Innlegg sendt Finnmarken 17.01.2013

Fornorskinga sin forsvarar

Under tittelen "Samisk skolehistorie" går Oddvar Støme i Finnmarken 16.01. til åtak på underteikna redaktør for dette verket. At Støme nyttar det kjente trikset med å ta mannen i staden for ballen er ikkje noko nytt, og eg skal i denne omgang la ligge både spekulasjonane hans om utdanninga mi som eg brukar til "anti-demokratisk propaganda og desinformasjon", og hans karakteristikk av meg som novise i finnmarksforhold (med knappe 39 år i fylket).

Meir interessant er det at Støme i 2013 klarer å levere eit heilhjarta forsvar for fornorskinga, som han kallar for "Naturleg integrering i det norske samfunnet". Dersom det hadde vore snakk om naturlig integrering, ville det da ha vore behov for lovar og instruksar som sette forbod mot bruk av samisk og kvensk i skolen? Var det naturlig integrering å straffe barn for å snakke sitt eige morsmål? Krev ikkje ei naturlig integrering at ein har respekt for kvarandre, og for kvarandre sitt språk og kultur?

Om ein hadde vald ein annan språkpolitikk enn den som dominerte i Noreg i over hundre år, ville det etter hans syn vere å nekte samane norskundervisning, stenge dei av frå den norske skulen og kyrkja, og gjøre dei til annanrangs borgarar. Denne argumentasjonen er ikkje noko nytt. Nesten ordrett det samme blei uttalt av skoledirektørar i fornorskingstida og av lærarar og politikarar som i etterkrigstida sette seg mot omlegging av språkpolitikken. Dei siste 45 åra har samisktalande i Noreg, stikk i strid med Støme sin politikk, fått meir eller mindre opplæring på samisk. Har dei blitt meir eller mindre utestengte av det? Har dei blitt annanrangs borgarar eller dårligare i norsk?

I "Samisk skolehistorie" har vi dokumentert argumentasjonen til både tilhengarar og motstandarar av fornorskingspolitikken gjennom 300 år. Vi tar også gjerne med eit bidrag frå Støme, han føyer seg fint inn i ein lite ærerik tradisjon av dei som kjempa for det ein av forgjengarane hans uttrykte slik: "Ett sprog i Finmarken – det er målet".

Støme står fram som medlem av organisasjonen som kallar seg EDL – Etnisk og demokratisk likeverd. Det kan vere verd å merke seg kva for likeverd han ønsker seg. Det er ikkje snakk om likeverd for kulturar og språk, men at ein får likeverd først når alle blir like norske. Støme står og fram som nynorskforkjempar. Men synet hans er stikk i strid med grunnsynet i den norske målrørsla, nemlig at eit kvart folk har rett til sitt eige språk.

Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no