Innlegg sendt avisene i Finnmark 02.01.2008. Prenta i alle fall i Altaposten og Finnmarken

Svein Lund:

Ingen grenser for løgner og samehets?

Dei som har følgt med på debattsidene i finnmarksavisene nokre år er vant med litt av kvart når det gjeld angrep på samar og sameaktivistar. Har vi blitt så vant til det at vi ikkje lenger reagerer?

I finnmarksavisene sto det i desember eit innlegg av Oddvar Støme, Kiberg, som slår det aller meste til no. Han samanliknar sameaktivistar med nazistar og seier dei spreier "ondskapens evangelium". Innlegget er stappfullt av løgnaktige påstandar om korleis alle som kan påberope seg eit eller anna kriterium på samisk tilknyting blir lønna "rikelig med gods og gull" osv.

Felles for Støme og hans kampfeller, bl.a. i EDL, er at de meiner dei ikkje treng konkret kunnskap om det dei skriv om. Det er bare å slenge ut ein påstand og så trekke konklusjonar ut frå denne. Nylig påsto EDL at bare 1/10 av folket i Finnmark er samar. Eg har etterlyst dokumentasjon på dette, men ventar framleis på svar. I eit tidligare debattinnlegg har Støme påstått det same. No har han vald ein annan taktikk for å få samane til å forsvinne som eige folk: Alle eller ingen i Finnmark er samar, vi er alle så blanda at det finst ikkje noko samisk folk som kan skiljast frå andre i Finnmark. Ingen av dei kan sjølvsagt føre noko bevis for dette, det trengst heller ikkje når hensikta helliger midlet: fjerne grunnlaget for krav om samiske rettar.

Nei, da var det mye bedre før i tida. Da lova bestemte at ein måtte ha norsk som dagligspråk for å få eige jord i Finnmark, da samiske elevar blei straffa for å snakke morsmålet sitt på skolen og da det var offisiell statlig politikk at samar var underlegne nordmenn, og at språket og kulturen deira måtte utryddast for å sikre Finnmark for Noreg. Denne politikken blei gjennomført med ei slik kraft at dei aller fleste godtok den. Både nordmenn, samar og kvenar trudde i stor grad på påstandane om den mindreverdige samiske kulturen og det mindreverdige samiske språket, og ein stor del av dei som hadde samisk bakgrunn forsøkte å skjule denne og bli så norske som råd.

Nokre få sto likevel imot, og hevda at den samiske kulturen og språket hadde minst like stor rett til å leve i Finnmark som den norske, og burde få ein plass både i skole og samfunn. Det var dei utskjelte "sameaktivistane", som også fikk støtte av nokre ikkje-samar. Det er i stor grad dei vi kan takke for at fornorskarane ikkje oppnådde målet sitt fullt ut, men at det blei bevart så mye av samisk språk og kultur at det har vore mogleg på nokre område å snu utviklinga. Derfor kan i dag ein del fornorska sjøsamar riste av seg underkuing gjennom fleire generasjonar og ta språket og kulturen tilbake. Vi kan i stor grad takke sameaktivistane for at Finnmark i dag er eit fleirkulturelt og ikkje eit heilt fornorska fylke.

Den norske staten brukte enorme krefter og pengesummar gjennom over hundre år på å fornorske samar og kvenar. I forhold til statsbudsjettet og nasjonalproduktet var det langt meir enn det som no blir løyva i støtteordningar for språk, kultur, reindrift og næringsutvikling i samiske busettingsområde. Sjølv desse støtteordningane er utilstrekkelig til å hindre at samisk språk og mye av grunnlaget for kulturen held fram med å gå tilbake, utan desse ordningane kunne det samiske ha vore så godt som utrydda.

