Som anna epokegjørande historieforsking bør også denne bygge på solide bevis. La oss derfor sjå kva dei har å fare med. Den første veka i august hadde Jarl Hellesvik frå EDL sitt "fagråd" og seinare EDL-leiar Lars Hapalahti innlegg om dette i fleire aviser. Begge bygger dei påstanden om at samar ikkje blei diskriminerte i skolen på eigne erfaringar som norsktalande elev på skole med samisktalande barn. Hapalahti skriv: "På skolen hadde vi samiske barn i flere klasser, og jeg må medgi, med handa på hjertet, at jeg aldri opplevde noen form for diskriminering pga etnisitet."
På grunnlaget at han ikkje sjølv har opplevd eller sett diskriminering tillater han seg så å reagere med "hakeslepp, forundring og senere forbannelse og sinne" over å få "høre fra sameaktivistenes side at de er blitt diskriminert og hundset med under de seneste «fornorskningsprosessene»."
Forteljingane om fornorskinga har ifølge Hapalahti ingen rot i virkeligheita, men er "i våre øyne oppkonstruert og selektiv historiefortelling for å oppnå mest mulig gunst hos sentrale myndigheter."
Hapalahti slår dermed fast at alle samar (og kvenar?) som fortel om fornorsking og undertrykking i skolen har funne på dette som ledd i ei samansverjing med sikte på å lure godtruande styresmakter.
Underteikna har vore med å samle inn forteljingar og dokument som belyser skolepolitikken overfor samar i Noreg. Dei viser at situasjonen har vore ganske forskjellig på forskjellige skolar og under forskjellige lærarar. Nokre fortel at dei har blitt straffa for å snakke samisk, andre seier det ikkje skjedde på deira skole. Eg skal ikkje påstå at nettopp dette skjedde på skolane Hapalahti og Hellesvik gikk på akkurat i den tida dei gikk der. La oss no gå ut frå at dei har rett i observasjonane sine, men gir det dei grunnlag for å avvise at det aldri skjedde og stemple alle som seier dei har opplevd slikt som løgnarar? Og eit lite spørsmål til begge to: Kva språk fikk dei samisktalande elevane ved skolane dykkar undervisninga og lærebøkene sine på? Fikk dei det på eige morsmål slik som dei norsktalande fikk?
EDL gir seg ut for å bygge politikken sin på fakta, dei har til og med eit fagråd med ein pensjonert professor for å styrke den faglige truverdigheita. Men dei fornektar så godt som all forsking som er gjort på forholdet mellom folkegruppene i Nord-Noreg, dei fornektar dei erfaringane samar har gjort i skolen og dei fornektar til og med det tidligare forkjemparar for fornorskingspolitikken har uttalt.
Det har ikkje vore noko diskriminering av samiske elevar, hevdar Hapalahti. Eg vil da be han svare på to enkle spørsmål:
1.Når skolen møter elevane på eit språk dei ikkje forstår noko av, er ikkje det diskriminering?
2.Kva behandling skulle samiske elevar ha fått for at EDL ville kalt det diskriminering?
Svein Lund