Sidan det er umogleg å bruke dagens etniske begrep om folkegrupper for over 10000 år sidan, så blir det dermed ikkje mogleg å finne noko urfolk. Slik vil han med definisjonsvridning og språkkløyving trylle bort heile urfolket og dermed mye av det juridiske grunnlaget for dei rettane som samane, i alle fall i teorien, har fått anerkjent av den norske staten gjennom dei siste tiåra.
Hellesvik tar opp at konvensjonen set som vilkår for anerkjenning av urfolk at dei "har beholdt alle eller noen av sine egne sosiale, økonomiske, kulturelle og politiske institusjoner". Eg har vist at nettopp på grunn av kolonisering og fornorsking, kan ein ikkje kreve at samane har beholdt ALLE dei gamle institusjonane, men der har heller ikkje ILO krevd. Eg har vist til at samane har beholdt NOKRE av desse institusjonane, men ikkje ALLE. Dette vrir han til at eg "vifter .. det bare vekk med at det er helt umulige krav!", trass i at eg i innlegget viser konkret at samane har beholdt delar av gamle tradisjonar på alle desse områda, og dermed oppfyller krava i ei kvar rimelig tolking av konvensjonen. Både på Nordkalotten og i andre delar av verda har urfolk i svært stor grad har blitt fråtatt store delar av språket, kulturen, næringsgrunnlaget og si eiga samfunnsorganisering. Skal dei så straffast dobbelt med at dette blir brukt mot dei, som argument for at dei heller ikkje kunne reknast som urfolk.
Hellesvik skriv at "Svein Lund har vært en av dem som i en årrekke har vist til ILO 169 i sin samepolitiske argumentasjon. Det har han gjort omtrent på samme måte som ortodokse jøder viser til Det gamle testamente." No har eg og mange med meg argumentert og kjempa for samiske rettar lenge før ILO-konvensjonen kom i 1991. Samiske rettar oppsto heller ikkje med ILO-konvensjonen. Men etter at Stortinget samrøystes ratifiserte denne, har han vore eit sentralt grunnlag for norsk samepolitikk. Trass i forskjellige tolkingar og syn på mangt, har frå 1991 alle regjeringar og alle norske riksparti unntatt FrP stått samla om at norsk samepolitikk skal bygge på denne konvensjonen. Det er ein samanheng mellom konvensjonen og dei framskritta samane har oppnådd etter mange års fornorsking og undertrykking. Derfor meiner eg det er viktig å både forsvare og grunngi konvensjonen og bruke denne aktivt i politisk argumentasjon i dei tilfella da sentrale styresmakter legg opp til ein politikk som bryt med konvensjonen, slik det har skjedd gjentatte ganger etter at han blei vedtatt. Sist i samband med regjeringa si strukturmelding for fiskeria, som er ein ny spiker i likkista for den sjøsamiske busettinga i Noreg.
Med dei to siste innlegga av Jarl Hellesvik har han vist ein slik suveren forakt for enkle fakta og slik mangel på evne eller vilje til å lese kva motdebattantane skriv, at eg velger å avslutte denne debatten her, da ei fortsetting ikkje vil gi lesarane noko nytt.
Svein Lund