Debattinnlegg i Altaposten og Finnmarken august 2008

Diskriminering, undertrykking og forvrenging

Det skal godt gjørast å slå alle dei usaklige innlegga som samerettsmotstandarar har kome med i Finnmarksavisene dei siste åra. Oddvar Støme har likevel klart det i Altaposten 21.08.08. Her hevar han usakligheita til nye og uante høgder, med å samanlikne forkjemparane for samiske rettar med Hitler og nazistane og framstille EDL som "motstandsfolket", eit ord som gir klare assosiasjonar til motstandsrørsla under krigen.

No er Støme meir ekstrem enn dei fleste, men ein må likevel ta han alvorlig, fordi han er ein del av ei skremmande sterk rørsle med sikte på å skru norsk samepolitikk tilbake til fornorskingstida og fjerne alle rettar det samiske folket i Noreg har oppnådd dei siste tiåra. Denne rørsla omfattar som Støme skriv ved sida av EDL bl.a. stortingsrepresentantar, og faren er stor for at dei kan vinne fram ved neste stortingsval, med regjering av det einaste partiet som går inn for avskaffing av Sametinget og av undervisning i og på samisk. Til no har ingen frå denne fløya tatt offentlig avstand frå Støme sine ekstreme utspel, vi må derfor tolke dette som dei meiner alle middel er tillatt i kampen, inkludert blanke løgner og forvrengingar.

Det er umogleg i eit kort innlegg å svare på alle forvrengingane til Støme, men eg skal ta fatt i to av dei.

1. Innlegget mitt "Den store samansverjinga" handla om fornorskingspolitikken og EDL sitt forsøk på å bortforklare denne. Støme framstiller derimot innhaldet av innlegget mitt slik: "Her meiner han at motstandsfolket i Finnmark, skipnaden Etnisk demokratisk likeverd, har feiltolka alle tildriv og sprell som er komne frå sameaktivistisk hald. Han meiner og at det skal teiast om Sametinget, finnmarksloven og FeFo, urfolkdeklarasjonen og finnmarkskommisjonen,..."

Dette har eg aldri skrive og aldri meint. Dei som har følgt med i finnmarksavisene nokre år vil ha sett at eg slett ikkje meiner det skal teiast om dette. Innlegga mine om slike spørsmål kan kven som helst lese, dei er samla på http://sveinlund.info/sami.htm. At eg har anna syn av Støme på dei nemnde fenomena, gir ikkje grunnlag for å påstå at eg meiner det skal teiast om dei.

Når eg i dei siste innlegga mine har prioritert å dokumentere tvangsfornorskinga, er det nettopp fordi EDL den siste tida har gjort det til eit hovudspørsmål å fornekte denne. Det gjør dei nettopp fordi at dersom ein kan framstille historia slik at samar aldri har vore undertrykt, vil også dei samiske krava av i dag og dei kompensasjonsordningar som er innført framstå som uforståelige. Dei blir bare forståelige og rimelige sett i lys av den historiske undertrykkinga samane har vore utsette for.

2. "Kva tid fekk vi finnmarkingar møte vårt eige språk i skulen? Vi måtte lære både å skrive og forstå gammaldansken frå første klasse av. Enno i dag er ikkje finnmarksspråket kodifisert (skrive ned i bok) til bruk i skulen. Vi har måtta greie oss med eit av grannemåla. Er det då urimeleg å be samisktalande greie seg med finsk som er deira grannemål? Men ein slik tankegang er vel heilt formasteleg og diskriminerande? Eg berre spør!"

Eg var ikkje klar over at Støme var så gamal at han har hatt gammaldansk på skolen. Sjølv om vi kan vere samde om at bokmålet har røter i dansken og enno er prega av denne, kan ein knapt bruke ordet gammaldansk om riksmålet/bokmålet, i alle fall etter 1918.

Ideen om at samisktalande skal lese finsk var praktisert i delar av indre Finnmark i første halvdel av 1700-talet, da dette området var under svensk styre. Men innafor Noregs grenser har dette aldri vore noko alternativ, snarare har finsk/kvensk språk her vore undertrykt minst like hardt som samisk. Politikken var derimot i over hundre år at samar skulle lære på norsk og bare på norsk.

Støme og eg har til felles at vi skriv nynorsk. Men det er likevel ein grunnleggande forskjell. Eg arbeider for nynorsk skriftspråk og for samisk språk utfrå det samme grunnlaget; at kvart folk skal ha retten til sitt eige språk. Støme vil derimot ikkje unne samane denne retten. Dei skal derimot "greie seg med finsk", eit språk like forskjellig frå samisk som norsk er frå tysk. Kor blei det av det etniske og demokratiske likeverdet?

Eg ser at Støme omtaler meg som "sameaktivist". No hører eg ikkje til dei som ser "sameaktivist" som eit skjellsord og blir derfor ikkje fornærma av den grunn, eg vil bare gjøre merksam på at så vidt eg kjenner til har eg inga samisk slektsbakgrunn, eg står ikkje i samemanntallet og som norsk nordmann er eg heller ingen sameaktivist. Eg hører derimot til dei som meiner det finst visse prinsipp som ein bør halde fast ved uavhengig av eigen etnisitet.

