Innlegg skrive i debatt på Facebook 03.-05.01.2017.

Tankar om samisk språk og språklæring

Tankar om samisk språk og språklæring – del 1

Etter at den nye sametingspresidenten heldt nyttårstale på norsk, har det braka laus ein hard diskusjon på Fjesboka om samisk og norsk språk, og om ein kan forlange av samepolitikarar og andre samar at dei sjølv skal lære seg samisk. Som ekte sørnorsk dáža burde eg kanskje halde kjeft når samar seg i mellom kranglar så fillene, evt. koftene fyk. Likevel vil eg våge meg til å meine at eg etter vel 40 år i Sápmi og med nokre års røynsler med læring av samisk kanskje kan ha noko å bidra med. Så får de bare irritere dykk over at eg vågar å blande meg inn, og at eg til og med er så uforskamma å skrive innlegg om samiske spørsmål på det som er mitt hjertespråk – nynorsk.

Eg er oppvakse i eit einspråklig norsktalande miljø og hadde knapt hørt eit samisk ord før eg i 1973 dro nordover for eit opphald som var planlagt å vere eitt år, men som til no har blitt 43. Ein må vere elev før ein kan bli lærar, heiter det, og eg var først fornorskingselev, nokre år før eg blei fornorskingslærar. Ordet «fornorskingselev» finn du nok ikkje i noka ordbok. Eg definerer det som ein elev som på grunn av sine manglande samiskkunnskapar bidrar til å endre språkmiljøet i ein samisk skole, så norsk blir undervisningsspråk og klassespråk. Seinare kom eg tilbake til same skolen som fornorskingslærar, altså ein lærar som underviser samiskspråklige elevar på norsk, anten fordi skolen/styresmaktene ønsker det, fordi han sjølv ikkje kan nok samisk eller fordi elevsamansetninga er slik at norsk er einaste moglege fellesspråket. Eg var ikkje aleine om ansvaret for den rolla eg spela, men kjente likevel på ansvaret og ønska å gjøre noko med det. Som så mange andre lærarar og andre innflyttarar i Sápmi starta eg på den lange og tunge vegen til å lære meg samisk i alle språket sine fire hovudfunksjonar: forstå tale, snakke, lese og skrive. Det har tatt nokre år, og eg må bare innrømme at prosessen enno ikkje er avslutta og aldri vil bli det. Eg vil gå i grava med norsk som mitt tankespråk og det språket eg absolutt klarer meg best på, og med mangelfulle ferdigheiter i samisk, og om eg blir dement den siste tida vil eg trulig ikkje snakke noko anna enn norsk igjen. Dette er i første rekke ikkje eit etnisk, men eit språklig spørsmål. Norsktalande samar vil kunne ha ei ekstra motivasjon for å lære samisk, men elles vil dei fleste vere i same situasjon som meg, samisken deira vil aldri bli så god som norsken.

Det eg har reagert mest på i debatten er dei som har hevda at det er jo bare å lære seg samisk, det kan ein gjøre kvikt, som ein liten tilleggsaktivitet på kveldstid etter jobb, familieansvar, organisasjonsarbeid, trim og andre mer eller mindre nødvendige aktivitetar. Eg kunne ha sagt at eg har greidd nokonlunde å lære meg samisk, så det bør også andre kunne klare. Det skal eg ikkje seie. Eg har hatt nokre vilkår som det ikkje er alle unt å få:
– Eg møtte det samiske språket i Guovdageaidnu, ei bygd der ingen såg ned på samisken, ingen sa det var eit mindreverdig språk eller at eg ikkje burde kaste bort tida på å lære det. Eg møtte eit miljø der det blei satt pris på at eg lærte og brukte det eg kunne.
– Eg var ikkje oppvakse verken med at det samiske var noko skammelig som skulle gløymast, eller at det var ein skam for meg at eg ikkje kunne språket. Eg hadde slik ingen av dei psykologiske barrierene mot språklæring og praktisering som dei fleste ikkje-samisktalande samar har opplevd.
– Som lærar i Samisk vidaregåande skole fikk eg permisjon, delvis med lønn, for å studere samisk på bortimot heiltid i halvtanna år. Det gjorde eg på UIT i Tromsø, der eg blei møtt av eit inkluderande miljø av samiske studentar, som ville eg skulle lære og snakka samisk til meg så langt som råd. (Det er medstudentane og ikkje lærarane som eg gir hovudæra for at eg snakka samisk da eg gikk ut av studiet.)
– Da eg kom tilbake til Guovdageaidnu blei eg møtt av folk som eg tidligare hadde snakka norsk med, men som no skifta språk med meg, sjølv om det tok meir tid og ein del misforståingar. Utan deira hjelp hadde eg raskt falt tilbake i den rolla som alt for mange lærarar har hatt: Dei har lært seg samisk, men praktiserer bare norsk.
Det er denne hjelpa eg kan takke for at eg i dag så nokolunde kan bruke samisk når det trengst, både munnlig og skriftlig, og nokre gongar også har våga meg på å undervise i og på samisk.

