Debattinnlegg 06.06.2003

Svein Lund:

Finnmarkslova, sameretten og SV

Regjeringas forslag om Finnmarkslov har satt sinna i kok i Finnmark, men så langt fått lite gjennomslag i riksmedia. Det er derfor svært bra at diskusjonen om samerett no kjem opp i Klassekampen. Det som til no har kome fram bare er ein flik av ein debatt som har langt større perspektiv. Korleis land og vatn skal styrast i Finnmark er både eit spørsmål om kva for rettar samane har som folk og urfolk, kva for rettar den øvrige befolkninga i fylket har – og ikkje minst kva for rettar den norske staten og EØS/EU og den internasjonale storkapitalen har i Finnmark.

Dette er ikkje bare eit spørsmål om Finnmark. Modellen frå Finnmark vil i stor grad kunne bli retningsgivande for øvrige samiske bruksområde i Noreg, eller bortimot halve landet. Noreg si behandling av dette spørsmålet vil bli lagt merke til internasjonalt, både i Norden, i andre land med urfolk og i FN.

Samtidig er det eit spørsmål om korleis ein kan løyse motsetningar mellom folk og folkegrupper i Finnmark. I samerettsspørsmål er desse i dag så skarpe at Finnmarkslova blir forkasta frå eit overveldande fleirtal av befolkninga i fylket; anten fordi samane for lite rettar, eller fordi dei får for mye. Det tragiske er at mens befolkninga i Finnmark kranglar innbyrdes, blir fylket tømt for ressursar, og det er norsk og internasjonal storkapital som står klar til å stikke av med profitten. For Finnmark ventar bare ytterligare nedgang i primærnæringane, auka arbeidsløyse og fråflytting. Den store utfordringa idag ligg i å kunne sameine folket i Finnmark til kamp for forsvar av ressursane og naturen i fylket. Dette er eit komplisert spørsmål som krev at ein tar meir enn eitt omsyn, og til no har verken samiske eller norske politikarar klart å peike ut ein klar veg ut av uføret.

Kløyvd SV

Akkurat som da samerettsutvalet sitt forslag kom i 1997 er dei fleste parti kløyvd i dette spørsmålet. Mest kløyvd er trulig SV, der partiet sin s tortingsrepresentant frå Finnmark er ein av dei som mest høglytt krev mindre makt til samane enn lovforslaget vil gi, mens SV sitt samepolitiske program står trygt planta på motsett side. Med andre ord: Dersom Olav Gunnar Ballo hadde ønska å følge sitt eige partiprogram, hadde han stått for den stikk motsette kritikken.

La oss ta ein titt på SV sitt samepolitiske program. Eg vil sterkt oppmode alle Klassekampen sine lesarar til å lese dette utmerka dokumentet, som både gir ei god analyse av bakgrunnen for samane si stilling i Noreg i dag og peikar på viktige prinsipp for ein sosialistisk samepolitikk. Det ligg på internett på både norsk og samisk, den norske ligg her: http://www.sv1.no/dokument/samepolitisk/samepolitisk_norsk.php. Eg skal nøye meg med å sitere litt frå siste avsnitt i programmet: “ I en situasjon med større internasjonal interesse og press på de ikke-fornybare ressursene som gull, kobber og diamanter i samiske områder, er det spesielt viktig å iaktta samenes kollektive rett som urfolk til land og vann. Dersom slik rett ikke sikres, innebærer dette en usikkerhet for det samiske folk s om vil måtte være på vakt mot inngrep og overgrep fra storsamfunnet. Også i områder hvor det kan herske tvil om historisk kollektiv rett til land og vann må den samiske befolkning og samiske næringer sikres innflytelse på ressursforvaltninga.”

Historisk perspektiv

Ballo sitt innlegg i Klassekampen 05.06.03 er som resten av hans skriverier i saka fullstendig blotta for historisk perspektiv. Det er ikkje tilfeldig. Utan å sjå på bakgrunnen for dagens situasjon er det heller ikkje mogleg å forstå kvifor samane krev rett til land og vatn. Det er derfor naudsynt med eit heilt kort tilbakeblikk.

