta retten til å beholde driftseining både ved ekteskap og ved skilsmisse, og at kvinner skal ha samme rett til pensjon ved førtidspensjonering, sjølv om dei ikkje har driftseining registrert på seg.

Smular frå staten

Fløttenutvalet som utgreia omstilling av reindriftsnæringa i Finnmark foreslo ei omstillingsløyving på 335 millionar. Men i stortingsmeldinga er dette redusert til 50 millionar, og dei skal delvis takas frå reindriftsavtalen.
— Vi har heller ingen garanti for at det er reindrifta. som får godt av desse pengane, eller at det er samar som får hand om dei, sa Maret Guhttor, og viste til at SUFUR (Finnmark Utdanningsregion) allereie har fått ti millionar av desse pengane.

Forhandlingsrett

Forhandlingane om reindriftsavtale har sidan starten i 1976 vore ført mellom NRL og landbruksdepartementet. I disse forhandlingane har det vore kjøttprisar og andre økonomiske spørsmål som har vore i sentrum. Mange reindriftssamar blei etterkvart så misnøgde med NRL sin politikk at dei for nokre år sidan starta ein ny næringsorganisasjon BES, Boazo Ealahus Searvi (reindriftsforbindet). Denne organisasjonen er no omlag like stor som NRL, men trass i det har ikkje staten vore villig til å innrømme dei forhandlingsrett. Med stort fleirtall gikk Sametinget inn for at BES skal få forhandlingsrett på linje med NRL.
To representantar for landbrukskomiteen i Stortinget, Inge Staldvik (A) og Syver Berge (Sp), var til stades under Sametinget si behandling av reindriftsmeldinga. Dei sa etterpå at dei vil legge stor vekt på Sametinget sine merknader, når saka snart skal opp i Stortinget.
- Men om Stortinget er enige med oss, det blir ei anna sak, la Staldvik til.
Om dei ville gå inn for forhandlingsrett til BES, det ville dei ikkje svare på enno.
- Men dei har i alle fall styrka posisjonen sidan sist vi diskuterte det for to år siden, sa Syver Berge.
Reindriftsmeldinga er venta opp i Stortinget rett før sommarferien.

Til startsida

sveilund@online.no