Reportasje i Klassekampen, 16.08.79

Svein Lund:

SKOT MOT TELT I STILLA

«Andre metodar» mot leiren ?

Ca. klokka ti på seks måndag kveld høyrde to av deltakarane i vaktleiren ved Stilla at det slo hardt inni teltet de satt ved. Då dei undersøkte på den sida der det small fann dei eit kulehol i teltduken. Utifrå kuleholet er det mest mogeleg at skotet skriv seg frå eit salonggevær. På grunn av vind og andre lydar, var det ingen som høyrde sjølve skotet og den som skaut slapp unna. Men det finst visse spor å gå etter og Folkeaksjonen har no meldt saka til politiet. Dette er den alvorlegaste provokasjonen del som demonstrerer mot Alta/Kautokeino-utbygginga har vore utsatt for. Om skotet hadde gått ein meter til sida, kunne i verste fall folk ha blitt drepne.

STÅR BORGERVERNET BAK?

Då borgervernet frå Alta i juli var i Stilla med stokker og steiner for å jage demonstrantane, sa dei som så: «Om de ikkje bles av aksjonen i Stilla og hell dykk unna, så har vi andre metodar.» Til trass for gjentatte spørsmål ville dei ikkje svare på kva dei andre metodane gjekk ut på. No kan vi ikkje anna enn spørre: Er det dei andre metodane som no er satt ut i livet?

NY MOBILISERING TIL BORGERVERNET

Det er no klart at det blir mobilisert til eit borgervern i Alta for å jage demonstrantane. Leiande folk i DNA i Alta, arbeider på spreng og snakker ganske ope om det. Mykje tyder og på at DNA-leiarar pA høgare plan er innblanda.

DEI KAN IKKJE SKREMME OSS

I vaktleiren i Stilla er det ingen tvil om stemninga. — Vi står på og lar oss ikkje skremme bort. Dei som går til slike desperate tiltak som å skyte mot leiren vil ikkje oppnå anna enn å grave si eiga grav.
Dei siste dagane har det og vore aukande aktivitet av både sivilt og uniformert politi rundt leiren i Detsika og mange fly er sett over leiren. I Stilla er no beredskapen på topp. Om lag 50 demonstrantar er klar for å rykke ut på kort varsel. Og det trengs. To gongar på måndag satte omlag 10 stykker seg i vegen og lenka seg saman da gravemaskinen kjørte faretrugande nær null-linja. Linja der demonstrantane har sagt: «Hit og ikkje lengerv». Men dei held seg altså fortsaft på rette sida og driv med utbetringsarbeid.

Rolf, som er leiar for beredskapsleiren i Stilla seier det slik:
— Det arbeidet som foregår no. er berre tidsfordriv. Viser du fram denne vegen til folk som har jobba med anleggsarbeid, så vil del aldri tru det er en anleggsveg. Del sprenger til dømes i svingane for å få betre sikt. Nå ventar vi berre på asfalt og alt dei skal få til kantane. No ser det ut til at dei har problem med å finne nok å gjøre med maskinane. For mandag blei ein av dei to bulldozarane kjørt på vegen nedover og vekk frå Stilla. Men det er jo bare bra at det blir sikra veg frå Stilla og nedover. For her vil det i framida bli stor tilstrømming til den plassen som går inn i historia som der anleggsvegen til utbygging av Alta/Kautokeinovassdraget blei stoppa.


Til startsida

sveilund@online.no