Debattinnlegg i Finnmarken 04.02.2013. Også sendt andre aviser-

Nokre ord foran Samefolkets dag

– Det leitast no etter malm over heile Nordkalotten, stort sett i reinbeiteområde, gruveavfall skal sleppast ut i fjordar og vassdrag.
– Det planleggast hundrevis av vasskraftverk, tusenvis av vindmøller og monstermaster tvert gjennom heile Nord-Noreg.
– Olje og gass skal hentast opp overalt der det er mogleg..
– Storbåtane får fiske på fjordane trass i at det motsette er vedtatt.
– Forureinande oppdrettsanlegg skal mangedoblast.
Dette er situasjonen i 2013. Dette er alvorlige trugsmål mot det vi har igjen av natur i nord, og ikkje minst det som det offentlig oppnemnde Samerettsutvalet kalla for "Naturgrunnlaget for samisk kultur".

Kor kjem alle desse trugsmåla frå? Initiativet kjem gjerne frå storkapitalen og deira organisasjonar, som pressar hardt på for å gjøre det enno lettare å få utnytte naturressursane. Men dei som gir løyve og gjennomfører denne politikken, det er vår såkalla raud-grøne regjering. Denne regjeringa har erklært at den norske staten bygger på territoriet til to folk, det norske og det samiske. Ho regjerer på grunnlag at ein grunnlovsparagraf som seier at staten skal legge forholda til rette for at den samiske folkegruppa får utvikle kultur, språk og samfunnsliv. Dei seier vi skal ta vare på naturgrunnlaget og bevare reindrifta. Men praksis er stikk motsett.

I denne situasjonen skulle ein tru dette var sentrale spørsmål i mediadebatten i nord. Heilt fråverande er det ikkje, men det er andre saker som dei siste 10-15 åra har overflauma avisspaltene. Det starta med ein kritikk av Samerettsutvalet, seinare Finnmarkslova, og så blei det utvida til heile grunnlaget for norsk offisiell samepolitikk. Ein reiv ned ILO-konvensjonen, Samelova, osv, osv. Etter kvart gikk ein lenger og lenger, hevda at nordmenn kom først, at fornorskinga var frivillig, samane aldri har vore undertrykt og diskriminert, men at det snarare er nordmenn som er diskriminerte, at sjøsamar ikkje er samar, at eigentlig nesten ingen er samar, at samane ikkje er eit folk osv. Nokre innlegg er nok spontane meiningsytringar av einskildpersonar, men det er ingen tvil om at her er ei bevisst og planlagt kampanje, der dei mest sentrale debattantane er knytt til organisasjonen EDL - "Etnisk og demokratisk likeverd". Det har i mange år knapt gått ein dag utan at finnmarksavisene har innlegg som rakkar ned på alt som er samisk.

Med ein slik straum av påstandar, feilinformasjon og utskjelling er det umogleg å svare på alt. Eg forstår godt at fleire innsendarar dei siste dagane har erklært seg dyktig lei. Underteikna er ein av dei relativt få som har forsøkt å svare dei i avisspaltene. Men det viser seg å ha enno mindre verknad enn å skvette vatn på gåsa. Dei innrømmer aldri ein feil, men svarar med å gå stadig lenger og til personlige åtak på ein kvar motdebattant. Kva har dei så oppnådd med dette? Dei har oppnådd å få merksemda bort frå trugsmåla mot naturgrunnlaget for samisk kultur og busetting idag, med si kampanje for å rive ned grunnlaget for den anerkjenninga som samefolket trass alt har fått av norske styresmakter. Og vi som syns at denne anerkjenninga er på høg tid, og krev at regjeringa skal ta konsekvensane av denne, vi blir ståande som forsvarar av dei prinsippa som styresmaktene har vedtatt, men som dei sjølve ikkje følger opp. Gang etter gang må vi bruke tid og spalteplass på elementære fakta som at samane er urfolk på Nordkalotten, at det har foregått ei tvangsfornorsking, at det er bra å vere tospråklig, at alders tids bruk gir rettsvern, at samane er eit folk i fire land.

Når eg skriv dette er det få dagar igjen til Samefolkets dag. Den dagen treng vi å markere både samar og nordmenn, både for å feire og forsvare det som er oppnådd, der samane i Noreg i alle fall på papiret har oppnådd ein større status enn mange andre urfolk og minoritetar. Vi treng og dagen til å vise dei trugsmåla som står i kø, både frå EDL, FrP og andre samerettsmotstandarar, og frå staten og kapitalen si samordna storsatsing på ran av naturressursane i samiske område.

Svein Lund, Guovdageaidnu


Til hovedsida.