Eg har hatt gleda av å delta i arbeidet med bokverket Samisk skolehistorie. Vi starta i Indre Finnmark, men etter kvar som vi grov, vaks Sápmi for auga våre, da vi fann samiske elevar si historie i Berlevåg, Nordkapp, Hasvik, Gratangen, Beiarn osv. ned til Engerdal. Vi intervjua folk som var bitre fordi foreldra ikkje hadde lært dei samisk og foreldre som forklarte kvifor. Vi fikk historier om lærarane som hadde formant foreldra til å snakke norsk til ungane, om ungane som skjemtest over at besteforeldra snakka samisk osv. Heile vegen var det ein fellesnemnar: Fornorsking og språkskifte. Vi gikk inn i dokumenta frå skole- og statsadministrasjon, kyrkje og politikarar på alle nivå og kom til den klare konklusjonen: Språkskiftet var ein ønska politikk. Frå omlag 1850 blei det lagt ein slagplan: Først skulle ein ta Nord-Troms og kysten av Vest-Finnmark, så kysten av Aust-Finnmark og til sist skulle språkskiftet gjennomførast i Indre-Finnmark, heilt til ein hadde oppnådd det forfattaren Nils Collet Vogt skreiv i 1918: «Ett sprog i Finmarken. Det er målet.»

Når eg les dagens debatt, ser eg at det var og er stort behov for det arbeidet vi sette igang med Samisk skolehistorie og for å følge opp forslaget om ein Sannings- og forsoningskommisjon. Både blant samar og nordmenn er det stor mangel på kunnskap både om den fornorskinga som har vore og kva konsekvensar denne har ført til. Det ser vi tydelig når nokon kan hevde at det ikkje var fornorsking i Guovdageaidnu. Ei viktig oppgåve for ein kommisjon blir å analysere dei verkemidla som blei brukt til å få samar å slutte å snakke samisk, til å legge bort samisk kultur og i stor grad slutte å rekne seg som samar. Ingen har trulig blitt verken henretta eller fengsla for å snakke samisk i Noreg, men språkpolitikken var ein form for «frivillig tvang». Norskkunnskapar og bruk av norsk blei overalt premiert, mens samisk var null verdt og bare ei ulempe. Det er ingen grunn til å hevde som EDL at fornorskinga var frivillig.

Det er anslått at omlag 2/3 av samane i dag ikkje snakkar samisk. Om vi tar med dei som kan snakke samisk, men snakkar norsk betre, blir talet enno høgare, kanskje 4/5. Og dei som skriv norsk betre enn dei skriv samisk er kanskje 9/10. Denne språksituasjonen rettar vi ikkje opp over natta. Og vi rettar han i alle fall ikkje opp med moralisering. Etter at prosenten av samane som snakka samisk gikk ned i generasjon etter generasjon, har det kanskje no stoppa opp, slik at dei som lærer seg samisk av foreldra, i barnehage, skole eller i vaksen alder veg opp for dei som blir borte, om ikkje i kunnskapar så i tal. Røynsler frå andre språk viser at revitalisering av språk er mogleg. Men at det krevjast ein heilt annan innsats enn det som hittil er gjort overfor samisk. Mens fornorskinga var ei heilhjarta satsing som staten etter den tids målestokk brukte svært mye pengar på, blir det til samanlikning gjort minimalt for å rette opp skadeverknadane. Da regjeringa for nokre år sidan ga 75 millionar som skulle erstatte skadane av fornorskinga ein gong for alle, var det ein hån mot dei mange som hadde blitt utsett for fornorskinga og mot samisk språk og kultur, men det var nesten ingen som sa det høgt, i staden endte det som ein slåsskamp om smulane, mens dei skuldige gikk fri.