Gjennom minst eit par tusen år har det vore sit samisk folk på Nordkalotten, eit folk som har skilt seg ut frå grannefolka med eige språk og kultur. Dei har fram mot vår tid i sterkare grad enn grannane levd av primærnæringar: jakt, fiske, reindrift, jordbruk . I delar av det samiske busettingsområde har dei levd side om side med andre folk, i nokre område har samane vore så godt som einerådande i utnyttinga av naturressursane opp mot vår tid.

Det opprinnelige samiske busettingsområdet var og er rikt på naturressursar. Frå vikingane sine “finneferder” ser vi eit samanhengane strev frå grannemaktene til utnytting av rikdommane i Sameland. “ Vi har ett Indien i norr”, som ein svensk stormann sa på 1600-talet. Dengang og enno nokre hundreår var det stovereint å snakke om kolonisering, d et som trakk var først skinn av pelsdyr, seinare fisk, mineraler og jordbruksområde for overskotsbefolkninga i Sør-Noreg. For at kolonimaktene skulle sikre seg økonomisk og politisk kontroll over desse rike områda, måtte samane knekkast. Dei blei ikkje fysisk utrydda som mange andre koloniserte folk, men lovverket, kyrkja og skolen blei brukt til å knekke språket, kulturen, religionen og ikkje minst sjølvkjensla til samane. Etter at ein i generasjonar har blitt innprenta at å vere same er noko mindreverdig, er resultatet at i dag snakkar eit mindretal av samane samisk og eit mindretal av dei som har samisk bakgrunn har ein klar samisk identitet. Utan å ha dette som bakgrunn blir det meiningslaust å diskutere samerettar ut frå talet på registrerte samar i samemanntalet.

Frå Alta-kamp til Sameting

Etter at den norske staten bit for bit hadde lagt beslag på samiske bruksområde, blei utbygginga av Alta-Guovdageaidnu-vassdraget saka som utløyste den samiske kampen for rett til land og vatn. Krava frå samerørsla og dei sultestreikande var i tillegg til stans i utbygginga: Utgreiing av samane sin rett til land og vatn Oppretting av eit samisk folkevald organ. Utbygginga blei som kjent gjennomført, men samerettsuvalet blei oppretta i 1981 for å utgreie dei to andre spørsmåla. I utgangspunktet rekna ein vel med at rettsspørsmåla skulle bli utgreia først, men utvalet valde i samråd med styresmaktene og med godkjenning av dei samiske organisasjonane å først utreie det samiske folkevalde organet.

I dag ser vi resultatet: Vi har eit Sameting, som er eit viktig symbol, ein politisk manifestasjon av samiske krav og eit hundretal arbeidsplassar i samiske område.

I dei vel 20 åra som har gått sidan samerettsutvalet blei oppretta har det skjedd mye innafor samisk kulturarbeid; teater, musikk, litteratur, i nnafor samisk opplæring og forskning.

Men kva med retten til land og vatn? Dei som i første rekke er brukarar av land og vatn i samiske område er dei som jobbar direkte eller indirekte i primærnæringane. Og dei har vore dei store taparane.
- Fiskerinæringa er så godt som utradert i samiske fjordstrøk, som eit resultat av at lokalbefolkninga ikkje har hatt retten til å verne ressursane mot rovfiske, av at fjordfiskarane har blitt pressa ut gjennom kvotepolitikken osv.
- Reindriftsnæringa er kraftig redusert, etter at staten sin politikk framtvang overbeite med påfølgane omstilling og tvangsavvikling.
- Jordbruket har hatt kraftig tilbakegang, særlig gjeld det sauehald som har vore ein bærebjelke i samiske bygder.
- EØS-avtala har styrka utlendingar sin rett til jakt og sportsfiske
- Statskog er kommersialisert og styrer grunnen i Finnmark ut frå profittmotiv.