Dessverre tillet ikkje plassen å svare på fleire av Støme sine feilaktige påstandar. Men eg vonar at andre no også vil reagere. Historia har alt for mange eksempel på at propaganda basert på løgn dessverre har gjennomslagskraft. Det er derfor naudsynt med opplysning så folk har eit grunnlag for å avvise den anti-samiske propagandaen.

Svein Lund


Og her kjem innlegget eg svarte på:

Innlegg i Finnmark Dagblad 20.12.2007

Det verkelege ordskiftet

Av Oddvar Støme. Kiberg

Eg nemnde i mitt førre innlegg som tok opp rabiate skuldingar frå Yngve Hågensen,(YH) Alta at neste gong skulle vi take til med det verkelege ordskiftet omkring aktivistsamesaka. Eg har før og nemnd at denne saka er ein einaste stor anakronisme, ein vond pust og jeremiade frå ei tid som for lengst er borte. Klagesongen gjeld ikkje nolevande folk, sjølv om det er nettopp det desse aktivistane prøver å innbille dei som meiner seg å ha aner attende til det samiske. Lat oss stoppe opp litt ved dette syndromet.

Kva for ei slekt i Finnmark kan ikkje vise til samisk avstamming, (og for så vidt finsk i same slengen)? Ikkje ei! Men aktivistane vil ha oss til å tru at det finst eit spesielt folk i Finnmark som er samar, og alle dei andre er ikkje-samar. Alle vi som lever her i dag veit at dette er så feil som det kan bli. Men då finn aktivistane på andre kriterier for samiskheit: bustad, språk, kunst og kultur, skikkar, klednad, yrke osb. Og kvifor? Jau, det viser seg at storsamfunnet løner alle desse spesialitetane rikeleg med jordisk gods og gull. Vi har fått ei vrang forfordeling på totalt feile premisser.

Med innføringa av Finnmarkseigedomen, Sametinget og spesielle samiske geografiske område aukar forfordelinga til groteske dimensjonar, og i same slengen aukar kløyvinga i folket. Desse folkefientlege tendensane skal vi vere særleg merksame på, for dei kjenner vi godt til frå vår nære fortid: nazitida. Det oppstod fort eit glødande hat mellom nazistane (som prøvde å mele si eiga kaka) og det nasjonale folkeelement (jøssingane). Og denne kløyvinga i folket står enno ved lag i store delar av landet. Har vi gløymd dette alt? Er det slik vi vil ha det? Men det er på denne bakgrunnen at herrefolknemninga er kome opp.

Kva består så forfordelinga i? Blant anna motorisert ferdsel i naturen (reindrift), spesielle område for fiske og fangst, jakt, bærplukking, særløyve for investeringar i reindrift, fiske og jordbruk, studieplassar, skuleutbygging, særløyve for hyttebyggjing, bilbruk, bustadbyggjing osb. Særleg farleg er forfordelinga i reindrifta. Det at reindrifta skal vere ei spesiell samisk næring høyrer ikkje heime i eit moderne samfunn. Når ein så veit at denne næringa ruinerer utmarksresursane, urettmessig tappar ut midler frå storsamfunnet, heile årsløner utbetalast aktørane før første rein er slakta, bløffar lokalsamfunnet med rettar som ikkje finst osb.

Men det store bedrageriet er at kvar einskild av samisk ætt vert innpoda om at motstand mot desse aktivistane er motstand og forakt mot alle dei som kan vise til samiske aner i det heile. Med denne propagandaen prøver aktivistane å drive djupe kløyvingar inn blant finnmarksfolket. Alle forstår, når dei får tenkt seg om eit bel, at dette er ein snedig, men og så farleg propaganda. For nokre tiår sidan stod alle dei store, ansvarlege sameleiarane fram og åtvara på det sterkaste mot denne feilagitasjonen. No har ondskapens evangelium teke over.

Nok så langt. Neste gong vil eg saumfare nyboka til Øyvind Ravna omkring reindrifta i Varanger. Så får vi sjå kva som her kjem for ein dag!


Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no