I denne debatten har vi visst kome i skade for å kjempe mot stråmenn frå begge sider. Min kritikk var at kronikken som starta debatten ga ei feilaktig framstilling av samiske krav. På grunnlag av desse feila har eg kome i skade for å slå vel hardt, og det er gledelig at kronikkforfattarane ikkje har ønska å angripe sameretten.
Det viktigaste kan likevel ikkje vere å diskutere forfattarane sine gode hensikter. Eg kritiserte i første rekke faktafeil, og i sitt andre tilsvar har forfattarane delvis innrømt desse. Men dei har framleis ikkje forstått kva som var galt med påstanden om å gjøre samisk til undervisningsspråk for alle skolebarn i nokre område. I svaret seier dei: "Da vi viste til debatten om bruk av samisk som undervisningsspråk i offentlig skole i disse områdene burde vi lagt til at det selvsagt også gis opplæring i norsk." Undervisningsspråk er det språket lærarar underviser på i dei forskjellige faga, altså undervisning på norsk eller på samisk. At norsk er eit fag for alle i norsk skole har ingen ting med saka å gjøre og denne "avklaringa" bidrar bare til enno større forvirring.
Svein Lund