Av Svein Lund, Kárášjohka
• 80 prosent av reinbeitene i Finnmark er sterkt nedbeita.
• 20 prosent av reindriftsutøvarane eig over 80 prosent av reinen.
• Fleire hundre kilometer med nye reingjerde er sett opp i Vest-Finnmark dei sista åra, utan at lokale styresmakter eller Sametinget er blitt spurt.
Dette er litt av bakgrunnen når regjeringa har lagt fram forslag til endringar i reindriftsloven. Frå slutten av 70-talet blei all vekt lagt på økonomisk lønnsemd og kjøttproduksjon. No kjem økologiske hensyn inn i føremålspragarafen. Reindrifta si rolle som økonomisk kulturberar blir understreka. Ei anna viktig endring er at kvinners rett til eiga driftseining no blir annerkjent
Lengst i kritikken gikk Heaika Skum. Han kravde at heile lovendringa måtte utsettast til samerettsutvalet si innstilling er ferdig:
— I dag er det bare reindrifta som blir anerkjent som samisk næring. Det er ein katastrofe for heilskapen i det samiske samfunnet. Også andre næringar har behov for vern.
- Vi ser absolutt argumenta for å vente på utvalets innstilling, seier NSR-gruppeleiar Sven-Roald
Nystø til Klassekampen.
— Men vi er redde for at det kan bli altfor lenge å vente. Det kan gå både tre og fire år før reindriftsloven da kan bli ferdig.
Forslaget frå Skum blei avvist mot ei røyst
Til startsida