Reportasje frå landsmøte i
Norske samers riksforbund, Klassekampen 08.07.1986
Må drive sørnorsk
Innafor primærnæringane er andelen av samar som
får statslån 60 prosent mindre enn blant nordmenn.
Næringsavtalane og staten sin jordbruks- og fiskeripolitikk
har systematisk diskriminert den tradisjonelle samiske
måten å utnytte naturressursane på.
Støtteordningane må leggast om for å dekke
kombinasjonsdrift, og for å få dette gjennom trengs
det eigne samiske næringsorganisasjonar med
forhandlingsrett.
Av SVEIN LUND, Gáivuotna (Kåfjord)
Dette kom fram da landsmøtet i Norske Samers Riksforbund
sist helg diskuterte næringspolitikk med hovudvekt på
kombinasjonsdrift. Innleiar var øystein Nilsen frå
Nesseby, bonde og styremedlem i NSR. Han hadde sjølv
opplevd korleis jordbruksadministrasjonen blei brukt til å
tvinge fram ein sørnorsk driftsmåte i motsetning til
den gamle samiske.
Bondekulturimperialisme
- Agronomane ville ha oss til å bygge fjøs med 20-30
kyr i Nesseby, fortalte Nilsen, og dei ville ikkje høre
på at vi sa det ikkje var grunnlag for slik stordrift.
Sjølv ville eg bygge for 10 kyr, men blei tvinga til å
bygge for 20 for i det heile å få lån. Resultatet
ser vi idag; det er bare 4-5 gardar med kyr igjen i
jordbrukskommunen Nesseby. Herredsagronomane og landbruksskolen
blei brukt som reiskapar for ein bondekulturimperialisme som
skulle skape om dei samiske områda etter mønster av
Austlandet og Trøndelag.
Samisk kombinasjonsdrift
Blant samane har kombinasjonsdrift vore regelen heilt opp til
vår tid. Verken jordbruk, fiske eller reindrift var
eineyrke, men dreve i kombinasjon med kvarandre og andre
næringar etter dei lokale forholda. Så seint som i
1970 hadde alle reineigarane i Nesseby kyr og sauar, og det var
vanleg at guttane i reindriftsfamilier rodde fiske i
Varangerfjorden på våren. Men med reindriftsavtalen av
1976 og seinare den nye reindriftslova har reindrifta blitt
pressa meir i retning av spesialisering. Kombinasjonsdrift har
og vore vanleg blant nordmenn, men da gjeme avgrensa til
kombinasjon jordbruk/fiske. Hos samane har jakt, ferskvassfiske,
bærplukking og husflid (duodji) gjeme vore med i
næringsgrunnlaget. Samane har og holdt lenger fast med
kombinasjonsdrifta. Ei undersøking Nordisk Samisk Institutt
gjorde i fem samiske kystkommuner viste at andelen av samar som
driv kombinasjonsnæring er dobbelt så stor som blant
norske.
Rasjonaliseringspolitikk
- Etterkrigstidas norske politikk har vore ei bevisst satsing
på rasjonalisering, stordriftsfordelar, heilårsdrift
og oppbygging av sentra. Den ekstensive drifta måtte
nødvendigvis føre med seg rovdrift og overutnytting av
ressursane i havet, og havet blei tømt. Framgangen i
fiskeria tappa bygde-/fjordfolkets - den samiske befolkningas
næringsgrunnlag. Slik beskreiv øystein Nilsen den
norske politikken som har vore, og la til at det hadde slett
ikkje trengt å bli slik. Alt l 1969 tok NSR opp kravet om
at del samiske næringane måtte bli likestilte med del
norske, men styresmaktene ville ikkje høre. Den^elnaste
samiske næringa som blei anerkjent var reindrifta, og
sjølv her var overføringane langt mindre pr.
årsverk enn jordbruk og fiske.
Samisk næringsorganisering
Dei norske næringsorganisasjonane har i liten grad
ivaretatt samiske interesser, og Nilsen tok derfor til orde for
eigne organisasjonar for samiske kombinasjonsnæringar, som
må få forhandlingsrett med staten om ein
næringsavtale der ein som f. eks. lever av kombinasjonen
sauehald/fiske/ molteplukking/duodji (samisk husflid) får
ein støtte til dette som tilsvarer det dei reine
bøndene og fiskarane får. Han gikk inn for at det
snarast må bli oppretta særlige prosjektområder,
der utnyttinga av naturressursane blir reservert
lokalbefolkninga, og at det blir oppretta ein eigen
etableringsskole for del som vil satse på
kombinasjonsnæringar.
Farlege konsulentar
Det var mange som hadde sitt å seie om norsk administrasjon
av samiske næringar. Hans Hansen frå Porsanger
fortalde om korleis det gjekk da konsulentane kom. Dei skulle
forske på rypebestanden. - Og vi var dumme nok og fortalte
at jo, akkurat der er det mye rype. Og så tok konsulenten
med seg kameratane sine og dro på rypejakt, og da han for
var det slutt på rypa. Deretter kom det sin konsulent som
skulle studere fisken i vatna... Det kan kanskje vere eit
tankekors at i alle tilfelle der naturressursane i samiske
område har vore rasert eller truga, har det vore som
resultat av inngrep utanfrå. Så kanskje den norske
staten kunne trenge å tilsette nokre samiske konsulentar
både her og der?
Til startsida
sveilund@online.no