Innlegg i Finnmark Dagblad, september 1996

Når "sameaktivist" blir eit skjellsord

"Sameaktivistene" er "en gruppe som ikke føler hverken ansvar eller forpliktelser for landet de lever i eller for det flerkulturelle samfunnet vårt." For dei er det "en selvfølge" å brenne det norske flagget og dei er en alvorlig trussel mot det norske demokratiet og heile det norske samfunnet. Dette kan vi lese i Finnmark Dagblad fredag 30.8.1996, i eit innlegg av Bjørn Hansen, Karasjok.

Hansen meiner sameaktivistane er så farlige at han tar til orde for at dei ikkje må få "fare fritt fram" og at det er farlig med slike folk i "betrodde stillinger", med andre ord er han svært nær å kreve både sensur og yrkesforbod.

I likheit med Hansen er underteikna innvandrar i det samiske samfunnet. Nokon skal til og med ha kalla oss inntrengarar, noko som har fått Hansen til å bli svært så fornærma. Om vi ser på busettingshistoria på Nordkalotten gjennom fleire hundre år må vi spørre om ikkje nokre av dei mange norsktalande som har kome (samt dansk, svensk, finsk og russisktalande) nettopp har vore inntrengarar. Sjølv om nokre av oss som lever her i dag har same morsmål som dei, må vi ikkje bli redd for å sjå ka som skjedde før vår tid. Hansen avsluttar med å seie at fortida kan vi ikkje gjøre noko med, bare framtida. Eg vil heller seie som diktaren: "Vegen fram går først tilbake." Vi kan gjøre noko med fortida; sette oss inn i ho, avsløre kordan ho har blitt forvrengt og gjøre ho kjent for dei som lever i notida. Først da kan vi få eit grunnlag å forme framtida på.

Å seie at alle "norsktalende er inntrengere" er mildt sagt tøv. Men kem har no egentlig sagt det? Som alle andre påstandar frå Hansen står denne og utan dokumentasjon eller tilvising til kor han har det frå. (Det er ein kjent debatteknikk å tilskrive ein motstandar meiningar han ikkje har, for så å polemisere mot desse.) Ein svært stor del av dei norsktalande i dag er forøvrig folk av samisk og/eller kvensk avstamning som pga. fornorskingspolitikken har blitt fornorska i større eller mindre grad.

Kem er forresten dei "norsktalende"? Er det dei som
1. kan snakke norsk?
2. har norsk som morsmål?
3. ikkje kan snakke samisk?
Etter første definisjonen er det kanskje 98% norsktalande i Indre Finnmark. Etter den andre er det vel 20-25% Etter den tredje vil eg tru det ikkje er meir enn omlag 10%. Det er (nokre av) denne siste gruppa som brukar å snakke om at dei er diskriminert og at samfunnet verken er fleirkulturelt eller tospråklig om ikkje dei blir tatt omsyn til slik at alle utelukkande snakkar og skriv norsk om ein slik einspråklig nordmann skulle komme innafor syns- eller hørevidde.

Eg er som sagt verken sameaktivist eller same. Korfor reagerer eg da så sterkt på Hansen sine angrep på sameaktivistane? Bl.a. fordi eg har flytta hit frivillig og ønsker å bli buande her. Eg ønsker at eg og andre nordmenn / dážat / innvandrarar / "inntrengere" skal ha ein sjanse til å bu her og delta aktivt i lokalsamfunnet. Men skal vi kunne det må vi vise respekt for det samfunnet vi har flytta til.

Eg har nokre få gonger opplevd "anti-norske" haldningar frå samar. Men dette har vore frå eit svært lite mindretal, også innafor det som kan kallas sameaktivistar. At nokre utviklar slike haldningar er forøvrig ikkje rart ut i frå det dei har opplevd frå storsamfunnet, haldningar som Bjørn Hansen viser dessverre er fullt levande den dag i dag. Den største trusselen mot ein fleirkulturell og fredelig sameksistens kjem i dag heller frå nordmenn som ikkje vil anerkjenne at dei bur i eit område der den samiske kulturen og språket har vore og tildels framleis er dominerande og at det er dette som tradisjonelt er den lokale kulturen. Eit fleirkulturelt samfunn må bygge på likestilling og gjensidig kjennskap til kvarandre sin kultur og språk. Sjølv i dei mest samiske kommunane er det framleis slik at det er atskillig lettare å greie seg f.eks. i butikkar og kontor utan samisk-kunnskapar enn utan norsk-kunnskapar.

Men på eitt område er vi norsktalande diskriminert: Ein innvandrar til Noreg har rett til 500 timars norsk-kurs. Korfor har ikkje vi norsktalande innvandrarar i Sápmi rett til 500 timars samiskkurs? Og korfor har ikkje norsktalande ungar rett til eit tilbod i barnehage og skole slik at dei lærer samisk like godt som dei samisktalande lærer norsk?

Svein Lund, Guovdageaidnu (norsk nordmann frå Noreg)

 ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no