Dette blei vel langt nok i første omgang. Eg har litt meir på hjarta i saka, så om dette lille skrivet slår an, så kjem det kanskje ein del 2.

Tankar om samisk språk og språklæring – del 2

Det lille notatet mitt om læring av samisk språk slo bra an, det har kome så mange positive tilbakemeldingar at eg må visst gi meg i kast med den lova del 2.

Eg fikk lyst til å fortelje ei lita historie, frå den gong eg studerte samisk på UIT. Vi var omlag 8 med norsk eller svensk som morsmål som våga oss på å starte på samisk grunnfag, der halve klassa hadde samisk som morsmål. Der gikk alt på samisk, i og utanom timane, og vi studentar som hadde snakka norsk oss i mellom på semesteremne skifta no språk og kommuniserte bare på samisk. Det blei i hardaste laget for mange av oss, til sist var vi bare to med norsk som morsmål som gikk opp til eksamen. Der strauk vi begge med glans. Da vi fikk resultatet sa studiekameraten til meg: No trur eg vi må ta oss ein fridag. Den dagen gjorde vi ein praktisk jobb i lag og tok visst ein liten fest etterpå, mens vi heile tida snakka norsk og fikk sagt alt vi ville. Da fridagen var over, gikk vi tilbake til samisk. For min del tok det to år før eg igjen våga meg på å prøve meg på eksamen, og da kom eg meg gjennom på eit vis. Der stansa samiskstudia mine. Studiekameraten min, derimot, heldt fram heilt til doktorgrad. No er ikkje det noko mål for alle, men det viser at sjølv om det kan verke håplaust på vegen, så er det mogleg å komme langt om ein ikkje gir seg. Etter fridagen i 1990 har vi halde på samisken oss i mellom, men så hender det vi treffast i lag med folk som kan betre norsk enn samisk, og da går alle over til det. Og eg må enno i dag innrømme at eg får uttrykt meg betre da.

Denne innleiinga tok eg med for å vise nokre av dei utfordringane ein har når ein skal lære eit anna språk for å fungere i det andre språksamfunnet. Så lenge du går på kurs er det rimelig greitt, du er blant studentar i same situasjon og læraren har som jobb å undervise deg. Verre er det når du kjem ut i samfunnet og skal fungere på det nye språket.

Som nemnd har språk og språklæring fire funksjonar: forstå, snakke, lese og skrive. Organisert språklæring har gjerne fokus på dei siste, der det å skrive er det aller viktigaste. Men i dagliglivet er det aller viktigaste å forstå. Og det er det vanskeligaste området å innrømme at ein kjem til kort. Som formell innehavar av samisk grunnfag kan eg jo ikkje godt innrømme at det hender eg ramlar heilt ut i ein uformell samtale på samisk, anten den er på kafeen eller i lavvoen. At eg ikkje alltid får med meg kva som blir sagt på sameradioen, men føretrekk å lese nyheitene på nettet eller i Ávvir, så eg har tid å fordøye orda og setningane. At det hender eg ikkje får med meg presist kva folk seier til meg, så eg svarar i hytt og pine dersom eg ikkje tør å be dei å gjenta. Og at dette problemet ikkje har gått over etter kvart. Når eg no likevel finn det naudsynt å innrømme dette, er det fordi eg trur det er eit problem eg ikkje er aleine om.