Dette har skjedd mens Samerettsutvalet utreia i 17 år, og utviklinga har fortsatt i dei 6 åra som har gått mens vi har venta på at regjeringa skulle følge opp innstillinga frå utvalet. Mens den akademiske sida ved det samiske samfunnet har styrka seg kraftig, har den materielle basisen for busettinga, kulturen og språket blitt kraftig svekka. Dette er eit resultat av ein svært vellukka taktikk frå styresmaktene si side. Det må vere tillatt å spørre kordan samiske organisasjonar kunne gå med på dette.

Samerettsutvalet som blei vekk

Samerettsutvalet kom med ei rekke forslag med varierande fleirtal og mindretal. Eg vil trekke fram nokre som ville ha styrka samiske rettar:
- Finnmark grunnforvaltning som eigar av jorda, styringsorganet fordelt likt mellom fylkesting og sameting.
- Vetorett for sametinget mot naturinngrep
- Rett til oppretting av Samisk grunnforvaltning for dei kommunane som ønsker det
- Rett til bygdebruksområde med lokal forvaltning.
- Ingen mineralutvinning utan løyve frå Finnmark grunnforvaltning
- Føremålsparagraf med vern av samisk kultur som viktig premiss for grunnforvaltninga Dersom desse forslaga hadde blitt vedtatt, ville samane gjennom sine folkevalde organ kunne ha stansa inngrep som Alta-utbygginga, graving etter gull og diamantar og nye militære skytefelt.

Om ein ser på dagens utkast til Finnmarkslov, er ingenting av dette med. Formelt skal statens eigedom i Finnmark overførast frå Statskog til eit nytt organ med namnet Finnmarkseiendommen, men elles skal stort sett alt vere som før. Til og med er dei tilsette i Statskog lova å få fortsette i det nye selskapet. Det vil ikkje vere nokon rett til oppretting av verken bygdebruksområde eller Samisk grunnforvaltning, og staten vil kunne gripe inn der dei ønsker det. Ikkje minst kan Staten til ei kvar tid ekspropriere utan å betale erstatning! I denne samanheng blir det meiningslaust å diskutere samansettinga av organet som skal styre dette for staten. Sjølv om dette hadde vore fullt og heilt oppnemnd av Sametinget, ville det ikkje sikra samane sin rett.

Etter det lovverket som no er foreslått ville ikkje samane kunne ha stansa Alta-utbygginga, dei vil heller ikkje kunne stanse framtidige kraftutbyggingar, gruvedrift eller skytefelt. Spørsmålet om samisk rett i Finnmark er redusert til ein formalitet for å gi inntrykk av at noko er endra.

Skam for SV

Etter SV sitt samepolitiske program er det opplagt kva partiet skulle ha gjort her: Reist forslaga frå Samerettsutvalet som alternativ til regjeringa sin Finnmarkslov. Men kva gjør SV sin stortingsrepreserntant frå Finnmark: Han rettar skytset andre vegen og går til åtak på Sametinget som ikkje vil godta dette og på regjeringa for å gi samane for mye! I staden for å snakke om retten til å stoppe raseringa av natur og ressursar, skuldar han samane for å kreve “eksklusiv eiendomsrett”. Per Otnes meiner Ballo er ein skam for SV. Men den største skamma ligg i at leiinga for partiet har visst om dette og godtatt det sidan han i 1997 sigla inn på Stortinget på ein politikk mot samerett. At nokon i leiinga no meiner han har vore for stor i kjeften i sine anti-samiske utsagn, endrar lite på saka, så lenge dei ikkje tar eit oppgjør med innhaldet. Dersom SV meiner alvor med sitt utmerka samepolitiske program må dei ta konsekvensen av det. I såfall er spørsmålet kor lenge partiet kan leve med ein stortingsrepresentant som aktivt og høglytt arbeider for det stikk motsette.

Til startsida

sveilund@online.no