Svein Lund


Her følger Oddvar Støme sitt innlegg i Altaposten 21.08.08

Diskriminering og undertrykking

Svein Lund frå Kautokeino har i Altaposten ei lang utgreiing om «Den store samansverjinga. Her meiner han at motstandsfolket i Finnmark, skipnaden Etnisk demokratisk likeverd, har feiltolka alle tildriv og sprell som er komne frå sameaktivistisk hald. Han meiner og at det skal teiast om Sametinget, finnmarksloven og FeFo, urfolkdeklarasjonen og finnmarkskommisjonen, alle desse forordningane som tek all makt, myndigheit og likeverd bort frå finnmarksfolket. Om ein likevel skulle våge seg på å ytre eit ord om urettvisa i alle desse tinga, så er det her berre snakk om diskriminering og undertrykkjing, rasisme og fornorskingspolitikk.

Det er ingen som nektar for at ymse lag i folket kan bli utsette for hakkementalitet, særleg dei som på ein eller annan måte skil seg ut, på grunn av språk, klednad, kultur eller anna. Slik har det vore frå arilds tid av. Men å skyte skulda over på den vanlege finnmarking er eit alvorleg overtramp.

Norske styresmakter har alltid hatt eit særleg godtykke for samefolket. Det har og den vanlege veloppdragne finnmarking. Det er sameaktivistane som sjølv har lege hovudet på blokka når dei uhemma har krevd erstatning og godtgjering for alskens påhitt og oppkonstruerte ulemper. Det skin så klårt igjennom at det heile tida er mammon det her gjeld, og det irriterer folk flest. Kven i Finnmark har i dei siste 60 åra fått betre stønad og hjelp enn dei samiske stroka?

Når sameaktivist Svein Lund først snertar inn på omgrepet «Den store samansverjinga» så vil eg her nemne nokre ord om det. Det er eit anna omgrep som ofte er nemnt: ’Vegen vert til mens man går’. Betre overskrift kan eg ikkje finne på det som har ført fram til den samepolitiske stoda i dag.

Eg trur ikkje at vegen var oppstaka fullt ferdig frå børjinga av. Finske samars riksforbund hadde frå gamalt av ein draum om å annektere sameland for reindrifta og samisk busetnad. Då det stoppa opp i Finland, vart tankane eksporterte over til Noreg. Her var det lettare å spreie slike tankar på grunn av dei demokratiske og liberale norske haldningane. Sjølv møtte eg desse tankane alt i 1960, gjennom reineigaren frå Varanger: Om 30 år har vi teke heile Finnmark! Vi skal utdanne våre sønner og døtre til advokatar, domarar, lærarar og andre byråkratar for å nå dette målet, og Den norske stat skal betale kalaset! Vi skal take Finnmark innanifrå! Er det nokon som i dag tvilar på at dei har klart det?

Dette er i røynda den største samansverjinga, Svein Lund. Vi vart teken medan vi sov! Men som det står i sangen: Dog vågner vi vel opp en Gang, og bryter Lenker, Bånd og Tvang!

Det aktivistane ikkje rekna med var at det skulle gro opp ei organisert motstand mot aktivistrørsla med namnet Etnisk demokratisk likeverd, ei rørsle som betalar kva det kostar av eigen pung, som tek ansvar for andre utan vederlag av nokon art. No har i tillegg denne rørsla vorte forsterka med profilerte stortingsfolk frå Finnmark.

Derfor må denne rørsla kjempast ned. Svein Lund sitt innlegg vitnar om desperat sidedreiing av problema for å få fokus på andre ting enn det saken gjeld, nemleg umyndiggjering og rettsløyse for finnmarkingar flest til fordel for eit lite mindretal med godkjent avstammingsbakgrunn og etninsk tilhøyrsle.

Har vi ikkje høyrd noko av den same visa før, frå ein herre ved namn Hitler som førar for sosial- nasjonalismen? Vi hugsar godt korleis dette gjekk. Eg kan ikkje skjøne at desse aktivistane vågar å stå dette laupet. Straks det politiske Noreg set foten ned, er det jamt slutten. Og slutten kjem ved neste stortingsval!

Eit par spørsmål til slutt: Kva tid fekk vi finnmarkingar møte vårt eige språk i skulen? Vi måtte lære både å skrive og forstå gammaldansken frå første klasse av. Enno i dag er ikkje finnmarksspråket kodifisert (skrive ned i bok) til bruk i skulen. Vi har måtta greie oss med eit av grannemåla. Er det då urimeleg å be samisktalande greie seg med finsk som er deira granne- mål? Men ein slik tankegang er vel heilt formasteleg og diskriminerande? Eg berre spør!

Oddvar Støme


Til hovudsida.