Svein Lund:

Sameflagget til topps

Klokka 16 fredag blei det offisielle samiske flagget heist for første gang. Denne historiske hendinga fant stad i Åre i Jåmtland, få timar etter at vedtaket om flagget var gjort av den 13. nordiske samekonferansen.

ÅRE (Klassekampen) - Tekst og foto: SVEIN LUND

Heile konferansen var samla rundt flaggstanga da leiar for samerådet Lars Anders Bær heisa flagget, og da det var kome opp sang ein Såmisoga Lavlla som frå nå har status som samisk nasjonalsang.

Slik markerte samane sitt høgaste organ at den samiske nasjonen nå krev å bli anerkjent på linje med dei andre nasjonane i Norden. «Vi samer er ett folk, og rikenes grenser skal ikke bryte vårt fellesskap». Slik opnar det samepolitiske programmet som blei vedtatt. Programmet slår fast at samane etter internasjonal folkerett er eit folk som skal ha full sjølvråderett i Sameland. Men ingen av dei statane der samane bur er villige å anerkjenne samane som eit folk etter folkeretten.

Nordisk Samekonferanse møtas tredje kvart år, vekselvis på finsk, svensk og norsk side. Det er 20 delegatar frå kvart av landa, og dei velger da Nordisk Sameråd. Delegatane kjem frå norsk side frå NSR (Norske Samers Riksforbund) og NRL,(Norske Reindriftssamers Landsforbund). Frå svensk side SSR (Svenska Samemas Riksforbund) og Same Åtnam, mens frå finsk side møter det finske sameparlamentet.

Sovjet-samane mangla

Til kvar samekonferanse blir og samane i Sovjet, innbode. Men dei aller fleste gangane har dei blitt nekta å dra. Så og i år. I praksis er samane i den austlige delen av Sapmi forhindra frå å ta del i det samiske samarbeidet.

Mellom samane i Norge, Finland og Sverige har det derimot blitt utvikla elt stadig tettare samarbeid, som mellom anna kjem til uttrykk i felles samisk ungdomsorganisasjon og idrettsforbund. Fleire yrkesgrupper har og oppretta felles-samiske organisasjonar dei siste åra, slik som kunstnarar, forfattarar, musikarar, helsearbeidarar og lærarar.

Indianske gjester

Gjennom Norsk Sameråd er samane med i urbefolkningsorganisasjonen WCIP, og representantar for indianarane i Sør- og Mellom-Amerika var tilstades på konferansen. WCIP har siste tida vore prega av store problem, både dårlig økonomi og store politiske motsetningar, bl.a. i synet på Nicaragua. I hilsingstala si tok Crispolo Ricarts frå Panama til orde for at verdsorganisasjonen må få ny leiing.

Turisme, barn og Tsjernobyl

Det var stor spreiing på emnene samekonferansen tok opp, frå brennande dagsaktuelle problem som Tsjernobyl, til prinsipp som blei nedfelt i nytt samepolitisk program, utanrikspolitisk program og miljøprogram. Oppvekstvilkår for samebarn var og diskutert.Turismen i Sameland på godt og vondt blei her for første gang tatt opp på nordisk basis. Samane vil ikkje lenger bare vere turistattraksjon, mens andre tjener seg rike på turisttrafikken til Sameland. Men korleis ein skal gjøre for å få kontroll over turismen, det var det ingen som kunne gi noko godt svar på. Så denne diskusjonen vil nok fortsette.

Klassekampen kjem tilbake med meir stoff trå samekonferansen.


Til startsida

sveilund@online.no