Spørsmålet er kva vi kan gjøre med det. Ei sak er at folk som lærer eit nytt språk, for å kunne bruke det blant folk som har det som morsmål, kan trenge hjelp lenger enn vi vanligvis forestiller oss, og treng eit miljø der det er lov å spørje og lov å feile. Ei anna sak er at språkopplæringa kanskje kan legge meir vekt på trening i forståing av munnlig språk, der folk ikkje snakkar etter boka, inkl. forståing av dialektar og slang og låneord. (Noko av det eg har hatt vanskeligast for å få med meg er når det i samisken dukkar opp meir eller mindre tilpassa norske låneord, og ein ikkje er innstilt på å høre norsk og derfor ikkje oppfattar det.) Eg trur ikkje dette gjeld bare samisk for norsktalande, men at det og kan gjelde andre vegen. Dei aller fleste samisktalande som bur i Noreg har ein flytande uttale på norsk, men kan likevel ha språkproblem som kan vere vanskelig å innrømme. Andre her kan sikkert seie meir om dette enn eg kan.

Ofte hører ein at den og den treng ikkje samisk tolk, dei kan jo norsk. Dei problema eg sjølv har hatt i forhold til andre språk har fått meg å forstå at dette argumentet ikkje er haldbart. Bortsett frå at ein kan seie det er den einspråklige norske som treng tolk, ikkje den tospråklige samen, så er det ein menneskerett å få uttrykke seg på eige morsmål, og å få viktige meldingar også på eige morsmål, f.eks. i helsetenesta og i rettsvesenet. Denne retten bør gjelde alle så sant det er mogleg. Når eg må til legen, syns eg det er gledelig om eg møter ein samisktalande lege, men likevel ber eg om å få uttrykke meg på norsk. Det har eg så langt fått innfridd. (Vi norsktalande har det ganske bra slik i Sápmi) Så skulle eg ha sagt noko meir om kva som må til av ressursar for ei reell revitalisering av samisk språk. Men kanskje det får bli i del 3. Og det blir ikkje i dag.

Tankar om samisk språk og språklæring – del 3

Nok om eigne røynsler med språklæring. Over til kva som må gjørast. Uttrykket «Sannhetskommisjon» har vore kritisert, da det kan gi assosiasjonar til «sannhetsministerium» og andre uttrykk knytta til politiske system meir prega av einsretting enn av demokrati og mangfald. Finn gjerne eit betre namn, men det vi treng er ei samla oppsummering av meir enn hundre års statlig satsing på å fornorske samar og kvenar og utrydde alt ikkje-norsk språk og kultur i landet. Dette har eg skrive om i innlegget Ikkje behov for sanningsskommisjon , og skal ikkje gjenta alt her, men legge til nokre tankar vidare. Debatten her og i andre forum den siste tida har vist at dette ikkje bare er eit spørsmål om sanning og forsoning mellom norske styresmakter på eine sida og dei folka som skulle fornorskast på andre sida. Det er og eit spørsmål om forholda som har utvikla seg mellom samar og kvenar, og mellom ulike samiske grupper, som kyst og innland, reindrift og fastbuande, samisktalande og norsktalande, nord og sør osv.

Nokre ord om kvenane: Den siste tida har det frå kvensk hald vore reist to stikk motsette syn på forholdet til samane. I tre innlegg i Nordnorsk debatt har Bjørnar Seppola gått til generalangrep på samar og samepolitikarar. Fornorskningen av samer og kvener var to forskjellige historier. Han går mot ein felles kommisjon om fornorskinga, fordi: «Samene skulle fornorskes av humanitære grunner. Slik at de lettere skulle finne seg bedre betalt utkomme i det norske samfunnet. Kvenene/finnene derimot skulle fornorskes av politiske grunner.» I tillegg gir han samepolitikarane hovudskulda for at fornorskinga av kvenar heldt fram i etterkrigstida. I sterk kontrast til dette står nyttårstalen til Kvenforbundet sin leiar Hilja Huru, som støttar kravet om ein felles kommisjon for kvenar og samar. (Uuenvuuen saarna 2017 - Ruijan kveeniliiton johtaja Hilja Huru (tekstet) )

Til sist, men ikkje minst, må målet vere å auke kunnskap og forståing blant den norsk-etniske befolkninga, ikkje minst i Finnmark. Eg ser for meg dette som ein prosess i tre ledd:

1. Gransking.
Dette er sjølvsagt forsking, man må ikkje isolerast til forskingskontor, men bli ei rørsle der alle som på eit eller anna vis har opplevd fornorskinga eller følgene av denne blir invitert til å delta. Blant forskarar og deltakarar bør det vere med folk frå alle folkegrupper i nord i vid forstand, og frå fagområda historie, pedagogikk, antropologi, statsvitskap og helsefag m.fl.

2. Opplysning.
Utan kunnskap og forståing av historia får vi heller inga forståing for kva som er nødvendig for å rette opp dei overgrepa som er gjort, frå den første misjoneringa starta og fram til i dag. Nettopp fordi det har vore så liten kunnskap om denne historia har det vore mogleg for ein organisasjon som EDL å spreie sine løgner om at fornorskinga var frivillig og at samar aldri har blitt undertrykt i Noreg. (Les f.eks. http://edl.no/index.php/om-oss-mainmenu-32/samepolitiske-utfordringer. ) Eit folkeopplysningsprogram må omfatte skoleverket frå botn til topp, media, helsevesenet og offentlig forvaltning.

3. Tiltak for oppretting.
Fornorskinga kosta: Etter den tids pengeverdi og statsfinanser brukte staten enorme summar på å fornorske samar og kvenar, på lønstillegg til lærarar, bygging av statsinternat osv. Mest kosta det likevel for dei som tapte språk, kultur og sjølvtillit, med ei rekke personlige tragiske skjebner. Å rette dette heilt opp er ikkje mogleg. Mye kan likevel gjørast. Det vil også koste. Dei 75 millionane frå regjeringa Bondevik var kanskje godt meint, men eit uttrykk for at ein ikkje var i nærleiken av å forstå kva historie det var snakk om. Det er ikkje mogleg å seie kor mye som trengst, men 75 milliardar hadde etter mi meining vore eit realistisk tal, for eit program for ein periode på la oss seie 25 år. Desse pengane kan ein ta ved å annulere eit heilt unødig og svært skadelig prosjekt som den norske regjeringa har planlagt: Innkjøp av kampfly som skal brukast til å bombe fattige land til lydigheit mot interessene til vestlig storkapital. Ein tilsvarande sum kan ein få ved å ta ein prosent av oljefondet. Noreg har pengar nok til ein kraftinnsats. I dag blir derimot både samiske og kvenske formål sultefora og har meir enn nok med å forsøke å halde hovudet over vatnet. Det å utvikle gode tiltak vil sjølvsagt vere ein del av ein slik prosess, ein kan ikkje sette opp alt på førehand. Men nokre tiltak kan nemnast:
– Gi alle vaksne samar, kvenar og andre frå samisk/kvenske område rett til fullfinansierte studier i samisk eller kvensk tilsvarande minst to årsverk.
– Sikre finansiering av samiske lærebøker, fagbøker og skjønnlitterære bøker for barn, ungdom og vaksne i den grad ein kan finne folk å skrive dei.
– Eit program for å sikre tilstrekkelig samisktalande kompetanse innafor forskjellige fagområde, både ved at samisktalande får fullfinansiering til å ta nødvendige studier og tilsvarande for fagfolk til å lære samisk. (Skal bare nemne to eksempel: I dag finst det så vidt eg veit i Noreg ikkje ein einaste fullt samisktalande geolog eller botanikar.)

De som les dette har sikkert langt fleire idear til tiltak. Hovudpoenget mitt er at samar og kvenar har så lenge blitt vant til å kjempe for smular at ein har mista perspektiva og ikkje ser at både tiltaka og krava må hevast til eit langt høgare nivå.

Svein Lund
Guovdageaidnu


Til hovudsida.